Barns stemme og deltaking i spesialpedagogisk forsking – ein studie av doktoravhandlingar ved Institutt for spesialpedagogikk i perioden 2010–2020
I kva grad og på kva måte får barn delta i forsking som omhandlar dei sjølve og deira kvardag?
Artikkelen er basert på ein studie som omhandlar barns stemme og barns deltaking som kjelder i spesialpedagogisk forsking, der det blei gjort ein kvalitativ dokumentanalyse av doktorgradsavhandlingar (ph.d.) avlagde ved Institutt for spesialpedagogikk (ISP) ved Universitetet i Oslo i tidsrommet 2010–2020. Føremålet med studien var å finne svar på i kva grad og på kva måte barn får delta i forsking som omhandlar dei sjølve og deira kvardag. Dei epistemiske bidraga som ligg i forskinga der barn har vore aktive i forskingsprosessen, var òg viktige å setje søkjelys på. Sentralt for arbeidet var å undersøkje tendensar i forskinga, for å kunne gjere ei samanlikning med dei undersøkingane Reidun Tangen (2011) gjorde av doktoravhandlingar ved ISP i tidsrommet 1990–2009.
Children's voice and participation in special educational research – a study of doctoral dissertations in special education, at ISP in the period 2010–2020
The article is based on a study that deals with children's voices in special education research, where a qualitative document analysis was made of doctoral dissertations submitted at the Department of Special Education (ISP) in the period 2010–2020. The purpose of the study was to find answers to what extent, and in what way, children can participate in research that deals with themselves and their everyday life. The epistemic contributions that lie in the research where children have been active in the research process was also a focus in the work. Central to the work otherwise was to seek trends in research, to be able to make a comparison with the research Reidun Tangen (2011) did on doctoral dissertations at ISP in the period 1990–2009.
Tangen (2011) sin forskingsartikkel «Barns stemme i spesialpedagogisk forskning» hadde som føremål å finne svar på i kva for utstrekning og på kva måte barn har deltatt i spesialpedagogisk doktorgradsforsking utgitt ved ISP i tidsrommet 1990–2009 (s. 39). I første del belyser Tangen (2011) gjennom kartlegging kor ofte barn på ulike alderstrinn frå barnehagealder til eldre ungdom har vore kjelder for data. Vidare er det gjort ein studie av avhandlingane sine forskingsstrategiske og metodiske tilnærmingar for å kunne belyse kva måte barn har deltatt på. Tangen si forsking syner at både foreldre, lærarar, spesialpedagogar og andre tilsette i ulike hjelpetenester deltar i undersøkingar og forsking der dei er informantar og opptrer som «stemme» for dei såkalla spesialelevane. Når barn sjeldan opptrer åleine som kjelder for data og det er stor variasjon i korleis barn deltar i den spesialpedagogiske forskinga, gjer det ein uviss på om barna sine stemmer blir høyrde (Tangen, 2011, s. 52).
Eit føremål med undersøkinga som eg skriv om i denne artikkelen, og som er ein tilnærma replikasjon av Tangen si undersøking, har vore å avdekkje om det har vore ei endring når det gjeld barn si deltaking på det spesialpedagogiske forskingsfeltet det siste tiåret frå 2010 til 2020 (Rossland, 2021). Søkjelyset har òg vore på barn si stemme i forskinga, det vil seie å lytte til barn som er informantar, og til det dei formidlar av eigne subjektive erfaringar omkring eit bestemt temaområde innanfor den forskinga som går føre seg i Noreg ved ISP. Intensjonen var å undersøkje kva for mekanismar som har, eller kan få, innverknad på ei eventuell endring innanfor det spesialpedagogiske forskingsfeltet når det gjeld å inkludere barn i forsking som omhandlar dei sjølve.
Å avklare desse mekanismane vil vere viktig både for å kunne seie noko om kunnskapsfeltet spesialpedagogikk, og for at ein skal kunne leggje best mogleg til rette for barn med pedagogiske utfordringar og med ulike funksjonsnedsetjingar. Eit anna mål er å skape merksemd kring epistemisk rett/urett (Fricker, 2007) på det spesialpedagogiske feltet og å setje lys på nye perspektiv. Epistemisk urett omhandlar den manglande kunnskapen ein har om menneske, område og tema i samfunnet. Det eksisterer ein ubalanse, og den epistemiske uretten kan bli synleg der ulike grupper i samfunnet blir marginaliserte. Gruppa med spesialelevar kan sjåast på som ei slik marginalisert gruppe, ei sårbar gruppe, som i enkelte situasjonar blir fråtatt si stemme og sine moglegheiter til å bli høyrt (Fricker, 2007; Rossland, 2021).
