UiA lanserer podkast om menn i barnehage
Fleire menn bør få augo opp for yrket som barnehagelærar. Det meiner tre pedagogar bak ein ny podkast som vil ta opp fleire interessante tema kvart semester.
Kvifor jobbar det så få menn i barnehage? Samarbeider menn betre med fedrar i barnehagen? Finst det maskulin omsorg? Og kva meiner barn om å ha menn i barnehagen?
Det er blant spørsmåla som vil bli tekne opp i podkasten Menn i barnehagen. Bak den står tre menn som har erfaring frå å ha arbeidd både som barnehagelærar og utdannarar av barnehagelærar på Universitetet i Agder (UiA).
– Vi vil få fram stemmene til menn som har eit engasjement for barn, ungdom og barnehage. Om barn får møte ein god miks av både kvinner og menn i barnehagen, så får dei oppleve likestilling i praksis i sine første leveår.
Det seier universitetslektor Svein Heddeland. Han er stipendiat i pedagogikk og tidlegare studieleiar ved barnehagelærarutdanninga på UiA.
Få menn jobbar i barnehage
Menn utgjer i dag rundt ti prosent av alle dei som jobbar i barnehage. Sidan 1997 har ambisjonen vore å auke dette til tjue prosent, men lite har skjedd.
– Barnehagelæraryrket bør bli synlegare og få ein høgare status enn i dag. For menn spesielt er dei mange moglegheitene i barnehager ein godt skjult løyndom, og det ønskjer vi å gjere noko med, seier universitetslektor Arve Hansen.
Han har mange års bakgrunn som barnehagelærar og pedagogisk leiar i barnehage.
Brei målgruppe
Podkasten er produsert ved UiA, og vil ha ulike gjester i tillegg til dei tre programleiarane. Målgruppa er alle som er interesserte i barnehage og barns oppvekst. Dette inkluderer også studentar, praksislærarar, tilsette i barnehage, og andre i høgare utdanning med barnehage som fagfelt.
– Temaa vi tek opp vil også vere aktuelle for kvinnelege fagpersonar som arbeider med barn i barnehage eller småskulen, seier praksisleiar i barnehagelærarutdanninga på UiA, Morten Halvorsen.
Podkasten er tilgjengeleg på dei fleste plattformer, og vil komme med tre episodar kvart semester. Her kan du høyre episodane som er publiserte så langt.
Hør episode fire her: