Ny språklov styrkjer norsken og innbyr til dugnad for språket
Engelsk vinn stadig meir innpass, men ei ny språklov slår fast at norsk skal vere det samfunnsberande språket her i landet.
Denne kronikken blei først publisert i Fædrelandsvennen 1. februar.
Eit samfunnsberande språk vil seie eit språk som blir brukt i skule, akademia, presse og næringsliv. I den nye språklova, som blei sett i kraft nå ved nyttår, står det i paragraf éin at «[f]øremålet med lova er å styrkje norsk språk, slik at det blir sikra som eit samfunnsberande språk som skal kunne nyttast på alle samfunnsområde og i alle delar av samfunnslivet i Noreg.»
Dette har ikkje stått i den norske språklova tidlegare. Vi har ikkje vore vant til å tenke på norsk som eit trua språk, det blir trass alt brukt av over 5 millionar menneske både til utdanning, i arbeidslivet, i media og som styringsspråk på nasjonalt nivå.
Likevel ser vi nå at vi blir påverka av andre språk, og at andre språk stort sett er synonymt med engelsk. Engelsk blir brukt stadig meir, i ungdomsspråk, i servicenæringane, i store bedrifter og i universitets- og høgskulesektoren. At norsk blir skrive inn i språklova som eit samfunnsberande språk, tyder at ein har begynt å tenke at statusen til det norske språket ikkje er heilt sjølvsagt, og at språket har ein verdi og bør takast vare på.
Språklova vil styrkje norsken, og det inneber at skule, universitet, presse, næringsliv og andre må ta sin del av ansvaret.
Det tar tid å lære seg språk. Forsking har vist at vi begynner å lære element i språket rundt oss alt før vi blir fødd, og vi lærer rimelegvis språk av det språket vi er omgitt av.
Alt ein møter av ord, seiemåtar, anekdoter, forteljingar og sangar er materiale som vi lærer mønstra i språket ut frå. Viss ikkje vi møter språket, lærer vi det ikkje.
For tida har engelsk ein spesiell posisjon i norsk. Vi møter engelsk tidleg – og ofte. Ingen andre språk har tilsvarande nærver i Noreg som engelsk. Vi veit at ungdommane våre snakkar engelsk med kvarandre når dei gamar, vi sjølv lærer av YouTube-videoar og mange har engelsk som utdannings- eller arbeidsspråk.
Denne kontakten med engelsk gjer at det blir brukt mindre norsk, kanskje særleg på to område, ungdomsspråk og fagspråk.
I ei ny masteroppgåve kjem det fram at sjetteklassingar sjølv meiner dei er omgitt av engelsk om lag 25 timar i veka utanom skulen. For det meste speler dei dataspel, deretter kjem TikTok og filmar, seriar og videoar. Minst populært er det å lese bøker (Estensen, V. 2021. Norwegian primary pupils' extramural English habits and English vocabulary acquisition). 25 timar i veka er ein massiv påverknad av engelsk med variabel kvalitet.
Vi har også sett at norsk blir eit mindre viktig språk på ulike fagfelt. Viss ein har skrive masteroppgåva si i antropologi, økonomi eller sjukepleievitskap på engelsk, slik stadig fleire gjer, blir det vanskelegare å fortelje om den på norsk. Har ein studert kjemi på engelsk og bruker engelsk på arbeidsplassen, blir det ikkje så lett å forklare nøyaktig kva arbeidet går ut på til andre utanfor fagfeltet.
Ikkje alle er einige i at auka kontakt med engelsk er eit problem. Det er flott at dagens unge kommuniserer lett og ledig på engelsk, og for å vere med i forskingsfronten må ein bruke engelsk.
Likevel er det slik at dersom norsk blir brukt i færre situasjonar, kan det føre til at språket blir enklare. Vi risikerer at lite brukte norske ord, seiemåtar og fagord forsvinn, eller at fagorda aldri blir oversett til norsk.
Når ein snakkar om bestemte tema, blir det enklare å snakke engelsk, fordi orda ein treng til å snakke om det, kjem lettare til ein på engelsk. Ord som er lite i bruk, vil truleg bli erstatta med ord som har større og meir generelle bruksområde, både på norsk og engelsk.
Vi risikerer altså å få eit enklare, meir banalt norsk. Engelsken elevane lærer på TikTok er heller ikkje kvalitetssikra, men er ein forenkla internasjonalt engelsk.
Dersom vi ønsker å ha norsk som samfunnsberande språk i Noreg, slik den nye språklova seier vi skal, må vi alle bidra til eit godt, levande språk på alle felt, både til småprat og til fagspråk. Det krev ei aktiv innstilling til språkrøkt, samtidig som vi verken vil eller kan stenge ute all språkleg påverknad.
Norsk skal vere eit levande språk som blir brukt, utvikla og endra på alle felt, både i daglegdagse samtalar rundt kjøkkenbordet, i reklame, i næringslivet, ja, rett og slett «på alle samfunnsområde og i alle delar av samfunnslivet», slik lova seier.