Gir forskinga oss epistemiske bidrag når det gjeld å inkludere barn i forskinga? Omgrepet epistemisk bidrag kan i denne samanhengen forståast som noko som gjer det mogleg å utføre forsking som gir barn rom for å kunne delta, bli inkluderte og gjere barna sine stemmer synlege. Det dreier seg om å synleggjere legitimiteten av kunnskap på det spesialpedagogiske feltet. Ved å gjere ein tilnærma replikasjon av Tangen si undersøking frå 2011 ville ein kunne samanlikne resultata og finne svar på om det har skjedd endringar i vektlegginga av barns stemme i doktorgradsavhandlingar avlagde ved ISP.
Barn har ein grunnleggjande rett til kvalitetsforsking kring eigen barndom og eigne liv (Kellett, 2010; Johansson mfl., 2013). Barn innanfor det spesialpedagogiske fagfeltet er særleg sårbare og er slik sett ei marginalisert gruppe. Mange omsyn må takast når barn er involvert i forsking. I tillegg til dei forskingsetiske omsyna som skal følgjast, må forskaren òg tilpasse metodeval og forskingssituasjon til forskinga sitt føremål og leggje til rette slik at informantane kjenner seg trygge både i situasjonen og på forskaren.
Forsking der barn skal delta direkte, set særlege krav til både planlegging og gjennomføring. Rammene kring tidsbruk og naudsynte ressursar, til dømes økonomi, er viktige grunnleggjande føresetnadar for å kunne inkludere barna i forskinga. Dei forskingsetiske retningslinene legg føringar for val av design og gjennomføring. I enkelte tilfelle blir det hevda at det forskingsetiske ansvaret for å verne barn kan helle mot å bli overbeskyttande og dermed stå i fare for å hindre ei mogleg deltaking. Ein balanse mellom det å verne på den eine sida og la barn delta i forsking på den andre sida gir oss utfordrande forskingsetiske dilemma som endringar ved dei forskingsetiske retningslinene kan oppheve.
Derimot kan reglar for det å stige varsamt fram fungere både som premissar for inkludering og ekskludering av enkelte grupper av informantar i samfunnsvitskapleg forsking. Definisjonane av sårbarheit for bestemte grupper innanfor forskingsetikken kan òg vere med på å gi ei einsidig problemorientering med omsyn til å oppnå den ønskte kunnskapsproduksjonen om desse sårbare gruppene (Strandbu & Thørnblad, 2010). Her vil klare retningsliner og god forskingspraksis som legg til rette for og inkluderer desse ulike gruppene si deltaking i forsking, kunne gi betring. Særleg for dei barna som er i sårbare eller utsette situasjonar.
Å utelate barn frå forskinga på det spesialpedagogiske feltet kan samanliknast med å hindre ei marginalisert gruppe frå deltaking. Teori kring epistemisk urett (epistemic injustice) og epistemisk drift set lys på viktige område og grupper i samfunnet som har trong for å bli gjorde synlege og bli høyrde (Fricker, 2007; Murris, 2013).
Barn si stemme og barn si deltaking
Teori kring det å lytte til barn si stemme og barn si deltaking dreier seg særleg om inkluderande opplæring der ein med fleksibel tilnærming gjer det mogleg å få fram stemmene til elevane både i forsking og i praksis (de Boer & Kuijper, 2020; Warren mfl., 2020; Johansson mfl., 2013; Østby mfl., 2019). Inkludering er eit grunnleggjande prinsipp i den norske skulen. Saman med prinsippa tilpassa opplæring og tidleg innsats skal inkludering, ifølgje § 1-3 i opplæringslova, gi elevane eit læringsmiljø der dei kan utvikle seg både fagleg, sosialt og kulturelt (Barneombodet, 2017; Olsen mfl., 2016; Opplæringslova. 1998).
