Kva alle politikarar og andre som tek avgjerder om barn bør vite
Avgjerder som gjeld omsorg for barn krev grunnleggjande kunnskap både om kva som påverkar barns utvikling, og om kva for menneskelege og samfunnsmessige konsekvensar oppveksten vi tilbyr barna har.
Dei fleste barn i Norge har det bra. Truleg har ingen generasjon barn hatt så kunnskapsrike og engasjerte foreldre som dei som veks opp i dag. Likevel, barn opplever også i dag skadelege belastningar i heim, skule eller på andre arenaer.
Eg har kjent mange: Mobbeofferet Aslak fall ut av skulen som 16-åring. Først no, 6 år etter, tek han sine første nølande steg ut i arbeidslivet. Eva, 25 år, vart utsett for seksuelle overgrep av faren sine drikkekompisar då ho var lita. Etter mange år med rusproblem fullfører ho no vidaregåande skule.
Omtrent kvart tiande barn i blir utsett for mobbing. Like mange vil oppleve fysisk vald eller bli vitne til vald i heimen. 22 prosent av jentene og 8 prosent av gutane vil i løpet av oppveksten ha opplevd seksuelle overgrep. Noen blir utsett for fleire belastningar samtidig. Dette medfører både menneskeleg liding og store samfunnsøkonomiske konsekvensar.
Kva for føresetnader bør avgjerder om barn bygge på? Her er sju slike formulert av ei internasjonal gruppe forskarar:
1. Barns velferd og utvikling dannar grunnlaget for utvikling av bærekraftige og produktive samfunn
Barn som veks opp i trygge og stimulerande omgjevnader blir, som vaksne, som regel også produktive bidragsytarar til det samfunnet dei er ein del av.
Barn som veks opp med omsorgsvikt, overgrep og mobbing har ein stor auka risiko for psykisk og fysisk sjukdom, rus og kriminalitet, og varig utanforskap når det gjeld utdanning og arbeid.
2. Hjernen sin arkitektur blir til gjennom ein kontinuerleg prosess som begynner før fødsel og held fram inn i vaksen alder
Barnehjernen utviklar seg i samspel med miljøet til barnet. Frå dei første stimuli i mors liv og gjennom heile oppveksten skjer dei ein kontinuerleg utvikling kjenneteikna ved to motsette prosessar, vekst og tynning.
Det skjer vekst i hjernestrukturar som blir stimulert, og tynning i strukturar som ikkje blir det. Dette får utviklingsmessige konsekvensar.
For eksempel vil barn som ikkje får omsorgsmessige støtte til å regulere seg tidleg i livet ofte vanskar med å regulere eigne følelsar seinare i livet.
3. Hjernen er bygd opp hierarkisk og dannar slik enten eit solid eller eit skjørt grunnlag for alt som kjem etterpå
Store påkjenningar i barneåra medfører gjerne vekst i «feil» område. Grunnleggjande strukturar som styrer aggresjon og flukt kan bli forsterka, medan område som kontrollerer følelsesregulering ikkje blir det.
Psykisk stress over lang tid, med påfølgjande auka konsentrasjon av stresshormon i blodet har ein nedbrytande effekt på dei område i hjernen som er viktige nettopp for regulering av følelsar og åtferd.
4. Samspel mellom genar og erfaring formar hjernens nettverk. Små barn inviterer vaksne til å engasjere seg, men er avhengig av at dei vaksne kjem dei i møte
Barn er frå første stund aktørar i samspel med andre, men dei er heilt avhengige av at dei vaksne evnar å komme dei i møte på gode måtar. Dei engasjerer oss til samspel med lydar, rørsler og blikk og kva dei viser interesse for. Dette er dei genetisk programert til.
Men små barn treng vaksne som let seg engasjere, som møter behova deira for hjelp og støtte; dei første levemånadene hjelp til å regulere kjensler, men etter kvart også støtte til å utforske omgjevnadene sine på ein tillitsfull måte.
5. Den kognitive, emosjonelle og sosiale kapasiteten er uløyseleg vove saman. Det same er fysisk og psykiske helse
Vaksne som møter barna på behova deira, gjer barn trygge. Trygge barn har oftast gode sosiale ferdigheter. Dei kan regulere følelsar og åtferd og er nysgjerrige og interesserte i andre. Dei får lettare vener, blir lettare likt av vaksne og har betre føresetnader for læring.
Redde og fortvila barn har både redusert sosial kapasitet og redusert kapasitet til læring. Dei tyr lettare til middel for å regulere seg som er skadeleg både for den psykiske og fysiske helsa, som for eksempel rus.
6. Eit handterleg stressnivå er normalt og utviklingsfremmande. «Toksisk» (giftig) stress kan skade hjernens utvikling og føre til lærevanskar, åtferdsvanskar og auke risikoen for både fysisk og psykisk sjukdom
Ingen går gjennom livet utan stress og ubehag. Dette er heller ikkje noko mål. Evnen til å handtere stress er viktig for å møte utfordringar i livet. Toksisk (giftig) stress derimot er stress som held fram, skaper eit varig høgt nivå av stresshormon i blodet og skadar utviklinga av hjernen.
Typiske konsekvensar av dette er uro og konsentrasjonsvanskar. Dette hemmar læring og sosial tilpassing, og aukar risikoen for fysisk og psykisk sjukdom.
7. Hjernen blir mindre formbar over tid. Derfor minkar evna til endre åtferd. Å gjere «det riktige» tidleg blir såleis både betre og billigare
Å gjera det riktige tidleg inneber å rette merksemda mot omsorga for dei yngste barna. Dette fordi barnehjernen blir mindre formbar
ettersom barn blir eldre. Dette betyr ikkje at større barn eller ungdom ikkje kan hjelpast, men at det skal meir ressursar til. Omsorg for barn skjer ikke i eit vakuum.
Mange faktorar påverkar foreldre sine føresetnader for å utøve god omsorg – slik som sosial støtte, økonomi og eigne livserfaringar.
Dessverre er det også slik at dei som dei som har opplevd mangel på tryggleik tidleg i livet har auka risiko for å vidareføre utryggleiken til eigne barn. Derfor inneber dette også eit fleirgenerasjonsperspektiv.
Innsatsen vi gjer i dag er ei investering i framtidige generasjonar.