Skulen bør la born få uttrykke deira miljøengasjement
Born og unge syner eit stort engasjement og ansvar for klima, og mange forstår berekraft som eit individuelt ansvar. Born treng hjelp til å forstå dei større systemperspektiva i berekraftspørsmål.
Det er godt dokumentert at dei store berekraft- og miljøutfordringane vi i dag står overfor, krev handling frå kvar og ein av oss. Samtidig veit vi at korkje klimakrisa eller andre miljøutfordringar kan løysast av enkeltmenneske aleine.
For at det verkeleg skal monne må også myndigheiter, organisasjonar og store, ofte multinasjonale, verksemder gjere endringar på systemnivå. Desse spenningane mellom individ og system er med på å gjere berekraftspørsmål vanskelege å handtere.
Berekraftig utvikling er ein del av skulen sitt samfunnsoppdrag, og i 2020 blei det innført som eit tverrfagleg tema i læreplanen. Men vi veit ikkje så mykje om korleis born tenkjer om tema som klimaendringar, tap av biomangfald eller fornybar energi. Ser born fyrst og fremst på berekraft som individuelle spørsmål som dei skal løyse i sine eigne liv, eller klarer dei å sjå det større biletet?
Desse spørsmåla var noko av motivasjonen bak doktoravhandlinga Bærekraft i skolens tekstkulturer (Marti, 2021). I avhandlinga har eg forska på korleis born mellom 8 og 13 år skriv om tema knytt til berekraftig utvikling, som utrydningstrua dyr, kjeldesortering, klimaendringar, ørkenspreiing og fornybar energi.
Materialet er litt over 200 elevtekstar som elevane skreiv på skulen. I tillegg har eg analysert dei skriveoppgåvene som elevane svarte på, som er laga av elevane sine eigne lærarar.
Eit personleg engasjement
Analysane i avhandlinga viser at borna engasjerer seg personleg for miljøet og naturen. Dei skriv tydeleg at alle har eit ansvar for å ta vare på miljøet, inkludert dei sjølv. Dette sitatet frå ein sjuandeklassing er ganske typisk for korleis borna skriv:
«Jeg er veldig opptatt at av miljøet på jorda. Vi må ta vare på jorda og holde den fin til de som kommer etter oss. De menneskene som kommer etter oss må ha et fint sted, akkurat som vi har nå.»
Sitatet over syner også at borna er opptekne av framtida og dei som kjem etter oss. På den måten skriv dei seg inn den forståinga av berekraftig utvikling som vi kjenner frå Brundtlandkommisjonen sin rapport Vår felles framtid frå 1987.
I rapporten vert berekraftig utvikling definert som ei «utvikling som imøtekommer dagens behov uten å ødelegge mulighetene for at kommende generasjoner skal få dekket sine behov» (Verdenskommisjonen for miljø og utvikling, 1987, s. 42).
Eg fann også ut at mange av borna forstår berekraft som noko individuelt. Dei er altså mest opptekne av kva dei sjølv kan gjere til dømes for å redde klimaet. Difor skriv dei om ting som å sykle til trening framfor å bli køyrd av foreldra sine, kjeldesortering i klasserommet og å plukke søppel rundt skulen.
Dei har også stor tru på at det enkeltmenneske gjer, nytter i den store samanhengen. Borna ser i større grad miljø som eit personleg spørsmål enn som noko som må løysast på eit systemnivå. Sitata under frå to fjerdeklassingar illustrerer dette:
«Jeg skal sortere søppel i riktige søppelbøtter (plast, papp og papir, restavfall). Og jeg skal plukke med meg søppelet mitt. Jeg skal til og med kaste søppel som andre har slengt ifra seg (…) Det er veldig lurt å følge disse målene, for hvis ikke går det utover både isbjørnene og de andre dyrene. Til slutt går det også utover oss selv.»
«Kanskje jeg må kaste søppel, levere tomflasker og bruke mindre strøm for at jorda skal bli finere. Da vil ingen dø av forurensing.»