Ideen om at barn er ekspertar i eigne liv, kan vere ei stadfesting for forskinga reint metodologisk. Mykje tyder på at forskinga no meir skjer med barn enn på barn. Det kan difor vere mogleg at barn er meir deltakande informantar enn tidlegare. Ein har dei siste åra vore vitne til at ein i større grad inkluderer barn som subjekt i forskinga (Svendby mfl., 2019; Tangen, 2011; Meld. St. 18, 2010–2011). Å lytte til barn si stemme er ein føresetnad for inkludering, og det blir sett på som ein føresetnad i arbeid med barn og unge når ein søkjer innsikt i elevane sine eigne perspektiv. Forskarar verkar samde om at det er naudsynt å gi barn sjanse til å vere deltakarar i forskinga (Johansson mfl., 2013; Tangen, 2012; Tingstad, 2019, Trondsen & Eriksen, 2019; Ytterhus og Åmot, 2019). Det handlar om å sjå verdien av kunnskapen, erfaringane, interessene og behova barn har, å evne å sjå det ut frå barna sin ståstad – barnet sitt perspektiv.
Metode og materiale
Hovudkriteria for utvalet i denne replikasjonen er dei same som hos Tangen (2011, s. 41–42), nemleg at forskaren har nytta intervju som metode, og at barna/elevane (0–18 år) sjølve har vore direkte medverkande i forskinga ved å vere informantar i intervjua. Eit fagleg argument for å gjere ein replikasjon av tidlegare forsking er omsynet til ressurssvake fagområde med avgrensa forskingsressursar. Ein replikasjon kan etterprøve tidlegare funn og identifisere nye tendensar (Befring, 2015). For samanlikning er det i denne studien nytta same framgangsmåte, innhentingsmetode av datautval, utvalskriterium og kategorisering som Tangen (2011) gjorde i si undersøking. Utgangspunktet for undersøkinga var alle avhandlingar frå 2010–2020 gitt ut ved ISP, basert på ein nøye detaljert søkjeprosess, der dokumenta blei kategoriserte og systematiserte. I perioden 2010–2020 blei det avlagt 47 avhandlingar ved ISP. Av desse er 41 avhandlingar forska fram i Noreg og inkluderte i mi undersøking (Tabell 1).
TABELL 1 Deltakarar/kjelder i doktorgradsavhandlingane ved ISP i perioden 2010–2020.
*Avhandlingane nr. 9, 16, 17, 21, 26 og 41 er utelukka frå min studie då forskinga ikkje er utført i Noreg.
Analyse og funn i materiale
Analysen er gjennomført i ulike steg. Først blei det gjennomført ei kartlegging av informantar i alle avhandlingane ved ISP i perioden 2010–2020. Dette gjorde det mogleg å samanlikne barns deltaking i høve til omfanget av deltaking av vaksne. Neste steget var ei kartlegging og sortering av dei avhandlingane der barna har vore informantar eller har deltatt i dataproduksjonen. Funna i tabell 2 syner at det gjeld for 34 avhandlingar, der barn (0–18) har vore deltakande i observasjon og intervju.
På kva måtar deltar barn i den spesialpedagogiske forskinga ved ISP?
Tabell 2 gir oversyn over metodar og instrument som er nytta i innsamling av data, og har til føremål å finne ut på kva måte barn har fått deltatt og kome til orde i forskinga. Her er det nytta metodar som medfører at barn opptrer direkte som kjelde for data, til dømes: observasjon, intervju, testar/ prøvar, spørjeskjema (instrument for sjølvrapportering) og barn sine eigne tekstar (elevarbeid). Dei prosjekta som har nytta andre typar tekstar og dokument, som til dømes utdanningspolitiske dokument og planar (arbeidsplanar, individuelle opplæringsplanar IOP, elevrapportar), er kjelder som er utarbeidde av vaksne og difor ikkje tatt med.
TABELL 2 Barn som informantar/deltakarar fordelt etter metode for datainnsamling (talet på deltakarar) ved ISP i perioden 2010–2020.
n = summen av avhandlingar der born 0–18 har vore deltakande i observasjon og intervju.
* Tala i hakeparentes [ ] syner der som samtaler/intervju primært er nytta som ledd i pedagogisk tilrettelegging av situasjon og særkundert som supplerande datakjede.
Tala i parentes angjev nummeret på kjedene (jf. oversikt over alle avhandlingar).
Dei avhandlingane som er merkte grøne, har nytta intervju som forskningsmetode og utgjer hovudutvalget for prosjektet.
Tabell 2 syner at for dei yngste barna, barnehagebarna, er det testar/prøvar og observasjon som er mest nytta metodar. Elevane i grunnskulen har deltatt i gjennomføring av testar/prøvar og intervju, medan dei eldste elevane i vidaregåande skule/ eldre ungdom deltar i lik grad ved observasjon, intervju og testar/prøvar.
