Tre faktorar avgjer om foreldre med flyktningbakgrunn blir anerkjende som bidragsytarar i barnehagen: språk, kjemi med personalet og om dei forstår dei sosiale kodane.

I denne artikkelen gir eg eit innblikk i resultat frå ein studie i mi doktorgradsavhandling som har undersøkt korleis personalet arbeider med anerkjenning av foreldre med flyktningbakgrunn som viktige bidragsytarar i barnehagen. «Barnehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta barnas behov for omsorg og lek, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling», står det i formålsparagrafen for barnehagar (). Dette viser rolla foreldre og føresette har som viktige bidragsytarar i barnehagen. Gjennom ein kvalitativ forskingsstudie har eg undersøkt barnehagen si rolle for å sikre dette for ei gruppe foreldre. Eg spør: Korleis kan personalet sikre at foreldre med flyktningbakgrunn blir anerkjende som viktige bidragsytarar i barnehagen?

Metode

Eg tek utgangspunkt i dagbøker som assistentar og pedagogiske leiarar i to barnehagar har skrive om sine daglege møter med foreldre med flyktningbakgrunn (heretter referert til som foreldre) ved levering og henting av barn. Eg tek også utgangspunkt i observasjonar av dei same situasjonane, og intervju med det same personalet. Eg legg vekt på tre kriterium foreldra såg ut til å måtte oppnå for å bli anerkjende som viktige bidragsytarar.

Ujamne maktforhold

Menneske er fødd inn i bestemte sosiale strukturar som kallast habitus (). Habitus påverkar våre perspektiv, tankar og handlingar. Utdanningssystemet er ofte gjennomsyra av den dominante gruppa sin habitus, noko som kan vere med på å reprodusere ulikskapar heller enn å jamne dei ut. hevdar at lærarar, i denne samanhengen barnehagepersonalet, alltid har eit val i korleis dei handterer interaksjonar med andre, og då særleg interaksjonar med menneske frå ikkje-dominante grupper, i denne samanhengen foreldre med flyktningbakgrunn. Det første steget for å utfordre potensielle ujamne maktforhold i barnehagen er å kritisk reflektere over barnehagen sin praksis og ulike oppfatningar personalet og foreldre kan ha kring kva barnet sitt beste er (; ).

Anerkjenning

I denne artikkelen forstår eg anerkjenning i tråd med sin anerkjenningsteori. Honneth skildrar tre nivå av anerkjenning: kjærleik, rettferd og solidaritet. I ein profesjonell samanheng knyt eg kjærleik til omsorg. Det handlar om ei gjensidig stadfesting av kvarandre sine behov, der både personalet og foreldra er avhengig av kvarandre. Rettferd handlar i denne samanhengen om mennesket sine individuelle rettar. Mellom anna har alle barn i Noreg rett til å gå i barnehage med barn på same alder (). I tillegg handlar rettferd om at individet effektivt kan utøve sine rettar og lære seg nødvendige midlar for å stå opp for seg sjølv. Solidaritet viser til i kva grad fellesskapet verdset innsatsen din som eit solidarisk bidrag til fellesskapet.

Tre kriterium for anerkjenning

Resultata av studien tyder på at foreldra måtte oppnå minst tre kriterium for å bli anerkjende som viktige bidragsytarar i barnehagen:

(1) Foreldra måtte ha eit visst nivå av norsk språkkunnskap.

(2) Det måtte vere god kjemi mellom foreldra og personalet – dette kunne vege opp for eventuell manglande norsk språkkunnskap.

(3) Foreldra måtte vite korleis dei skulle oppføre seg, og forstå dei sosiale kodane i barnehagen ().

Viktig å meistre språket

Viktigheita av å meistre det norske språket for å oppnå ein god kommunikasjon med personalet var tydeleg gjennom både intervjua, dagbøkene og observasjonane som vart gjennomførte i studien. Den generelle uformelle kommunikasjonen mellom personalet og foreldra var i hovudsak kort. Grunnane personalet gav for dette, var språkbarrierar, at foreldra eller personalet sjølv hadde det travelt, eller at det ikkje var god nok kjemi mellom dei to partane, uavhengig av bakgrunnen til foreldra.

Det var fleire døme på heilt kort eller ingen kommunikasjon mellom foreldra og personalet ved levering og henting. I det følgjande trekkjer eg fram eit døme på dette, som også syner dei tre kriteria for anerkjenning.

På den eine avdelinga var garderoben i første etasje og avdelinga i andre etasje. Det vart forventa at foreldra skulle følgje barnet sitt opp på avdelinga. Den eine mora, som eg kallar Maria, derimot, gjorde sjeldan dette. Denne situasjonen vart tydeleg i den første runden med dagbokskriving, og hadde ikkje endra seg då eg gjennomførte fokusgruppeintervju med personalet eitt og eit halvt år seinare.

