Det finske skulesystemet blir ofte framstilt som svært vellukka. Fersk forsking på matematikkundervisning nyanserer biletet.

─ Det er mange oppfatningar om det finske skulesystemet som ikkje har så mykje å gjere med det som faktisk skjer i klasserommet.

Det motiverte meg til å forske på temaet og samanlikne undervisningspraksis i dei to systema.


Det seier forsker Jennifer Maria Luoto, som sjølv er finsk og har skrive doktorgrad om undervisningskvalitet i matematikk basert på åtte finlandssvenske og åtte norske klasserom i huvedstadsregionane.

Studien er del av den store videostudien LISA (Linking Instruction and Student Achievement), der forskarane filmar undervising i nordiske klasserom. Fokuset var på korleis lærarane underviste.

Forsker Jennifer Maria Luoto har forska på matematikkundervisning i Finland og Noreg (foto: Sandra R. Nielsen/UiO).

Lite felles forståing

─ De finlandsvenske lærarane fokuserte i større grad på tavleundervising og individuelt arbeid, og der elevane jobba lite i grupper, seier ho.

Det er også interessante likskapar i korleis faget blir presentert for elevane, forklarar Luoto.

Ho viser til omgrepet proseduralt fokus i undervisninga. Her er det fremst fokus på korleis dei går fram for å løyse oppgåvene.

Ein annan måte å undervise på, i følgje Luoto, er å belyse konseptuell forståing i matematikk, og handlar for eksempel om å diskutere med elevane om kvifor bestemte framgangsmåtar fungerer og kvifor andre ikkje gjer det. Det var lite av denne typen undervising i både den finlandsvenske og norske konteksten.

─ Vi veit frå skuleforsking at elevane forstår matematikk betre når det vert fokusert på sjølve konsepta i matematikken og korleis matematiske idear henger saman og ikkje berre korleis ein går fram for å løyse oppgåvene, fortel Luoto.

Likevel finn altså ikkje forskarane særlig mykje av denne typen undervising i klasseromma.

─ Å ha mest fokus på prosedyrar er det som er vanlegast i klasseromma globalt, så eg ble ikkje veldig overraska av dette.
Ulike arbeidsformar

Eitt av dei andre funna i avhandlinga handlar om korleis elevane jobbar under leksjonstid.

─ Vi veit frå andre liknande studiar at det er blitt vanlegare i Norge at elevane jobbar i lag, mens dei finske elevane i jobbar mye aleine. Dette fekk vi stadfesta også i denne studien, seier Luoto.

─ Det er mange oppfatningar om det finske skulesystemet som ikkje har så mykje å gjere med det som faktisk skjer i klasserommet

Ulikt fokus på lekser

Lekser er eit omstridt tema i mange fag. Luoto og kollegaene blei overraska over at lærarane i dei ulike landa fokuserte så ulikt på lekser.

I Finland fekk elevane lekser jamt og dei vart fylgt tett opp i klasserommet dagen etter. Dei norske elevane fekk nesten aldri lekser, og når de fikk det så var de ikkje diskutert eller fylgt opp i undervisinga.

Luoto forklarer at dette var ein av de største skilnadene. I den finske konteksten fungerte leksene som et lim frå en leksjon til neste, og det var naturlig for lærene å knytte innhald frå førige leksjon til dagens tema med utgangspunkt i leksene.

Ifølgje Luoto kan det diskuterast kvifor ein i det hele tatt skal ha lekser i den norske konteksten når dei ikkje brukas i undervisninga eller blir fylgt opp.

I det norske klasserommet Luoto og kollegaene studerte, var det meir gruppearbeid samt bruk av klassesamtaler. I slike samtaler inviterte de norske lærarane elevane oftare til å reflektere rundt faglege spørsmål i plenum.

Det særmerkte ved matematikkundervisinga

Forskaren forklarer at studien kan gjere oss i stand til å få auge på kva som er særmerkt ved matematikkundervisinga i dei to ulike landa og kva som kan fokuseras på vidare for utvikling av undervisning i begge land.

─ Vi kan sjå vår eigen kontekst med nye auge, og slik gje oss moglegheita til å inspirerast og sjå nye moglegheiter

Dette kan også gje oss nokre moglegheiter til å gjere andre ting og gjere noko nytt. For som Luoto fortel, er det behov for å endre på undervisinga for å gjere elevane i stand til å jobbe med komplekse tema.

─ Funna viser også at dei finske lærarane i større grad kan variere meir i undervisninga.

I norsk kontekst viser resultata at lærarane kunde jobbe meir heilskapleg og la timane i større grad bygge på kvarandre, slik som i den finske klassen. Det gjer det enklare for elevane å sjå den raude tråden i undervisinga.

Uansett ynskjer Luoto at lærarar kan få nye idear til å utvikle eiga undervisning.

─ Eg håpar at resultata frå forskinga mi kan inspirere politikarar og andre skulengasjerte å ta del av empirisk klasseromsforsking for å nyansere debatten om kva vi kan lære av «vellukka» skulesystem.

I tillegg kan forskinga inspirere lærarar og lærarutdannere til å sjå løysingar som kan være relevante for undervisning i sine eigne kontekst og klasserom, avsluttar Luoto.

Litteraturhenvisninger

Luoto, J. M., Klette, K., & Blikstad-Balas, M. (kommande): Patterns of instructional quality in Finnish and Norwegian lower secondary mathematics classrooms.