– Barn treng eventyr og myter
Tapar eventyr og myter mot meir moderne litteratur? Førstelektor Torgeir Haugen forklarer kvifor eventyr og myter er viktige for barn og unge.
– Vi lev i ei tid kor mykje handlar om «meg sjølv» og sjølvrealisering. Men vi må hugse at vi også treng erfaringane til fellesskapet, seier førstelektor ved OsloMets barnehagelærarutdanning Torgeir Haugen.
– Munnlege fortellingar ber med seg kunnskap om det som har vore verdifullt for samfunnet. Heilt sidan oldtida har menneske tatt vare på erfaringar gjennom fortellingar. Når vi fortel eventyr og myter er vi med på å bevare denne kunnskapen.
Haugen har hovudfag i nordisk språk og litteratur. I ei årrekke har han vore oppteken av plassen skjønnlitteratur har i profesjonsfaga. Han har mellom anna skrive om såkalla fantastisk litteratur (ifølgje ordboka "litteratur som handlar om noko usannsynleg og uforklarleg"), Ibsen og barndom, og estetiske fag for barn med særlege behov.
Gir rom for det som ikkje er rasjonelt
Haugen skriv i boka "Overindividuelle kulturformer. Tradisjon og erfaring for barn og unge i individualismens tidsalder" om det «mytiske» som noko som overskrid det analytiske og fragmentariske. Myten og eventyret vektlegg heilskapen og det allmenne.
Der romanen tar føre seg enkelthendingar og detaljar, ser myten ser på det universelle og dei evige sanningane, skriv Haugen. Bruken av symbol gir eventyr og myter ei heilskapleg meining. Haugen meiner at eventyret appellerer til menneskets psyke, da det gir rom for det i psyken som ikkje er rasjonelt.
Han trekk fram fem årsaker til at eventyr og myter er viktige for barn og unge.
1. Kan hjelpe barn med å handtere verda
Ifølge barnehagelova skal barnehagen bidra til sosial utjamning. Fortellingar kan vise barn forskjellige rollemodellar og ulike måtar å handtere tilværet på. Her er eventyr gode verktøy, meiner Haugen.
– Barn som ikkje har rollemodellar, kan streve i sosialt samspel og rolleleik. I eventyr og anna litteratur kan barna få forslag til løysningar på ulike vanskar, og hjelp til å kunne sette ord på kjenslene sine.
2. Lettare å henge med
Haugen har sett på kva rolle folkeeventyra kan spele i oppfølginga av barn som har vanskar med konsentrasjon og læring. Desse barna kan trenge å boltre seg på arenaer kor prestasjon ikkje er så sentralt. Då kan eventyr passe betre enn tradisjonelle romanar.
– Romanen krev ei evne til konsentrasjon som en del barn med særlege behov ikkje har, seier Haugen.
– I den munnlege kulturen har ein vært naud til å lage historier som er moglege å huske. Det er lett å henge med på fortellinga fordi strukturen er gjentakande: Først gjer Per det, så gjer Pål det, og til slutt gjer Espen Askeladd noko anna.
Munnlege fortellingar ber med seg kunnskap om det som har vore verdifullt for samfunnet. Heilt sidan oldtida har menneske tatt vare på erfaringar gjennom fortellingar. Når vi fortel eventyr og myter er vi med på å bevare denne kunnskapen.
– Torgeir Haugen, førstelektor ved barnehagelærarutdanninga
Han peikar vidare på korleis eventyret er episodisk. Ein går frå scene til scene, og kvar scene inneheld enkle dialogar.
– I tillegg bruker eventyr ofte nemningar om hovudpersonane – til dømes «den tapre tinnsoldaten». Då hugsar ein lettare skikkelsen.
3. Kan forklare abstrakte omgrep
Eventyr kan også hjelpe barn til å forstå omgrep gjennom bruk av motsetningar.
– Abstrakte omgrep som godt og vondt er vanskelege å forklare, men viss barnet får høyre døme på ei god handling satt opp mot ei vond handling, så vil omgrepa kaste lys over kvarandre.
4. Rom for å vere annleis
Eventyret byr også på ulike moglegheiter for identifikasjon. Ein kan leve seg inn i rolla som helten, men også som trollet. Det er rom for det som er avvikande, og ofte er den som sigrar i eventyret den som er litt annleis:
– I fabelen om haren og skjelpadda, er det ikkje den raske haren som vinn, men den trauste skjelpadda.
5. Kan hjelpe ungdom med å takle kjenslemessig kaos
Fantastisk litteratur, inkludert «fantasy», har mange fellestrekk med eventyr og myter. Slik litteratur er populært blant mange unge. Det er det naturlege årsaker til, meiner Haugen.
– Fantastisk litteratur stiller dei store spørsmåla. I fantastisk litteratur malar man med breiare pensel enn i den sosialrealistiske tradisjonen. Litteraturen tar deg med på ei reise. Moderne fantastisk litteratur som til dømes Harry Potter inneheld same kampmotiv som du finn i eventyr. Som hovudregel vinn det gode over det vonde, men ikkje utan kamp.
Han trur at denne typen fortellingar kan hjelpe ungdom å handtere dei mange kjenslene og tankane dei går med.
– Det er ofte mykje kaos i hovudet til ein ungdom. Gjennom fantastisk litteratur kan ein oppleve det som grekarane kalde «katarsis» - reinsing. Du lev deg inn i fortellinga, og føler frykt og medynk. Møtet med litteraturen bidreg til at du får ut nokre av spenningane du har i deg, og blir lettare til sinns.
Eldre litteratur tapar terreng
Men i kva grad lev tradisjonen vidare i barnehagen i dag? Er barnehagane med på å bevare fellesskapets visdom?
– I mange barnehagar har tradisjonane med eventyr levd videre. Men i nyare tid er det mange studentar ved barnehagelærarutdanninga som ikkje kjenner eventyra, fortel Haugen.
Som årsak peiker han på at eldre litteratur har fått mindre plass i skolens læreplanar. Dette meiner han er synd.
– Gjennom litteratur kan du leve deg inn i vanskelege situasjonar utan å være i reell fare. Du kan få letta på nokre av spenningane du ber på. Moglegheitene for identifikasjon og gjenkjenning – det eg kallar «det psykiske rommet» - blir større viss ein kan bruke litteratur frå heile historia og frå mange kulturar. Viss ein berre les moderne litteratur, blir det psykiske rommet mindre.
Haugen anbefaler desse eventyra og eventyraktige fortellingane:
- “Den stygge andungen” av H.C. Andersen
- “Askeladden og de gode hjelperne” innsamla av Asbjørnsen og Moe
- “Lurvehette” innsamla av Asbjørnsen og Moe
- Fortellingen om David og Goliat frå Samuelsbøkene i Bibelen - eller andre legender og myter
- "Georgs magiske medisin" av Roald Dahl
Litteraturhenvisninger
Haugen, Torgeir (red.) (2022) Overindividuelle kulturformer. Tradisjon og erfaring for barn og unge i individualismens tidsalder (solumbokvennen.no).