Utfordrande samarbeid

Både assistenten og den pedagogiske leiaren skildra kommunikasjonen og samarbeidet med Maria som utfordrande, mellom anna på grunn av dei manglande norskkunnskapane hennar. Den pedagogiske leiaren stilte i dagboka si spørsmål ved om Maria hadde det travelt, eller om ho tykte det var vanskeleg å snakke med personalet. Assistenten byrja etter ei stund å stille spørsmål ved om mora ikkje tenkte på at ho burde følgje barnet opp og helse på personalet.

Etter at det hadde gått ei stund, hadde den pedagogiske leiaren ein samtale med Maria der det vart informert om at dei forventa at foreldre følgde barna sine opp på avdelinga. Det vart derimot ikkje spurt om Maria sine grunnar for å ikkje følgje barnet opp.

«Ho er veldig norsk»

Ei anna mor på den same avdelinga, som eg kallar Shewit, var eit av dei få døma på lengre kommunikasjon mellom personalet og foreldra. Det var i hovudsak Shewit som tok initiativ i kommunikasjonen gjennom å spørje korleis barnet hadde hatt det i barnehagen. Personalet skildra Shewit som «lett å snakke med» og «ho er veldig norsk, ho er herleg». Det var situasjonar der det ikkje var kommunikasjon med Shewit heller, men dette uttrykte personalet forståing for.

Viss ein tek utgangspunkt i dette dømet, ser det ut som at Shewit oppfylte dei tre kriteria for å bli anerkjent som ein viktig bidragsytar, og at ho oppnådde legitimitet og status på lik linje som foreldre med majoritetsbakgrunn. Ho (1) beherska det norske språket, (2) vart skildra som herleg og lett å kommunisere med, og såg slik sett ut til å ha god kjemi med personalet, og (3) ho forstod dei sosiale kodane til avdelinga gjennom å følgje barnet sitt opp og ta initiativ i kommunikasjonen. Ved å vektleggje det norske språket, habitus og åtferd, og ved å ikkje søkje alternative forklaringar for foreldre si åtferd, kan ein hevde at personalet risikerer å utøve makt over foreldre som ikkje følgjer barnehagen sine sosiale kodar (; ). Dette er, ifølgje , vanleg i eit moderne samfunn der ulike grupper prøver å auke verdien av levemåten sin. Sidan alle i personalet i denne studien representerer majoritetsgruppa, er det truleg at dei automatisk verdset foreldre som handlar likt som dei.

Ulike syn på to mødre

Ved å skildre Shewit meir positivt enn Maria vart det tydeleg at personalet hadde ulikt syn på desse to mødrene. Det såg ut som at dei oppfatta Maria som mindre engasjert i barnet og barnehagen, og at det var hennar ansvar å lære seg barnehagen sine sosiale kodar. Det såg derimot ikkje ut som at dei aktivt prøvde å forstå Maria sitt perspektiv og grunnane bak handlingane hennar. Formålsparagrafen til barnehagen uttrykkjer ei tydeleg forventning om at heile personalet skal anerkjenne alle foreldre som viktige bidragsytarar.

Bør vere klar over utfordringane

For å sikre anerkjenning av foreldre som viktige bidragsytarar meiner eg at personalet bør vere klar over dei potensielle utfordringane ein kan møte på i samarbeid med foreldre med ulike syn og krav, slik som dei to mødrene i denne studien. Samtidig meiner eg at personalet er klar over den makta dei har. Gjennom kritisk refleksjon kring sine grunnleggjande forventningar og praksis, kan personalet bli klar over at aktørane i eit kulturelt mangfaldig samfunn har ulike syn og habitus. For å anerkjenne alle foreldre som viktige bidragsytarar i barnehagen og dermed sikre at foreldremandatet blir vareteke, treng personalet å vurdere kva samhandlingsstrategi som passar i ulike situasjonar og med ulike foreldre. Dette kan vidare vere med å sikre eit trygt omsorgs- og læringsmiljø for barna ().

Litteraturhenvisninger

LOV OM BARNEHAGER (LOV-2018-06-22-83). https://lovdata.no/dokument/NL/ lov/2005-06-17-64

BOURDIEU, P. (1997). The Forms of Capital. In A. H. Halsey, H. Lauder, P. Brown, & A.S. Wells (Eds.), Education: Culture, Economy and Society (s. 46–59). Oxford University Press.

CUMMINS, J. (2009). Pedagogies of choice: challenging coercive relations of power in classrooms and communities. International Journal of Bilingual Education and Bilingualism, 12(3), 261–271. https://doi.org/10.1080/13670050903003751

HONNETH, A. (2008). Kamp om anerkjennelse : om de sosiale konfliktenes moralske grammatikk. Pax.

SØNSTHAGEN, A. G. (2020). Early childcare as arenas of inclusion: the contribution of staff to recognising parents with refugee backgrounds as significant stakeholders. European Early Childhood Education Research Journal, 28(3), 304–318. https://doi.org/10.1080/1350293X.2020.1755486