24 millionar kroner til fysisk aktiv læring i skulen
Hausten 2018 blei Senter for fysisk aktiv læring (SEFAL) det ellevte forskingssenteret på HVL. Senteret ønsker å gje elevar over heile landet meir variert og praktisk læring.
Skrevet av Elise Adeleine Løvereide
Dei ti tilsette (i ulik stillingsbrøk) ved det nye senteret har hatt hektiske dagar sidan SEFAL starta opp. Senteret har tilsette både i Sogndal og i Bergen, og vil saman med skular frå Norge arbeide for å utvikle fysisk aktiv læring, som lærarar kan nytte som undervisningsmetode i skulen.
Det heile starta med at senterleiaren, professor Geir Kåre Resaland, søkte Gjensidige-stiftinga om støtte i desember 2017.
- På det tidspunktet hadde vi allereie fått finansiering til enkelte forprosjekt frå Norges forskningsråd og Gjensidige-stiftinga. Etter fleire år med samarbeid søkte vi om finansiering til eit utviklings- og forskingssenter. Dermed fekk vi 24 millionar kroner for dei neste tre åra, fortel Resaland.
Praksisnær opplæring
SEFAL er allereie i gong med å samarbeide med 10 skular i Nordland og i Telemark. Dei etterlyser også fleire kommunar å samarbeide med dei neste skuleåra.
- Det som er viktig for oss er å utvikle kompetanse, metode og verktøy. Lærarane skal få ei praksisnær opplæring. Vi jobbar i likeverdige partnarskap med skulane, der målet er å utvikle fysisk aktiv læring som ein kvalitetssikra undervisningsmetode i alle fag.
Denne våren får lærarar i Nordland og Telemark moglegheita til å ta 15 høgskulegodkjente studiepoeng i fysisk aktiv læring. Til hausten er 20 nye skular og 200 lærarar involvert. Det er rektor ved skulane som vel ut kva slags lærarar som får ta kurset.
I tillegg til styrka kompetanse får skulane som samarbeidar med senteret nytt, kvalitetssikra utstyr dei kan nytte i den aktive undervisninga. Dette kan vere kjegler med tal, erteposer med bokstavar, eller terningar med ord.
- Det er viktig at vi i akademia jobbar tettare på praksisfeltet. Lærarar sjølve etterlyser kompetanse på feltet, og det er derfor eit behov for slike vidareutdanningar som SEFAL gir. Lærarane må få lov til å få den kunnskapen, meiner Resaland.
- Stillesitting i skulen viktig årsak
Vidareutdanninga frå SEFAL er stort sett nettbasert, og senteret har hatt webinar kvar månad med samarbeidande skular. Resaland fortel at mange skular tar kontakt og er interesserte i å lære meir om fysisk aktivitet i skulen. Dette meiner han heng saman med auka merksemd på stillesitting i skulen og på dei potensielle positive effektane av fysisk aktivitet.
- Dei tre viktigaste momenta i SEFAL sitt arbeid er kompetanseheving, FAL-ustyr og ASK-databasen. Askbasen.no er ein gratis nettportal med cirka 140 døme på FAL-opplegg. Opplæringa er kollegabasert, det inneber at lærarane arbeidar med og utviklar opplegget i lag. Vi lærer også mykje av dei, så dette er eit profesjonelt og likeverdig samarbeid.
Ny stipendiat
SEFAL-senteret, som ligg under FLKI, ønsker å arbeide både nasjonalt og internasjonalt. Senteret har vore på synfaring ved ei rekke med skular i Noreg som jobbar med fysisk aktiv læring. I tillegg har tilsette frå SEFAL besøkt skular og forskingsmiljø i Finland, England og i USA.
To av dei tilsette ved Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet er involvert i SEFAL-senteret på deltid. 1. februar går det dessutan inn ein ny stipendiat i senteret.