Karriererettleiar Gisle Hellsten oppfordrar foreldre og nittenåringar til å senkje skuldrene, og sjå på valget som et gledeleg dilemma framfor eit skjebnetungt lodd.

Datoen 20. april nærmar seg og kanskje er du mor, far, rådgivar eller lærar til ein nittenåring som står framfor sitt livs største val til no. Kva skal ho studere? Kvar skal ho studere? Kva skal ho gjere når ho blir stor?

I denne episoden av Universitetsplassen har vi samla tre studievalekspertar til ein samtale om dette viktige livsvalet.

– Våg å gå inn døra du ikkje trudde du skulle tørre å passere. Sei hei før nei!

Gisle Hellsten, leiar ved Karrieresenteret ved Universitetet i Oslo, tilrår foreldre og nittenåringar å senke skuldrane og sjå på valet som eit gledeleg dilemma framfor eit skjebnetungt lodd.

– Ikkje ver redd, tenk heller at yes, no startar resten av livet ditt! seier han.

Ei etterlenta endring

Andres Øverbø frå Leikanger i Sogn og Fjordane, som er inne i sitt tredje år på profesjonsutdanninga i psykologi ved Universitetet i Oslo, er einig i at ein må framelske endring.

– Om eg hadde reist dit alle andre reiste, ville det vore vanskelegare å omskape meg sjølv. Å etablere eit nytt liv og ei annleis framtid gjer ein best på eiga hand, seier han.

– Du lærer mykje meir enn fag når du byrjar å studere, som til dømes korleis du likar å arbeide, kva du likar å gjere og kven du likar å arbeide med, seier han.

Heiar på studielivet, val og omval: Karriererettleiar Gisle Hellsten (t.v), utdanningsforskar Elisabeth Josefine Lackner og psykologistudent Andres Øverbø, alle frå Universitetet i Oslo. Foto: Stefan Vincent Strømnes / UiO

Kva du kryssar av på skjemaet til Samordna opptak akkurat no i april, er ikkje avgjerande for resten av livet ditt, påpeikar dei tre ekspertane vi har snakka med. Du kan ombestemme deg og kjem til å ta mange, mange fleire val, både no og seinare.

– Dei såkalla mjuke ferdigheitene kan vise seg å vere like viktige som dei faglege, seier utdanningsforskar Elisabeth Josefine Lackner, stipendiat ved Institutt for pedagogikk, i podkastepisoden.

Øverbø har erfart at med ein gong du tek steget inn i studieverda, byrjar du på ein prosess som er lærerik på så mange vis.

– Du bur og lever på ein heilt annan måte, heile livet og ikkje berre det du driv med på dagtid endrar seg. For meg var dette ei etterlengta endring og det kan det blir for alle som er opne for det, seier han.

– Ta steget, ta eit val

Studievalet vil sjølvsagt påverke bustad, vener, interesser, framtidig arbeid og mykje meir. Det einaste sikre, meiner ekspertpanelet vårt, er at det aldri er feil å studere, sjølv om ein ikkje treff blink på første forsøk.

– Du er ikkje den einaste som føler deg rar og annleis i starten. Det er normalen.

Kva er så det viktigaste ein må tenkje på når ein står i overgangen frå vidaregåande til høgare utdanning, eller skal støtte ein ungdom som står der?

– Foreldra må vere opne og støttande, hjelpe tenåringen til å bade i utdanningsvalet, ta del i researchen, søke opp informasjon på alle dei gode nettressursane som finst der ute og finne dei studiestadene som verkar interessante. Kanskje kan de til og med besøke studiestaden i førekant, seier Lackner og understreker:

– Men så er det også svært viktig å tørre å treffe eit val sjølv om ein er usikker. Ta steget, og ver open for at valet kan endre seg undervegs. Det gjer det for mange av oss.

Kvalifiserte rådgivarar er viktige dialogpartnarar for unge som skal velje utdanning. Kva meiner Hellsten er det verste ein forelder eller rådgivar kan gjere for nittenåringen som skal ta sitt første studieval?

– Styr unna freistinga å påverke for mykje basert på eigne verdival. Det er no fuglen skal flyge, og for å gjere flyturen så god som mogleg, treng barnet ditt gode spørsmål, openheit og tillit med seg på ferda, seier Hellsten.

– Ikkje dei brattaste fjelli, men ...

Ein som fekk ein god flytur, var nettopp Øverbø, og kanskje var det difor han turte å gå motstraums til Oslo framfor Bergen?

– Då eg fann ut at eg ville studere psykologi, blei det fort klart for meg at eg skulle til Universitetet i Oslo som har det sterkaste studiemiljøet i landet på dette faget. I tillegg hadde eg lyst til å bu i ein storby som også er ein studentby, fortel han.

– Oslo byr verkeleg, verkeleg på alt. Særleg vil eg trekkje fram kunstopplevingar.

Sjølv arbeider han deltid, men slett ikkje alle studentar må det. Han har vener som bur for under 4000 kroner i månaden og vener som betalar over 10 000 kroner i husleige.

– Variasjonen er stor og handlar meir om kva interesser og behov du har enn noko anna, seier han.

Det beste med å bu i hovudstaden synest Øverbø er samansmeltinga av byliv og studentliv.

– Oslo byr verkeleg, verkeleg på alt. Særleg vil eg trekkje fram kunstopplevingar. Men byen har også mange naturperler på lur, om enn på ein litt annleis måte enn i vest. Du finn ikkje dei største fjelli og brattaste bakkane her, men blant anna mange fine vatn i marka, seier han.

– Sei hei før nei!

Kva betyr så den første studieveka på kvaliteten i utdanninga? Ganske mykje, skal vi tru Lackner.

– Studentar som har ein god studiestart, gjer det gjerne bra i studia sine og fullfører i rimeleg tid. Dei som er på hogget frå starten av og som er flinke til å bruke tenestene som studieinstitusjonen byr på, gjer det altså «betre» som studentar. Vi kan ikkje seie sikkert om dette har ein årsakssamanheng, men tilrår likevel å vere på hogget. Det kan løne seg! seier ho.

Hellsten legg til at den største tenesta ein ny student kan gjere seg sjølv, er å vere trygg på at han ikkje er den einaste som føler seg litt rar, annleis og som ikkje kjenner nokon.

– Det er det normale. Men dette må ikkje få lov til å hindre deg frå å vere nysgjerrig. Våg å gå inn den døra du ikkje trudde du skulle tørre å passere, og ver open. Sei hei før nei! Det er eit godt motto både for studiestarten og i arbeidslivet nokre år seinare, seier han.

Gode ressursar i studiejakttida

Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus

Slik blir du student ved Universitetet i Oslo

Studiebarometeret: Kor godt trivst studentane her og der?

Tips til foreldre og foresatte frå Utdanning.no

Frå studieliv til karriereliv etter Universitetet i Oslo

– Det beste rådet foreldre kan gi dei unge er å ta utdanning