Barnehagebarn si stemme – metodiske utfordringar
I 17 av dei 41 doktoravhandlingane har barnehagebarn vore deltakarar. Det er i hovudsak nytta observasjon og testar som metodisk tilnærming. Relasjon, samhandling/kommunikasjon og språkutvikling er temaområde som blir forska på i denne gruppa (Nærland, 2011; Olsen, 2019; Ruud, 2010; Vonheim, 2013). Desse avhandlingane har eit fellestrekk med det føremål å få fram korleis barna si stemme kan bli høyrt, korleis ein utviklar kunnskap, og korleis ein er medviten om kommunikasjon med små barn. Då dette kjem fram gjennom observasjon av barn i relasjon med andre barn og vaksne, og i intervju av nærpersonar, valde eg å ikkje rekne barna i denne gruppa for direkte informantar.
Området språk og språkutvikling er no, som òg Tangen hevda, eit området der ein har ønske om å gi eit sikrare fagleg grunnlag for å kunne hjelpe barn i deira språkutvikling og med å førebyggje for språkvanskar (Tangen, 2011). Eg finn at det blir lagt vekt på forskingsområdet lese- og skrivevanskar, og at det særleg har vore eit sentralt føremål når det gjeld barnehagebarn og barn i dei første åra på barneskulen (Klem, 2014; Brinchmann, 2016; Karlsen, 2014). I avhandlingar der temaet språk- og språkutvikling er retta mot eldre elevar, er det i samanheng med andre vanskar og utfordringar (Aasen, 2015; Vik, 2010; Haukedal, 2020; Kalandadze, 2019).
Elevar i grunnskulen – framleis ei sentral målgruppe i den spesialpedagogiske forskinga
Meir enn halvparten av alle avhandlingane (24 av 41) der barn og ungdom har deltatt, omhandlar elevar i grunnskulen. Undersøkingane her syner at det er i denne gruppa ein finn hovudmaterialet av forskinga, både når det gjeld der barn er direkte involverte i forskinga, og der andre er det, det vil seie pedagogar, andre fagpersonar og føresette som representerer barna (Rossland, 2021). I denne gruppa ser ein at barn si deltaking skjer i både observasjon, intervju, testar/prøvar og gjennom spørjeskjema. Dei fleste avhandlingane i denne målgruppa har nytta testar og prøvar. Ein ser òg at det i desse testresultata er supplert med anna informasjon, som til dømes er henta ved å nytte intervju og observasjon. Det er berre fem avhandlingar som nyttar intervju. Nortvedt (2011), Olsen (2012a), Sølvik (2013), Faldet (2013) og Garrels (2019) sine doktoravhandlingar er difor alle inkluderte i dette hovudutvalet.
Elevar i vidaregåande skule, eldre ungdom – ei underrepresentert gruppe i den spesialpedagogiske forskinga
Det er berre i 6 av dei 41 avhandlingane at barn/ eldre ungdom er deltakarar i doktorgradsprosjekta. Elevar i den vidaregåande skulen / eldre ungdom er ei underrepresentert gruppe i den spesialpedagogiske forskinga. Her har elevane deltatt i forskinga både gjennom observasjon, intervju, testar/prøvar og gjennom spørjeskjema. Det er ikkje éin særskilt tilnærmingsmåte som dominerer i denne gruppa.
Samanlikning av eigne funn i 2021 versus Tangen sine funn i 2011
Å utføre ein tilnærma replikasjon av ei tidlegare undersøking handlar om å sjå etter endringar og tendensar på eit bestemt forskingsfelt. Sidan framgangsmåten, tilnærmingane, rammeverket og utvalskriteria er dei same som Tangen nytta i 2011, har det gitt utgangspunkt for ei samanlikning på mange område. Dette blir synleggjort i tabell 3, der det blir presentert ei samanlikning av kven som var deltakarar i avhandlingane ved ISP i periodane 1990–2009 og 2010–2020. Tabell 4 gir eit bilde på kvar det har vore nedgang eller auke når det gjeld metodar for innsamling av data der barn har vore informantar.
TABELL 3 Deltakarar/kjelder i doktorgradsprosjekta ved ISP. Samanlikning av funn i perioden 1990–2009 (Tangen, 2011) og mine funn i perioden 2010–2020 (Rossland, 2021).
