Nei, det er ikkje sunt å kjede seg på skolen
Debatt: Så ofte vi kan bør elevar få lov å vere aktive i læringa si og sjølv få vere med å bestemme korleis dei skal lære.
Når så mange svarer at dei kjedar seg på skolen, er det på tide å gjere noko med det. Løysinga er heldigvis ikkje at lærarane blir betre å underhalde. Kunnskap om det å kjede seg kan vere ein god start for endring.
Talet på elevar som kjedar seg,
. I Ålesund er talet no 84 prosent, og enda er vi ikkje høgast i landet. Dette burde aktivere alle alarmar, men vert ofte møtt med eit skuldertrekk og påstanden «det er jo sunt å kjede seg.» Å kjede seg kan vere sunt, men berre når den som kjedar seg, kan gjere noko anna eller annleis som kjennest meir meiningsfullt. Det kan elevar ofte ikkje. I tillegg ser det ut til at det å kjede seg , dårlegare karakterar, angst, depresjon, mobbing og rus.Kvifor kjedar elevane seg?
Det er lett å spekulere i kvifor elevar kjedar seg meir på skolen no enn for berre 10 år sidan. Kanskje dei unge hjernane har blitt for mykje stimulert med skjermaktivitet og difor har kortare merksemdspenn? Er det fordi all kunnskap no ligg på nett, og dermed kjennest det ikkje lenger meiningsfullt nok å lære? Er det ein motreaksjon på stress og press? Kan det vere slik at når elevane definerer skolen som kjedeleg, legg dei ansvaret for prestasjonane sine over på oss vaksne, eller seier dei at det kjeder seg i staden for å sei at dei ikkje får til? Eller kjem endringane av meir usikre framtidsutsikter på grunn av krig, pandemi, klimafrykt og økonomiske nedgangstider? Øydelegg det norske sikkerheitsnettet motivasjonen for å lære? Eller kan vi skulde på Kunnskapsløftet?
Det er truleg mykje som har påverka, og vi veit ikkje akkurat kva, fordi mykje har skjedd på same tid. Det vi veit, er at talet stig og at det truleg ikkje bør ignorerast.
Kva meiner elevane med at det er kjedeleg på skolen?
Eg fekk tre ungdomsskoleklasser til å jobbe med fire spørsmål i 15 minutt. Elevane sine svar på kva som er mest kjedeleg på skolen, handla om lærarar som pratar for lenge, om å måtte sitte stille for lenge, jobbe for lenge med einsformige oppgåver, å ikkje få bevege seg, prate eller jobbe fritt slik ein sjølv har behov for.
Kva er så minst kjedeleg, og kva råd vil dei gi om korleis undervisninga bør vere? Her var tilbakemeldingane i praksis ganske like. Dei handla om meir variasjon, engasjert lærar, samarbeid mellom elevane, aktivitet, leikprega læring, kortare økter, og å få bestemme meir sjølv korleis dei skal lære.
Det mest interessante er skildringane av korleis det kjennest å kjede seg på skolen. Her brukar elevane ord og uttrykk som gjer det tydeleg at vaksenverda bør ta dette på alvor. Svara deira skilte seg i typiske kamp-flukt-frys-responsar, noko som vanlegvis vert omtalt som alarmreaksjonar i stressande eller truande situasjonar.
I kategorien kamp-respons brukar elevane ord som sur, irritert, frustrert, dårleg humør, «vil ikkje gjere det vi skal» og «hat mot tilsette». Som flukt-respons skildrar elevane lengt etter friminutt og å få fare heim. Dei blir opptatt av tid, klarer ikkje fokusere, tenker på andre ting, gjer andre ting, ønsker seg vekk, blir rastlause, har for mykje energi og er distraherte. Det er flest frys-responsar som er skildra: sliten, lei, trøtt, tom for energi, demotivert, vondt i hovudet, tida går sakte, klarer ikkje konsentrere seg, klarer ikkje følgje med, lite fokus, deprimert, slapp.