Det er positivt at born og unge er engasjerte i miljø og berekraft, og at dei er innstilt på gjere ein innsats. Det er heller ikkje overraskande. Ei stor undersøking viser at omtrent 80 % av norske niandeklassingar meiner at det å jobbe aktivt for å beskytte miljøet er viktig for å vere ein god samfunnsborgar (Huang m.fl. 2017). Dei fleste av ungdommane seier også at dei er villig til å gjere ein personleg innsats for miljøet, til dømes spare vatn.
Å sjå det store biletet
Samtidig treng born og unge også hjelp til å forstå dei større systemperspektiva i berekraftspørsmål. Fleire andre studiar har vist ei liknande individorientering som kjem til syne i elevtekstane i min studie (sjå til dømes Sæther 2017).
Langt færre av niendeklassingane i undersøkinga til Huang med fleire (2017) svarte at dei ville melde seg inn i ein organisasjon som arbeider med eit politisk eller samfunnsmessig spørsmål.
Korleis kan skulen og lærarar hjelpe elevane til å også stille spørsmål som: Kven er det som har meir makt enn meg til å redusere utslepp, og korleis kan eg påverke dei? Kvifor er politikk viktig for å få til internasjonalt miljøsamarbeid? Kvifor bør vi stemme, og kvifor betyr det noko kva vi stemmer? Bør eg engasjere meg i ein organisasjon?
Elevane treng med andre ord å få større forståing av korleis vi saman som samfunn skal jobbe for eit berekraftig samfunn. Ein måte å gjere dette er å gje dei gode skriveoppgåver som utfordrar dei til å sjå utover sitt eige liv. I det materialet eg har forska på, finst det skriveoppgåver der lærarane har utfordra elevane til å skrive til personar med mykje meir makt enn dei sjølv.
Eit døme er ei gruppe sjuandeklassingar som har skrive talar der dei skal overtyde leiarane i FN om å satse meir på fornybar energi. I desse oppgåvene kan borna førestille seg korleis det er å tre inn på ein global scene der det verkeleg står ting på spel.
Ein annan moglegheit er å la elevane skrive om reelle og konkrete saker som skjer i lokalmiljøet deira. Dette finst det også døme på i tekstane eg har studert. Éi skriveoppgåve tek utgangspunkt i at kommunen elevane bur i, planlegg å gi løyve til gruvedrift i området. Gruvedrifta kan få konsekvensar for ein fjord i nærleiken av der elevane bur.
Oppgåva til elevane er å skrive eit lesarinnlegg til lokalavisa om si eiga meining om saka, for eller imot gruvedrift. Denne typen lokal vinkling gjer det mogleg for elevane å øve seg i det å bruke språket for å delta i debattar om berekraftig utvikling, samtidig som temaet vert nært knytt til ein samanheng dei kjenner og til kvardagen deira.
Litteraturhenvisninger
Huang, L., Ødegård, G., Hegna, K., Svagård, V., Helland, T. & Seland, I. (2017). Unge medborgere. Demokratiforståelse, kunnskap og engasjement blant 9.-klassinger i Norge. The International Civic and Citizenship Education Study (ICCS) 2016 (NOVA Rapport 15/2017). Oslo: IEA/NOVA. Hentet fra https://www.udir.no/globalassets/filer/tall-og-forskning/rapporter/2017/iccs.pdf
Marti, K.T. (2021). Bærekraft i skolens tekstkulturer: En studie av skriveoppdrag og elevtekster. Doktoravhandling. Universitetet i Oslo. Henta frå: https://www.duo.uio.no/handle/10852/90784.
Sæther, E. (2017). Ungdommers meningsskaping i møtet med utdanning for bærekraftig utvikling i samfunnsfag. I Jonas Bakken & Elisabeth Oxfeldt (red.), Åpne dører mot verden. Norske ungdommers møte med fortellinger om skyld og privilegier (s. 216-231). Oslo: Universitetsforlaget.
Verdenskommisjonen for miljø og utvikling. (1987). Vår felles framtid. Henta frå: https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2007080601018