- Klasseromma blir stadig meir teknologitette
Framtidas lærarutdanning krev høg kompetanse på digitale hjelpemiddel i undervisninga. 6. og 7. november arrangerte UiA og Utdanningsdirektoratet nettverkssamling for lærarutdanningar, for å sette søkjelyset på digital kompetanse.
Av Magnus Nødland Skogedal
- Vi vektlegg didaktisk bruk av digitale hjelpemiddel, å kunne bruke dei digitale verktøya saman med elevane. Målet er at studentar og elevar skal ha et større læringsutbytte, så det handlar både om kva du bør bruka, og kva du ikkje bør bruka, seier Arne Breistein, seniorrådgjevar ved avdeling for lærarutdanning ved UiA.
Han er ein av medarrangørane av nettverkssamlinga for profesjonsfagleg digital kompetanse i lærarutdanninga, som er det fulle namnet til arrangementet. Over 80 deltakara frå dei fleste lærarutdanningsinstitusjonane i Noreg var med.
Relevante tema
- For Utdanningsdirektoratet er det viktig å arrangera desse samlingane saman med læringsinstitusjonar som UiA, og saman med lærarar. Dei tema som tas opp må være relevante, for at alle skal få mest mogleg ut av det, seier Ann-Therese Arstorp frå Utdanningsdirektoratet.
På programmet var fleire foredrag om digitalisering, framtidas lærarutdanning, ny teknologi i skolen og presentasjon av forskjellige prosjekt. Eitt av prosjekta, ProDiG, tilhøyrar UiA og arbeidar med å utvikle grunnskolelærarutdanningar som gjer studentane den digitale kompetansen som både lærarplanen og skolen forventar.
Tilsett grunnskolelærarar
ProDiG samarbeid med fleire institutt på UiA, og Vennesla og Kristiansand kommune. Målet er å utvikle felles kompetanse. For å få til dette har dei tilsett ni grunnskolelærarar. Lærarane underviser i forskjellige fag, og bidreg med sin erfaring frå undervisninga.
- Lærarutdanninga skjer ikkje i ei akademisk boble, men utviklast saman med våre omgivnader. Klasseromma blir stadig meir teknologitette, og dette gjer noko med oss og elevane, sa prosjektleiar Johan Kristian Andreasen ved ProDiG.
Nettverkssamlinga er den sjette i rekka, og Breistein håper deltakarane får stor nytte av arrangementet.
- Eg håpar folk sit igjen med gode innspel dei kan ta med seg tilbake dit dei arbeidar, og at dei bler inspirerte til videre samarbeid om digital kompetanse i lærarutdanningane, seier han.