Ungdata 2018: Norske ungdomar er meir involvert i problemåtferd og trua på framtida har blitt svekka, viser årets nasjonale tal.

Artikkelen er hentet fra Viten + Praksis. 

Dei siste 10–15 åra har Ungdata og annan ungdomsforsking vist oss ungdomar som stadig har blitt meir veltilpassa og skikkelege. No trur forskarane at trenden har snudd.

Den nasjonale rapporten frå 2018 blir lansert på Arendalsveka av Anders Bakken, leiar av Ungdatasenteret ved NOVA på OsloMet.

Mindre tru på framtida

Det er fleire funn i årets rapport som i sum ber bod om eit meir negativt syn på eiga framtid.

Færre ungdomar trur dei kjem til å leve eit godt og lukkeleg liv
NOVA-forskar Anders Bakken

Også på nokre andre område ser vi at ungdomane er mindre optimistiske med tanke på framtida, mellom anna finn forskarane ein nedgang i talet på unge som trur dei kjem til å leve eit godt og lukkeleg liv.

– På eitt område er endringane nokså store, fortel Bakken. – På berre nokre få år har talet ungdomsskuleelevar som trur at dei aldri vil bli arbeidslause, blitt redusert med nesten ti prosentpoeng. Også blant elevar på vidaregåande ser vi ein nedgang.

Kjelde: Ungdata 2018

Meir problematisk åtferd

Dei siste 10–15 åra har vi sett ein nedgang i ungdomskriminalitet, vald og rusmiddelbruk. 2018-tala kan tyde på at det har vore eit brot i denne utviklinga.

Undersøkingane frå dei to siste åra viser no ei auke i talet gutar som naskar i butikkar, som driv med hærverk eller som driv med andre formar for regelbrot. Blant jentene er det mindre endringar.

Forskarane finn også ei utflating av trenden når det gjeld bruk av tobakk, alkohol og valdsbruk.

Samanlikna med ungdom i andre land, ligg bruken av cannabisprodukt som hasj og marihuana nokså lågt i Noreg, men bruken har auka dei siste 2–3 åra. Medan 13 prosent av gutane på vidaregåande hadde brukt cannabis i 2015, fortalte 16 prosent om det same i 2017. Talet på ungdom som har fått tilbod om cannabis, har òg auka, både på ungdomstrinnet og vidaregåande.

– Tala tyder på at det er i ferd med å skje nokre endringar i ungdomskulturane, seier Bakken. Kva dette skuldast, er vanskeleg å seie ut frå tala, men det er urovekkjande at denne trenden skjer samstundes med at stadig fleire rapporterer om psykiske helseplagar. Årets tal viser at omfanget av psykiske plagar ikkje lenger berre aukar blant jentene, men også blant gutane.

Framleis ein veltilpassa ungdomsgenerasjon

– Sjølv om vi ser ein negativ utvikling på fleire område, så må vi huske at dette stort sett er mindre endringar, eller ei utflating av ei positiv utvikling, understrekar Bakken.

Vi har framleis en veltilpassa, aktiv og heimekjær ungdomsgenerasjon. Dei aller fleste ungdomane trivst og er godt nøgde med foreldra sine, med venane sine, med skulen dei går på, og med lokalmiljøet der dei bur. Dei fleste har ein aktiv fritid der sosiale medium, dataspel, trening, organiserte fritidsaktivitetar, skulearbeid og samvær med venar pregar kvardagen.

Så sjølv om vi ser nokre endringar i retning av auka kriminalitet, vald og cannabisbruk, er fortsatt dagens unge truleg ein god del skikkelegare og på mange måtar endå meir veltilpassa enn mange tidlegare ungdomsgenerasjonar.

– Om brotet med og utflatinga av den positive utviklinga som har vore på desse områda, er ein varig trend, vil vi berre kunne sjå i framtidige undersøkingar, avsluttar Bakken.

Les meir om resultata av undersøkinga og last ned rapporten:

Ungdata 2018 Nasjonale resultater
NOVA Rapport 8/18
Anders Bakken

Rapporten føreligg inntil vidare berre i digitalt format.

For meir informasjon kontakt Anders Bakken, anders.bakken@oslomet.no

Les meir om Ungdata og finn tal frå ditt fylke eller din kommune på www.ungdata.no