TABELL 4 Barn som informantar/deltakarar fordelte etter metode for innsamling (talet på deltakarar) ved ISP i tidsrommet 1990–2009 og 2010–2020.
n = 33 (1990–2009)
n = 34 (2010–2020)
n = antall avhandlinger der barn har deltatt (konsekvensretting)
* Tala i hakeparentes [ ] syner der som samtalar/intervju primært er nytta som ledd i pedagogisk tilrettelegging av situasjon og serkundært som supplerande datakjede
Doktorgradsprosjekta syner for perioden 2010–2020 som for perioden 1990–2009 i stor grad å vere empiriske prosjekt der data er baserte på levande kjelder. Barn / elevar i grunnskulen er dei som oftast har deltatt i doktorgradsforskinga ved ISP i perioden 2010–2020. Det er samanfallande med Tangen (2011) sine funn frå perioden 1990–2009.
Elevar i grunnskulen er framleis ei sentral målgruppe i den spesialpedagogiske forskinga, noko som òg blei påpeika av Tangen i undersøkinga i 2011. Begge undersøkingane syner òg at det er gruppa med barn i grunnskulen som oftast har deltatt i intervju, sjølv om denne gruppa òg deltar i både observasjon og kartlegging/testar. Funna mine syner i 2021, som Tangen (2011) påpeikar, at nokre av avhandlingane har eit longitudinelt design. Dei strekkjer seg over fleire år frå barnehagealder og/eller over tid i grunnskulen, som til dømes Karlsen (2014).
Temaområda barn si utvikling og kompetanse innan språk og matematikk, som Tangen presenterte i 2011, er framleis sentrale tema i nokre av avhandlingane i utvalet mitt frå perioden 2010–2020, til dømes Gillespie (2016) og Nortvedt (2011).
Observasjon, testar og kartlegging er tilnærmingar som er mykje nytta metodar i gruppa barn i grunnskulen, medan intervju berre er nytta i 5 av dei 24 avhandlingane. Dette samsvarer med resultata til Tangen frå perioden 1990–2009, sjølv om vi ser ein liten nedgang i bruken av intervju og ein større auke i observasjon i denne gruppa.
Gruppa med elevar frå vidaregåande skule / eldre ungdom syner seg framleis å vere underrepresentert i forskinga. For perioden 2010–2020 finn ein at elevane i denne gruppa deltar sjeldnare i forskinga enn det som synte seg i Tangens studie frå 1990–2009.
Utgreiingar av kunnskapsstatus gjort tidlegare på det spesialpedagogiske feltet har, ifølgje Tangen (2011), avdekt at vidaregåande skule har vore svært lite utforska. Sjølv om det i dei seinare åra har vore stor merksemd på problematikken kring fråfall i den vidaregåande skulen, er det difor av interesse at det ikkje har vore meir forsking på dette området. Ein ser av tabell 3 ein heller sterk nedgang, frå 21 prosent deltaking i perioden 1990–2009 til 14 prosent deltaking i perioden 2010–2020. Elevar/ studentar i denne gruppa deltar på ulike måtar i forskinga, både med observasjon, kartlegging/ testar og intervju. Det er interessant å merke seg at dei eldste barna sjeldnare deltar i intervju i 2010– 2020 enn i perioden 1990–2009.
Dei yngste barna, barnehagebarna, deltar oftare i forskinga i perioden 2010–2020 enn det dei gjorde i perioden 1990–2009. Funna frå denne studien syner at dei har deltatt i 41 prosent av avhandlingane, noko som gir ein auke i deltakinga på heile 25 prosent. Dette er ein markant auke, då Tangen (2011) si undersøking synte til at denne gruppa deltok sjeldnast i forskinga i perioden 1990–2009. Barnehagebarna deltar oftast i observasjon og testar/kartlegging. Det samsvarer med Tangen (2011) sine funn frå perioden 1990–2009. Det er òg interessant at i den siste tiårsperioden, frå 2010–2020, har barn deltatt i 34 av studiane, medan dei i tjueårsperioden 1990–2009 berre deltok i 33 av forskingsstudiane ved ISP. Dette gir ein klar indikasjon på større involvering av barn i forskinga ved ISP (Rossland, 2021).
Hovudutval av doktoravhandlingar etter avgrensingskriterium
Etter ytterlegare avgrensingar omfatta det endelege datautvalet mitt fem av doktorgradsavhandlingane som blei gitt ut ved ISP i tidsrommet 2010–2020. Dette var:
- Nortvedt, G. (2011). Norwegian Grade 8 Students' Competence in Understanding and Solving Multistep Arithmetic Word Problems.
