Fleire menn bør få augo opp for yrket som barnehagelærar. Det meiner tre pedagogar bak ein ny podkast som vil ta opp fleire interessante tema kvart semester.

– Vi håpar podkasten kan hjelpe til å rekruttere og behalde menn i barnehagelærarutdanninga og i yrket, seier Arve Hansen (t.v.). Saman med Svein Heddeland og Morten Halvorsen står han bak podkasten Menn i barnehagen.

Kvifor jobbar det så få menn i barnehage? Samarbeider menn betre med fedrar i barnehagen? Finst det maskulin omsorg? Og kva meiner barn om å ha menn i barnehagen?

Det er blant spørsmåla som vil bli tekne opp i podkasten Menn i barnehagen. Bak den står tre menn som har erfaring frå å ha arbeidd både som barnehagelærar og utdannarar av barnehagelærar på Universitetet i Agder (UiA).

– Vi vil få fram stemmene til menn som har eit engasjement for barn, ungdom og barnehage. Om barn får møte ein god miks av både kvinner og menn i barnehagen, så får dei oppleve likestilling i praksis i sine første leveår.

Det seier universitetslektor Svein Heddeland. Han er stipendiat i pedagogikk og tidlegare studieleiar ved barnehagelærarutdanninga på UiA.

Få menn jobbar i barnehage

Menn utgjer i dag rundt ti prosent av alle dei som jobbar i barnehage. Sidan 1997 har ambisjonen vore å auke dette til tjue prosent, men lite har skjedd.

– Barnehagelæraryrket bør bli synlegare og få ein høgare status enn i dag. For menn spesielt er dei mange moglegheitene i barnehager ein godt skjult løyndom, og det ønskjer vi å gjere noko med, seier universitetslektor Arve Hansen.

Han har mange års bakgrunn som barnehagelærar og pedagogisk leiar i barnehage.

Brei målgruppe

Podkasten er produsert ved UiA, og vil ha ulike gjester i tillegg til dei tre programleiarane. Målgruppa er alle som er interesserte i barnehage og barns oppvekst. Dette inkluderer også studentar, praksislærarar, tilsette i barnehage, og andre i høgare utdanning med barnehage som fagfelt.

– Temaa vi tek opp vil også vere aktuelle for kvinnelege fagpersonar som arbeider med barn i barnehage eller småskulen, seier praksisleiar i barnehagelærarutdanninga på UiA, Morten Halvorsen.

Podkasten er tilgjengeleg på dei fleste plattformer, og vil komme med tre episodar kvart semester. 

Hør episode fire her: