Første halvdelen av 1900-talet var ein periode med veldige krigar, sosial uro og framvokster av antidemokratiske ideologiar som fascisme, nazisme og kommunisme. – I mellomkrigstida tok mange kvinnelege lærarar initiativ til å lære norske elevar om fred. Søstrene Helga og Aasta Stene var sentrale i dette arbeidet og i kampen mot nazismen, seier førstelektor Elisabeth Teige ved Institutt for planlegging, administrasjon og samfunnsfag.

Tekst: Per Arne Brandal

Brutaliteten i den første verdskrigen gjorde eit veldig inntrykk på samtida. Under og etter krigen vart det skipa mange internasjonale nettverk som hadde som mål at noko slikt aldri måtte skje igjen.

Folkeforbundet vart skipa i 1919 for å fremje militær avspenning og nedrusting. Målsetjinga var å unngå ein ny verdskrig av typen som nett hadde vore.

Internasjonal Kvinneliga for Fred og Fridom (IKFF), Women’s International League for Peace and Freedom (WILPF), ein freds- og menneskerettsorganisasjon, vart skipa på eit internasjonalt kvinnemøte i Haag i 1915 med det føremålet å få stogga den fyrste verdskrigen og arbeide for ein rettferdig fred bygd på demokratiske prinsipp.

Norsk seksjon av Internasjonal Kvinneliga for Fred og Frihet

I Noreg vart det skipa ei nasjonal gruppe i 1915, Norsk seksjon av Internasjonal Kvinneliga for Fred og Frihet (IKFF), som har som føremål å samle norske kvinner med ulike politiske og ideologiske meiningar i arbeidet med å opplyse om og skaffe av vegen dei politiske, økonomiske og psykologiske tilhøva som kan vere årsaka til krig, og arbeide for ein konstruktiv fred i eit økologisk berekraftig samfunn. Hovudmåla var såleis å hindre krig, å få erstatta vald med ikkjevald i alle konfliktar.

Førstelektor Elisabeth Teige ved Institutt for planlegging, administrasjon og samfunnsfag har studert Kvinnelege lærarar sin innsats for læring om fred i mellomkrigstida.

Fredsarbeid i skulen

I Noreg vert mange kvinnelege lærarar inspirerte av desse tankane og ønskte å undervise om fred i skulen. I lærarinneforeininga sitt tidsskrift Vår Skole vert det diskutert korleis ein kunne lære bort fred i lys av den utviklinga som ein såg i Europa. I 1938 skriv Anna Sethne i Vår Skole under overskrifta «Skolen og fredssaken»: «Kan det nytte å tale om fred når krigen herjer»? Svaret hennar er, ja, det nyttar.

Helga Stene, fødd i Notodden, norsk pedagog og kvinnesaksforkjempar. Cand.philol. 1932. Var i 30 år knytt til vidaregåande skular i Oslo som lektor og inspektør, 1966–74 inspektør ved Pedagogisk seminar i Oslo der ho underviste lærerkandidatar. Stene blei kjent for sitt engasjement for likestilling mellom kjønna i og utanfor skulen. Ho la i 1956 frem materiale om kjønnsdiskriminering i lærebøker.

– Dette var ei tid der den sokalla reformpedagogikken gradvis fekk fotfeste i norsk skule. Denne undervisningsmetoden gjekk ut på at kateterundervisninga skulle erstattast av undervisning der elevane i større grad kunne ta del. Dette opna opp for ein type undervisning som ifølgje pionerane passa læring om fred, seier førstelektor Teige.

Motstandsarbeid

I 1940 vart Noreg okkupert av Nazi-Tyskland. Mange av dei kvinnelege lærarane som hadde vore aktive i fredsarbeid tok no del i motstandskampen. Kvinnegruppene drev allsidig verksemd men la stor vekt på opplysing for å hindre åndeleg nazifisering og einsretting.

Systrene Åsta og Helga Stene vart med i eit motstandsnettverk som fekk namnet Gro-komitéen. Kvar medlem fekk i oppgåve å starte eigne grupper, og slik vaks nettverket enormt. Gro-komitéen stod mellom anna bak Foreldreaksjonen som førte til at Nasjonal Samling (NS) måtte gje opp lova om tvungen teneste i Nasjonal Samlings Ungdomsfylking.

Oppbygging

– I løpet av 30-talet hadde systrene Stene reist mykje i England og Tyskland. Helga Stene fekk etter kvart god innsikt i forholda i Tyskland, og etter krigen vart ho engasjert i arbeidet med å gjenreise utdanningssystemet der og elles i Europa, seier Elisabeth Teige.