- Olsen, M.H. (2012). Inkludering i et innenfra og et utenfra.
- Faldet A.C. (2013). Jenter som utøver vold – en empirisk studie av jenters erfaring med gjengaktivitet, familie og skolegang.
- Sølvik, R. (2013) Friluftsliv som sosialt læringslandskap for ungdom i risiko.
- Garrels, V. (2019). Promoting selfdetermination for adolescents with mild intellectual disability: validation of a selfdetermination measure and evaluation of an educational intervention.
Nortvedt (2011) si avhandling har nytta ei dobbel tilnærming og tar i bruk intervju og testar/kartleggingsprøvar på elevar på 8. klassetrinn. Avhandlinga til Olsen (2012a) omhandlar inkludering av elevar med erverva skade, og det er nytta intervju av ein elev. Faldet (2013) nyttar kvalitative forskingsintervju, djupneintervju, i sin studie, og presenterer eit utval av jenter sine eigne perspektiv og eigne røynsler av korleis dei forstår eiga utøving av vald og gjengdeltaking. Sølvik (2013) har nytta både deltakande observasjon og intervju i sin studie på eit utval elevar i 8.–10. klasse der ein legg til rette pedagogisk for friluftsliv i eit læringslandskap. Garrels (2019) si avhandling omhandlar korleis ein kan måle graden av sjølvbestemming i skulen for elevar/studentar med lett utviklingshemming, ved hjelp av ulike verktøy. Garrels (2019) nyttar kognitive intervju og spørjeskjema, og informantane i avhandlinga er elevar i alderen 12–16 år.
Tendensar i datamaterialet
Datamaterialet syner at elevar har vore direkte involverte i alle dei fem forskingsprosjekta. Både Olsen (2012a), Faldet (2013), Garrels (2019) og Sølvik (2013) påpeikar at barn må bli sett og høyrde i samanhengar der forskinga er reell for deira livssituasjon.
Faldet (2013) hevdar at ein bør leggje til rette for barns perspektiv i forskinga, og ho stiller spørsmålet «Har vi moralsk rett til å la være?» og hevdar vidare «(…) etikken krever at vi får fram deres perspektiver. Det kan være en grunn til å gå ut fra at disse jentene i flere sammenhenger er en utsatt gruppe, det vil si en gruppe som står svakt når det gjelder å ivareta egne behov» (ibid., s. 107).
Det er interessant korleis Faldet (2013) kombinerer dei ulike tilnærmingsmåtane: deltakande observasjon og intervju. Dette gir oss ny kunnskap og vil kunne reknast som eit epistemisk bidrag når det gjeld moglege kombinasjonar av tilnærmingsmåtar i den spesialpedagogiske forskinga. Relasjonen mellom forskar og informant løftar Faldet fram som svært viktig, då det å vere forskar ikkje først og fremst gir ein rett til, men eit ansvar for, å gjere ein innsats for dei ein har makt over. Informantane i avhandlinga hennar var positive til metoden som gav dei nye perspektiv (ibid., s. 108).
Ein kan i den samanheng trekkje parallellar til Olsen (2012a) si avhandling. Ho poengterer verdien av å ta i vare det relasjonelle tillitsforholdet mellom forskar og informant. Innsamling av data gjekk føre seg både ved observasjon, kvalitative forskingsintervju og tekstanalyse. Såleis kan kombinasjonar av metodar og tilnærmingsmåtar seiast å vere område der ein får innspel til nye framgangsmåtar, oppdagingar og erfaringar i høve til korleis ein kan forske både med, på og saman med barn innanfor det spesialpedagogiske området. Garrels (2019) skriv om sjølvbestemming og legg vekt på det relasjonelle planet mellom forskar og informant.
I avhandlingane i hovudutvalet der det er nytta intervju som metode, er alle forskarane opptatt av at barna/elevane sine stemmer må kome fram. Ein føresetnad for dette er forskaren si evne til å lytte. Sølvik (2013 s. 16) vil med si undersøking freiste «(...) å bidra til ein auka kunnskap om forståing av friluftsliv som sosialt læringslandskap, i lys av opplevingane til ungdom i sosial risiko». Sentralt i undersøkinga står òg den relasjonen mellom læring og læringslandskap som ifølgje Sølvik er uløyseleg. Nortvedt (2011) hevdar at elevane ser verdien av aktiv deltaking i ein studie som omhandlar dei sjølve, og at deira medverknad kan ha verdi for forskinga. Her ser ein kunnskapsutvikling i praksis.
