Korleis kan ein trygge nyutdanna lærarar i klasseleiing?
Lærarar som er gode på klasseleiing stressar mindre. Utviklingsprogram som skal gjere ferske lærarar trygge i klasserommet bør vare over tid og ta utgangspunkt i læraren sin eigen praksis, viser internasjonal forsking.
Mange nyutdanna lærarar startar karrieren med liten eller ingen erfaring innan klasseromsleiing. Internasjonal forsking viser at rundt halvparten av dei føler seg lite førebudde på å handtere problem og utfordringar i klasserommet. På same tid viser forsking frå Norge at lærarar som meiner dei er gode på klasseleiing opplever mindre stress og er meir tilfredse med skolen. Dermed blir fokus på klasseleiing, både i utdanninga og for ferske lærarar i skulen, særs viktig for å skape gode og trygge lærarar.
Eit systematisk kunnskapsoversyn frå forskarar i USA konkluderer med at lærarutdanningane bør ha fokus på klasseromsleiing og at nyutdanna lærarar må få tilbod om å delta profesjonsutviklingsprogram som rettar seg spesielt mot deira behov. Kunnskapsoversynet, som er ei oppsummering av fleire studiar på ulike utviklingsprogram for nyutdanna lærarar, understreker at utviklingsprogramma bør vere systematiske, gå over tid og ta utgangspunkt i dei ferske lærarane sin eigen praksis, om dei skal ha effekt.
Forskarane listar opp sju element som dei meiner er sentrale i utviklinga av effektive profesjonsutviklingsprogram for lærarar: (1) å dele lærarkollegiet opp etter avdelingar eller grupper ved skolen som har liknande behov, (2) å få ei oversikt over lærarane sine forkunnskapar eller etablerte praksisar, (3) å fokusere på utvikling av teoretisk kunnskap om pedagogiske ferdigheiter, (4) å modellere ferdigheitene, (5) å gje lærarane moglegheiter til aktiv læring og utprøving av ferdigheitene, (6) at undervisingsmateriale og -verktøy som blir brukt i programmet liknar dei lærarane brukar i eigen undervising, og (7) at lærarane får tilbakemeldingar mens dei tek i bruk deira nye kunnskapar og ferdigheiter.