Elevar med høg fagleg sjølvtillit og som opplever at faget bidreg til deires samfunnsdeltaking er dei som legg mest innsats i samfunnsfag, syner ein ny studie. Korleis kan læraren stimulere elevane sitt engasjement for faget?

Artikkelen er hentet fra UiO.no

Samfunnsfag skal både bidra til elevane sin kunnskap, og samtidig inspirere elevane til å engasjere seg i samfunnet. Forskarane framhevar at det er viktig at læraren støttar opp under den faglege sjølvtilliten til elevane og deira tru på eiga meistring for at elevane skal jobbe med faget.

Elevane treng faglege mål

Fordi fagleg sjølvtillit kan ha tyding for innsats i faget, kan elevar og lærarar samarbeide om å jobbe mot konkrete faglege mål, til dømes knytt til det å utvikle skriftleg argumentasjon:

– Elevar og læraren kan saman utvikle eit klassemiljø som er støttande og positivt og der elevane oppfattar at fagleg innsats har verdi.

– Her kan læraren bidra med mykje, seier Nora Elise Hesby Mathé, førsteamanuensis ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking (ILS).

Saman med professor Eyvind Elstad, som også er tilsett ved ILS, har ho undersøkt elevane sine eigne oppfatningar av det obligatoriske vidaregåande-faget samfunnsfag. Spørsmåla elevane skulle svare på, handla om korleis dei oppfatta faget og undervisninga og deira eige forhold til og arbeid med faget.

Nora E. H. Mathé er førsteamanuensis ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking (foto: Shane Colvin/UiO).

Engasjementet og innsatsen til elevane spelar ofte inn på deira faglege prestasjonar. Det blir da viktig å vite kva som skal til for å støtte elevane sin innsats.

Fagleg sjølvtillit heng saman med elevinnsats

Eit fleirtal av elevane svara at dei i ganske eller svært stor grad er samde i at dei gjer sitt beste i arbeidet med samfunnsfag. I kor stor grad elevane opplevde meistring i faget var det som hang sterkast saman med elevinnsatsen:

– Det handlar mellom anna om deira eiga oppfatning av kor godt dei forstår samfunnsfaglege omgrep og fagstoff og kor flinke dei er til å skrive samfunnsfaglege tekstar, fortel Elstad.

Meistring kan gjere at elevane bruker meir tid på faget og dermed opplever dei at dei meistrar faget enno betre. Det er difor ei utfordring for lærarar korleis dei skal motivera elever som til å byrje med ikkje opplever ei slik meistring.

Samfunnsførebuing

Ein annan faktor som hang saman med kor mykje innsats elevane legg i samfunnsfag handlar om dei ser på faget som viktig for å forstå, bli nysgjerrig på og engasjere seg i verda rundt seg.

– Det er dette me har kalla faget sitt samfunnsførebuande bidrag, fortel Mathé.

Kva kan læraren gjere?

Mathé og Elstad påpeiker at elevane si oppfatning av bidraget til faget og den faglege sjølvtilliten er noko læraren kan ha påverknad på i undervisinga.

– Læraren kan synleggjere relevansen til faget for elevane, ikkje berre i framtida som vaksne veljarar, men også her og no som unge medborgarar, fortel Mathé.

Det at elevane opplever at faget er relevant for livet deira kan nettopp bidra til deira innsats i samfunnsfag. Korleis kan læraren bidra til dette?

– Læraren kan inkludere elevane i det å utforske samanhengar mellom livet til elevane og sosiale og politiske strukturar. Og dette seier jo mykje om rolla til samfunnsfaglæraren når det gjeld møte mellom elevane og fagstoffet og dei mange moglegheitene som ligg i desse møta, poengterer forskarane.

Dei poengterar at læraren i tillegg kan synleggjere og byggje på erfaringane til elevane og deira interesser og spørsmål i arbeidet med samfunnsfaglege tema.

Viktig for rettleiing

Kva slags haldning elevane har til faget og korleis dei arbeider med det er difor relevant. Og det er av den grunn viktig å vite kva som skal til for å støtte elevanes innsats. Jo meir vi veit kva det er som motiverer, inspirerer og utfordrar elevane til å engasjera seg i faget, jo meir kan vi byggje på denne kunnskapen for å bidra til å rettleie elevane:

– Vi har ikkje mykje forsking om innsatsen elevane legg ned i samfunnsfag.

Noko av det som har vore viktig for oss i denne studien er å fokusere på elevane sine eigne oppfatningar av samfunnsfag, fortel Mathé.

Denne kunnskapen er verdfull både for forskarar, praktiserande samfunnsfaglærarar og for dei som utdannar lærarar, avsluttar ho.

Litteraturhenvisninger

Mathé, N. E. H. & Elstad, E. (2020): Exploring students’ effort in social studies. Nordidactica: Journal of Humanities and Social Science Education.