Vidare drøfting av epistemiske bidrag
Av 41 empiriske studiar der det er henta inn datamateriale direkte frå barn og/eller vaksne, har barn og ungdom deltatt i 34 (83 %) av studiane, medan vaksne med særskilde behov har deltatt i 5 (12 %) av prosjekta. Ifølgje Tangen (2011) si undersøking frå 1990–2009 er det ikkje uventa at fagfolk opptrer som informantar i den spesialpedagogiske forskinga. Det er heller ikkje uventa at det oftast er lærarar som er representantar for desse barna. I mitt materiale frå 2010–2020 opptrer pedagogar og andre fagfolk / administrasjon i 14 (34 %) av dei 41 prosjekta. Foreldre/føresette er nytta som informantar i 9 (22 %) av prosjekta.
Gjennom analysen av eigne data dannar det seg relativt tidleg eit tydeleg bilde av at barn og ungdom sjeldan opptrer åleine som kjelder for data. Det er òg samanfallande med tidlegare funn (Tangen, 2011, s. 52). I fleirtalet av avhandlingane har forskarane nytta både barn og fagfolk/foreldre som kjelder. I enkelte av prosjekta ser ein at det er områda samspel, kommunikasjon og relasjonar som blir studerte, og det er då naudsynt å involvere alle partar. I andre samanhengar ønskjer ein å samanlikne dei ulike gruppene sine svar, til dømes elevane og dei vaksne nærpersonane, anten det er foreldre eller fagpersonar. For forskaren blir det då naudsynt å ha eit vidare perspektiv på det som skal studerast. Desse argumenta samsvarer òg med Tangen sine funn frå 2011. Ei samanlikning tyder på at det framleis er mykje som er samanfallande innanfor den spesialpedagogiske forskinga.
Ut frå eige materiale deler eg Tangen (2011) si oppfatning om at det er rimeleg å forvente at barn og unge deltar på ein aller annan måte i eit fleirtal av empiriske doktoravhandlingar på det spesialpedagogiske fagfeltet. Tangen (2011) stiller spørsmål ved den tradisjonelle oppfatninga av barn og unge som lite truverdige kjelder som årsak til at barn sjeldan deltar i den spesialpedagogiske forskinga. Dette kan i dag verke meir usikkert. Teori og forskingsdata på området indikerer eit felles ønske hos forskarane om å få fram barna sine meiningar og tankar kring eigne utfordringar og eigen situasjon. Dette kan ha samanheng med metodeval som betre får fram barnet si stemme i forskinga sett i forhold til i tida fram til 2009.
Gjennom analyse, kategorisering og tematisering har eg her valt å utdjupe to hovudområde eg finn interessante, prega av nyskaping og nytenking.
- Bruk av nye kombinasjonar av ulike metodar som gir barna rom for å kunne delta utifrå sine føresetnader (Kombinasjonar av metode).
- Forskaren nyttar nye læringsarenaer i forskinga. Det står òg fram som ny kunnskap på forskingsfeltet (Forsking i nye læringslandskap).
Felles for desse to områda er at dei er relaterte til praksis, og dei kan sjåast på som epistemiske bidrag i forskinga ved ISP det siste tiåret. Ser ein på dette forskingsbidraget som ei forlenging og ei vidareføring av Tangen si undersøking frå 1990–2009, gir det samla sett eit oversyn over doktoravhandlingar som er gitt ut ved ISP over ein periode på heile 30 år.
Gjennom desse åra har det skjedd ei klar utvikling på det spesialpedagogiske feltet når det gjeld samfunnsmessige haldningar og syn, både med tanke på rettar og tilpassingar for elevar som treng særskilt opplæring. Inkludering, tilpassa opplæring og tidleg innsats har stor merksemd i både barnehage og skule. Teori på feltet syner at det er både aukande kunnskap og interesse kring barns kompetanse. Det er tydeleg at barn og unge har blitt meir synlege i samfunnsforskinga. Dei blir sett på som viktige kjelder til kompetanse, og deira synspunkt blir oftare sett på som legitime (Eide mfl.,., 2010, s. 4; Hagen & Lyng, 2019, s. 7).
