No får 23 tilsette i offentleg sektor til saman 46 millionar kroner til doktorgradsprosjekta sine. Dei skal mellom anna forske på korleis kunstig intelligens kan få bukt med grensekriminalitet, gjere forsvaret betre og sikre betre prioritering ved tildeling av sjukeheimsplassar.

– Offentlege tenester blir betre og meir effektive når dei er kunnskapsbaserte. Desse prosjekta vil gi forsking som skal løyse konkrete problem i offentleg sektor. Det treng vi for å utvikle løysingar som fungerer, og for at vi som samfunn kan ta forskinga raskare i bruk, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).

Han understrekar at doktorgradsprosjekta vil bidra til å auke forskingsinnsatsen i ulike offentlege verksemder, styrke kompetansen i offentleg sektor og fremje samarbeidet mellom akademia og det offentlege.

Skal bli betre på å avsløre falske passbilete

Politidirektoratet får støtte til eit prosjekt som skal gi betre kunnskap om manipulasjon av ansiktsbilete og styrke grensekontrollen. Det er svært utfordrande for både menneske og maskiner å avdekke manipulasjon av ansiktsbilete i reisedokument. Denne typen kriminalitet er ein trussel for Schengens yttergrense.

Nokre svært få menneske er gode til å avdekke manipulasjon og morfing, som betyr at ein blandar to eller fleire bilete. Ved hjelp av såkalla eye-tracker-teknologi skal kandidaten analysere kva desse menneska ser på og legg til grunn for vurderingane sine. Informasjonen kan brukast til å gjere algoritmane betre og utvikle opplæring for tilsette.

Stressmeistring for spesialstyrkane

Eit prosjekt i Forsvaret vil kartlegge forskjellar i evne til stressmeistring mellom soldatar under seleksjon og erfarne soldatar i ein norsk spesialstyrke, og dessutan teste treningsmodellar for å utvikle evna til å handtere stress gjennom å la erfarne soldatar lære opp nye soldatar. Målet er å auke prestasjonsevna til spesialoperatørar tidlegare i karrieren.

Meir rettferdig planlegging av behandlingstilbod og sjukeheimsplassar

Tromsø kommune set i gang eit prosjekt der målet er å forbetre prioritering og tildeling av langtidsopphald i sjukeheim. Prosjektet vil utvikle ny kunnskap for å gi betre ressursutnytting og planlegging av helse- og omsorgstenestene i framtida. Gjennom fokusgrupper og dokumentanalysar vil forskinga bidra til at avgjerdsprosessane blir meir transparente. Fordelinga av ressursar skal bli meir rettferdig, som til dømes behandlingstilbod og sjukeheimsplassar, og utvikle system for effektiv prioritering.

Forskingsrådet deler ut pengane gjennom ordninga offentleg sektor phd.

– Vi treng auka forskings- og innovasjonsaktivitet i offentleg sektor og eit tettare samarbeid mellom forskingsinstitusjonane og offentlege aktørar. Forskingsbasert innovasjon er avgjerande for å kunne løyse dei store utfordringane vi no står framfor, seier administrerande direktør i Forskingsrådet Mari Sundli Tveit.

Desse prosjekta blir finansierte (Prosjekter som omhandler utdanningsforskning er uthevet):

Prosjekttittel 

Søker

Hvordan ser god bruk av forskning ut i skolen?  STAVANGER KOMMUNE
Skoleeiers analysekompetanse  ØSTRE TOTEN KOMMUNE
Observasjon og tilbakemelding som grunnlag for profesjonsutvikling i barnehager.  BÆRUM KOMMUNE
Elevens stemme i transfaglig undervisningsdesign DRAMMEN VIDEREGÅENDE SKOLE
Fra seleksjon til prestasjon - Utvikling av psykologiske egenskaper for å prestere under press blant norske Spesialstyrker i Forsvaret.  FORSVARET
Religious extremism in Pakistan and its impact on Norwegian society  ØSTFOLD FYLKESKOMMUNE
Erfaringer med bruk av Møte med aggresjonsproblematikk (MAP) i kommunehelsetjenesten  STAVANGER KOMMUNE
Musea i samfunnets teneste - ein museal spagat mellom lokal forankring, regional konsolidering og nasjonal nettverksbygging  MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE
«Bærekraftig ledelse, innovasjon og statlig arbeidsliv i møte med generativ kunstig intelligens.»  DIREKTORATET FOR FORVALTNING OG ØKONOMISTYRING
Vikingtidens Agder mellom øst, vest og sør  AUST-AGDER MUSEUM OG ARKIV IKS
Utenfor-Innenfor: Unges erfaring og kunnskap fra utenforskap og inkludering BLÅ KORS NORGE
Innovative bærekraftige læringsarenaer: Utvikling av didaktiske ferdigheter i teknologi og naturfag på fremtidens skaperverksteder  STIFTINGA JÆRMUSEET
EUs helsepolitikk under og etter covid-19-pandemien - hva betyr den for Norge?  HELSEDIREKTORATET
Kommunalt risikobilde - på veien mot en altomfattende risikostyring  OSLO KOMMUNE BEREDSKAPSETATEN
Kampen om Lapplandsmalmen. Sikkerhetspolitiske utfordringer, respons og stedlig interaksjon med stormaktenes spioner  NARVIKSENTERET
Prioritering og tildeling av Langtidsopphold I Sykehjem: En studie av kommunal forvaltningspraksis (PLIS)  TROMSØ KOMMUNE
Hvordan kan god tilpasset opplæring og universelle tiltak fremme skolenærvær hos sårbare grupper i grunnskolen.  SUNNFJORD KOMMUNE
EDUCATE: Underveisvurdering og KI i skolen i lys av Fagfornyelsen  HARTVIG NISSENS SKOLE
Helsetjenestebruk og skrøpelighetsutvikling: Evaluering av tjenestemodeller  TRONDHEIM KOMMUNE
Veiledning i institusjonsbarnevernet: Hvordan øke inntoning og refleksjon hos veiledere og miljøpersonale?  BARNE-, UNGDOMS- OG FAMILIEDIREKTORATET
Virkning og effekt av områderettet innsats for utsatte barn og unge.  TRONDHEIM KOMMUNE
Munch og USA. En studie av vandreutstillingen «Edvard Munch» (1950-51).  KODE KUNSTMUSEER OG KOMPONISTHJEM
Biometri og presentasjonsangrep - Samspill menneske og maskin, KI og rettferdig behandling. POLITIDIREKTORATET