Ei oppfordring om å gjere noko anna eller annleis
Å kjede seg gir altså ulike reaksjonar i kroppen, men kva er grunnen til at kroppen vår skaper desse reaksjonane? Dette er ein beskjed om at det vi gjer no ikkje kjennest meiningsfullt og at vi
. Følelsen kjem med eit tydeleg behov for å gjere noko anna eller annleis. For at det skal vere sunt å kjede seg må difor eleven ha moglegheit til å endre måten å lære på for å meistre, og det har elevar ofte ikkje. Dei sit fast i beskjeden dei har fått, og i staden for at følelsen får føre til meiningsfull endring, fører den til uhensiktsmessige reaksjonar som kamp, flukt eller frys.Nokre enkle grep som kan hindre keisemd
Når temaet er elevar som kjedar seg, er det naturleg at vaksne går i forsvar. Dette kan jo følast som kritikk. Likevel må ansvaret for endring ligge både hos skoleleiing, lærarar og politikarar på alle nivå. For rammene lærarane utfører yrket sitt i, er faktisk avgjerande for at dei skal klare denne viktige oppgåva. Nokre relativt enkle grep som kan hindre keisemd, kan skolar og lærarar prøve med ein gong:
1. Vis elevane relevans og meining
Det er avgjerande for elevar sitt engasjementet at dei forstår meininga med det vi ber dei gjere/lære: «Kva er grunnen til at elevane skal lære dette? Kva skal dei bruke kunnskapen til? Korleis kan eg få elevane til å forstå relevansen med dette?» Det er ikkje alltid heilt lett å sjå. Nokre ting skal vi jo lære fordi det er meiningsfullt for samfunnet at elevar får denne kompetansen, sjølv om enkelteleven ikkje ser meininga her og no. Andre gongar handlar det om å tileigne seg kunnskap eller ferdigheiter som kan verke meiningslause no, men som kjem til nytte seinare.
2. Bruk kunnskap om følelsar
Iver, interesse og engasjement er følelsar som gjer det mogleg å konsentrere oss om det vi skal gjere. Alt vekker ikkje like mykje interesse og engasjement, men iver kan vi hjelpe litt på veg. For å kjenne iver, må gapet mellom det eleven skal gjere/lære, og føresetnadane for å klare det vere akkurat passe stort. Når gapet blir for lite eller for stort, vil ikkje eleven kjenne meistring. Dette vil fort utløyse følelsen skam med beskjeden: «noko er feil med meg». For å sleppe å kjenne dette igjen, skrur kroppen like godt av iver neste gang eleven skal jobbe med liknande oppgåver, og vi har fått ein elev som kjedar seg. Individuell tilpassing er difor ein vesentleg nøkkel.
Fordi keisemd er omtrent som følelsar flest,
: «Eg forstår godt at du synes dette er kjedeleg. Det er ikkje noko rart. Det er dessverre mykje av det vi gjer både på skolen som kjennest kjedeleg sjølv om det er viktig.»3. Autonomi – la eleven få velje meir sjølv
Etterpå er det fint om vi kan sjekke om kroppen til eleven gir nokre nyttige impulsar om endring: «Er det andre måtar du kunne tenke deg å lære dette på?»
Elevar kan ikkje bestemme når dei skal lære eller kva dei skal lære, men kan vi la dei bestemme meir korleis?4. Legg opp til aktive timar og gi rom for aktivitet
Barn og unge har for mykje energi i kroppen til at vi bør be dei sitte lenge stille. Vi må bruke energien deira positivt, så ikkje ubrukt energi triggar keisemd. Elevar bør både få leike seg til læring og lære gjennom aktivitet. Når eleven må gjere noko kjedeleg, kan det også handle om å bryte det ned i mindre omfattande steg, og freiste med aktivitet etterpå: «Kan du gjere akkurat denne delen fram til dit? Så kan du få bevege deg litt før du går vidare?» Eller omvendt: «No ser eg at du kjedar deg. Bruk fem minutt på noko aktivt slik at du får kroppen i ein annan tilstand, så prøvar vi på igjen etterpå.»
Som eit minimum for å gjere noko med keisemd i skolen bør vi slutte å sei at det er sunt. Ja, av og til er det naudsynt å gjere kjedelege oppgåver, men då bør vi vise kvifor det er relevant. Så ofte vi kan bør elevar få lov å vere aktive i læringa si og sjølv få vere med å bestemme korleis dei skal lære. Om vi i tillegg klarer å individuelt tilpasse gapet mellom føresetnadar for læring og det som skal lærast, har vi grunn til å håpe på kvardagar fylt med iver i staden for keisemd. Hadde ikkje det vore fint?