Vil gi lærarar kompetanse i å arbeide med livsmeistring
Solrun Samnøy, høgskulelektor og stipendiat, har utvikla kompetansehevingstiltaket «KLAPP – opplæring av lærarar om positiv psykisk helse».
Programmet skal gjere lærarar tryggare på ansvaret sitt for å skape eit godt psykososialt læringsmiljø, og slik støtte elevane si utvikling av god psykisk helse. No skriv ho også doktoravhandling om dette temaet.
− Då eg sjølv jobba som lærar i grunnskulen, sakna eg eit språk for det som handla om alle dei gongane eg følte at eg ikkje strakk til eller følte meg mislukka som lærar. Gjennom KLAPP ønskjer vi å gi lærarane kompetanse i betre å forstå og handtere dei vanskelege følelsane, både sine eigne og elevane sine.
Lokal forankring
Solrun Samnøy blei tilsett ved den gong Høgskulen i Sogn og Fjordane i 2015, og året etter starta ho på ei idéskisse til KLAPP i samarbeid med Hemil-senteret ved UiB og Sogn Regionråd.
Det tette samarbeidet mellom lærarutdanninga i Sogndal, skulane i Sogn og Sogn regionråd, med skuleutvikling og kunnskapsutvikling i fokus, var ein viktig føresetnad for å få til prosjektet.
Gi plass til det vanskelege
I doktorgradsarbeidet sitt ser Samnøy særleg på lærarrolla og læraren si oppleving av denne rolla.
– Eg ser at lærarane er underernærte på å sette ord på vanskelege situasjonar i arbeidskvardagen sin. KLAPP gir dei reiskap til å reflektere over kva som gjorde at ein vanskeleg situasjon oppstod, og introduserer alternative måtar å respondere på.
– Lærarane som har deltatt i KLAPP gir uttrykk for at det er nyttig å få omgrep som gjer at dei forstår meir av kvifor både elevar og dei sjølv reagerer slik dei gjer i ulike situasjonar. Tradisjonelt har det vore slik at både lærarar og foreldre skal stoppe eleven sine negative følelsar. Her har ein fokus på å hjelpe eleven til å handtere både gode og vanskelege følelsar, og få eleven til å skjøne kvifor han eller ho reagerer slik dei gjer.
Samnøy er opptatt av å gi plass og anerkjenning til det som er vanskeleg.
– Det er greit å bli frustrert og sint, men ved å jobbe med å forstå kvifor ein får desse følelsane, hjelper ein både lærar og elev til å tåle livet og seg sjølv.
Vil etablere omgrepet psykisk helsefremjing
– Når ein snakkar om psykisk helse i skulen, tenker mange automatisk på psykiske problem og vanskar. Vi ønskjer å få etablert omgrepet psykisk helsefremjing, og snakke om positiv psykisk helse. Psykisk helse handlar ikkje om dei elevane som slit, men om alle. På same måte som ein snakkar om fysisk fostring, ønskjer KLAPP å snakke om psykisk fostring.
Samnøy seier at det dei jobbar med i KLAPP blir ekstra relevant framover, fordi omgrepet livsmeistring er kome inn i den nye overordna delen i læreplanen i grunnskulen.
– KLAPP kan hjelpe lærarane til ikkje berre å snakke om livsmeistring, men også til å vere rollemodell, og sjølv vise korleis ein kan møte vanskelege situasjonar. Det handlar om å forstå meir om dei grunnleggjande psykologiske behova som alle har, enten ein er lærar eller elev.
Frå lærar til lærar
KLAPP-opplæringa blir gitt av lærarar som har blitt kursa i programmet. Opplæringa føregår over eit skuleår, og heile personalet deltar i opplæringa, med jamlege samlingar og teamarbeid mellom kvar samling.
– Tilbakemeldingane er gode, og lærarane seier at dei får arbeidsmodellar som gjer at dei handterer vanskelege situasjonar på ein mykje betre måte enn før. Dette gir meg inspirasjon til å fortsette med programmet, seier Samnøy.
Skuledagen blir betre for alle
Ein av årets kurshaldarar er Knut Hauge, inspektør ved Kvåle skule i Sogndal.
– KLAPP er med på å gi lærarane eit kompetanseløft, og gjer dei betre rusta til å takle kvardagen. I ein hektisk skuledag med mykje press og stress for den enkelte elev, treng dei lærarar som har innsikt, forståing og kunnskap om psykisk helse. Skuletrivsel er avgjerande for at elevane skal prestere, og KLAPP bidrar til at skuledagen blir betre for alle i skulen, seier Hauge.
Fakta om KLAPP
- KLAPP har sidan 2016 mottatt årleg støtte frå Helsedirektoratet sitt program «Psykisk helse i skulen» på til saman 2 millionar kr. Midlane finansierer opplæring av kurshaldarar, utvikling av kursmateriell og ei nettside for skulane som deltar.
- Fram til no har det vore skular i Sogn som har fått tilbod om KLAPP. Dette skuleåret blir tilbodet utvida til nokre skular i Bergensområdet.
- Lærarar kan søke om å bli kurshaldarar, og blir då frikjøpt i 20 % av stillinga si. Når dei har fått opplæring, held dei kurs ved eigen eller annan skule.
- KLAPP er i ferd med å bli integrert i DeKomp (desentralisert ordning for kompetanseutvikling i skulen) som HVL er nasjonal koordinator for.