Tre år utan eksamenar vil få ringverknadar, meiner skuleforskar og forfattar Sverre Tveit. – Vi står framfor eit skifte i skulesystemet, seier han.

Vi har alle vore der. Etter fleire års skulegang skal det heile avsluttast med den store finalen – eksamen.

Nervepirrande for mange, som ein siger for nokon – og ein nedtur for andre. For dei fleste ein uunngåeleg del av ungdomstid og oppvekst.

Men må det vere slik? Nei, meiner skuleforskar Sverre Tveit.

– Under pandemien blei eksamenar avlyste globalt. Her i Noreg skjedde det i tre år. Eg meiner vi no står framfor ei fundamental endring i skulesystemet, for no kan vi for første gong snakke om eit norsk skulesystem utan eksamenar. No har vi moglegheit til å sjå vekk frå noko som vi før tok for gitt at måtte vere der, seier Tveit.

Ifølgje Tveit er eksamensinstitusjonen ein del av ein tung tradisjon som vi har slutta å reflektere over.

– Mitt syn er at åra utan eksamen har gitt oss innsikt i kva eksamen ikkje er. Kva er det vi mister, om eksamensordninga slik vi har den i dag går ut? Noko skulane sakna under pandemien var kvalitetssikring av standpunktvurderingane, men det kan vi få til også på andre måtar.

Aktuell med ny bok: Daniel Tröhler og Sverre Tveit. Foto: Hanna Huglen Revheim, UiO.

Som ei sitkagran i nordisk skule

For tida er Tveit aktuell med boka The Nordic Education Model in Context. Historical developments and current renegotiations på Routledge, der han er medforfattar og medredaktør. Boka har open tilgang, og er eit resultat av UiO:Norden-forskargruppa Den nordiske utdanningsmodellen (NordEd). Tveit omtalar den som ein milepåle.

– Skal eg framheve eitt einskild resultat av forskingsprosjektet vårt, så er det denne boka, seier han.

Sjølv har Tveit bidratt med eit kapittel om utfordringar knytt til karaktersetting og testing i norsk og svensk grunnskule, saman med professor Christian Lundahl ved Örebro Universietet.

Etter andre verdskrig vart karakterar i grunnskulen i stor grad fjerna i barneskulen både i Noreg og Sverige, men med åra er det blitt innført på nytt på mellomsteget i Sverige. Nasjonale prøvar og PISA-testar tilhøyrer ein testkultur som i stor grad er importert frå det amerikanske skulesystemet, der privatisering og konkurranse mellom skulane står sterkt.

– Importen av desse testane har endra utdanningssystema i Norden, fortel Tveit.

Ikkje ulikt sitkagrana, poengterer Tveit. Desse hardføre trea som i store monn blei planta i nordisk jord etter andre verdskrig, og som sidan har teke over store område av norske og svenske skogbotnar.

– På same måten som ein har «lånt» framandarta plantar frå Nord-Amerika, som 50 år seinare dominerer skoglandskapet i både Noreg og Sverige, har vår import av standardiserte testar frå USA endra den norske og nordiske vurderingskulturen – med store konsekvensar for skulekvardagen til elever og lærarar.

Gledeskarakterar

– Det finst forslag til korleis vi kan organisere kvalitetssikring av elevanes læring og læraranes vurderingar annleis, seier Tveit.

Skuleforskaren meiner det er på tide å vurdere ei ordning der ein held fram med standpunktvurdering som i dag, men med nokre nasjonalt utarbeidde oppgåver og ei ekstern vurdering av standpunktvurderingane til nokre av elevane.

Målet er å styrke kvalitetssikringa av elevane sitt kunnskapsnivå og lærarane si karaktergjeving. Framleis ei form for ekstern sensur, men av grunnlaget for heile standpunktkarakteren til nokre av elevane i staden for å ha ekstern sensur av alle elevane, for berre éi prøve.

– Det blir snakka om at ein ser inflasjon i karakterane som følge av eksamensavlysingane. Stemmer dette?

– Ja, vitnemåla til «koronagenerasjonen» har høgare snitt enn for elevane i kulla før. Dette har dels samanheng med at elevar i snitt gjer det betre på standpunkt enn på eksamen. I tillegg er det grunn til å forvente at fråværet av kvalitetssikringa som eksamen representerer har ført til at det sklir litt ut. Det man i Sverige kallar «glädjebetyg» – gledeskarakterar. Det blir forska mykje på dette i Norden. Resultata som eg forventar frå den forskinga er ei av grunnane til at eg meiner at pandemien har endra skulen for alltid, seier Tveit.

Ein modell med fem unntak

Men la oss løfte blikket ut frå sitkagranas grøne skogar. For det er ikkje berre slik at det nordiske utdanningssystemet er påverka utanfrå. Tidlegare er det også gjort forsøk på å overføre element frå nordisk utdanning til andre land.

På 1970-talet fekk «den nordiske utdanningsmodellen» global merksemd då den blei løfta fram av OECD, men røtene strekk seg lengre tilbake. Nordiske idear om likskap, gratis grunnutdanning for alle og ein kristen tradisjon er like trekk mellom skulesystema i dei nordiske landa.

Men dette er ikkje einstydande med at utdanningssystema i dei nordiske landa er like. Det poengterer professor og medredaktør Daniel Tröhler i boka.

For det nordiske er også ein kulturell konstruksjon, og det finst både forskjellar og fordommar mellom dei nordiske landa. Og på skulen lærer vi å bli ein del av kulturen, og ikkje minst av nasjonen, som vi veks opp i.

Tröhler siterer samfunnsforskar Mary Hilson, som skriv at vi må forstå den nordiske utdanningsmodellen som ein modell med fem unntak. Og unntaka? Det er dei fem nordiske landa.

På randen av noko nytt

Med andre ord – det er vanskeleg å bruke «det nordiske» som ein mal andre stader i verda. Og vi skal passe oss for å tenkje på ein bestemt utdanningsmodell som beste løysinga for alle, meiner Tröhler.

– På den eine sida risikerer ein å hylle dei gamle, gode tider. Det er farleg å tenkje at alt var betre før. Samtidig vil det vere problematisk å kritisere alle tilbakeblikk til fortida som rein nostalgi, sa Tröhler då boka blei lansert.

Tidlegare har Tröhler tatt til orde for ein form for nordisk pragmatisme i skulesystemet. Det kan du lese meir om her.

Både Tveit og Tröhler ønskjer seg no meir utveksling av erfaringar på godt og vondt, for å styrke skulen i framtida. Dei siste tre åra har verda vore prega av unntakstilstand. Eksamens- og testkulturen som i lang tid har prega skulen fekk ein tvungen pause.
No håpar Tveit at vi får sjå nye idear spire.

– Kanskje må ikkje eksamenssystemet halde fram slik som vi «alltid» har gjort det. Eg trur vi står på randen av ein ny internasjonal samtale der vi kan lære av kvarandre om ulike vurderingskulturar og utdanningssystem, seier Tveit.