Det er likevel tankevekkjande at det innan forskingsfeltet ikkje har vore større merksemd på å la barn delta i den forskinga som omhandlar dei sjølve og deira kvardag. Forskinga på området står nok framleis overfor utfordringar. Rapporten «Spesialpedagogisk forskning i Norge» frå 2013 hevdar at kvaliteten på den spesialpedagogiske forskinga er god og samstundes i betring. Rapporten syner òg semje blant informantane om trong for meir forsking, både innanfor tema kring inkludering og når det gjeld dei ulike vanskeområda. Ønske om auka satsing på spesialpedagogisk forsking inneber og ei betring av vilkåra for forsking, særleg med tanke på styrkt finansiering av forskingsprosjekt. Øyremerkte midlar og meir internasjonalt og tverrfagleg samarbeid blir òg presisert (Holen mfl., 2013, s. 10–11). Sjølv om rapporten er frå 2013, er truleg mykje av dette framleis relevant.
Det må òg presiserast at dei avhandlingane som har nytta observasjon og kartlegging, òg har som mål å få fram barna sin trong for tilrettelegging og kunnskap innan det spesialpedagogiske feltet sjølv om det er andre nærpersonar som er representantar for barna. Likevel seier barna og ungdomane tydeleg i intervjua og gjennom deltakande observasjon at dei stundom ikkje føler seg høyrde, som til dømes ungdomen frå Olsen sin artikkel (2010, s. 189) «De tvang meg hit – om selvbestemmelse ved valg av utdanningsprogram». Ungdomen skildrar avgjerda kring skuleval slik:
Ungdom: Ja, det var ikkje eg som ville gå her. Mamma og pappa som ville eg skulle gå her.
Intervjuar: Du sa ja til slutt?
Ungdom: Eg var lei av den pisken, (…). Det var ikkje særleg godt.
Olsen (2012b) refererer til Bauman, som hevdar at dei som står under påtale, er dei som i eit samfunn blir oppfatta som framande (Baumann 2006, i Olsen 2012b; s. 29–30). I denne framandkategorien kan ein plassere menneske med funksjonshemmingar. Dei kan då kome i ein situasjon der dei må orsake sine utfordringar og forklare sin plass i samfunnet. Dette gir parallellar til Fricker (2007) og hermeneutisk urett. Å la elevane si stemme få koma fram som her kan betre tilhøva for andre barn (Olsen, 2012b).
Kombinasjonar av metodar
Innanfor fagfeltet står ein òg stundom overfor utfordringar i samband med elevane sine kognitive evner og høve til å sjå kva som er føremålstenleg for dei. Forskarar må ta ulike metodologiske standpunkt i både planlegging og gjennomføring av forsking der barn deltar. Dette er ressurs- og tidkrevjande og kan vere ei viktig årsak til at ein ofte nyttar andre kjelder enn barn i forskinga. Det har vore ei intensivering når det gjeld barn og unge si posisjonering og deltaking, og det er utfordrande å forme eit forskingsdesign som gir god tilgang til kvalitet på data når det gjeld deira perspektiv og erfaringar (Haugen, 2018; Hagen & Lyng, 2019).
Når forskarar kombinerer ulike forskingsmetodar med barn som informantar, må dette vere grunnlag for nærare studium. Nortvedt (2011) nyttar ei dobbel tilnærming, då ho tar i bruk både oppgåveintervju og resultat frå dei nasjonale kartleggingsprøvane. På denne måten får ho fram elevane sine stemmer om eigen læringssituasjon. Denne dimensjonen ved forskinga hennar hadde ikkje vore mogleg å få fram om ho hadde nytta andre nærpersonar eller berre kartleggingsprøvane åleine. Ein kombinasjon av ulike metodar kan ifølgje Nortvedt (2011) gi rom for auka deltaking for elevane og fremje deira eigne perspektiv.
Sølvik (2013), som nyttar både deltakande observasjon og intervju i si avhandling, meiner desse metodane bidrar til å fange ungdomane sine opplevingar av friluftsliv som eit sosialt læringslandskap. I denne samanhengen blir den relasjonelle dimensjonen tydeleg. Forskaren oppnår å skape felles referansepunkt og felles kontekst som utgangspunkt for intervjua.
Garrels (2019) syner til at elevane kjende seg stolte og glade over å få vere medverkande i eigen læringsprosess, der ein gjennom bruk av visuelle bilde på resultata gav elevane innblikk i eiga utvikling, at eigen innsats førte til auka måloppnåing.
As one student stated, she felt proud and joyful over reaching her goal quickly. Another student said the following about being able to track her personal progress: ‘I thought that was quite cool, because then I could see what I didn’t do so well last time, and then I could see that I got much better at it compared to when I started (Garrels, 2018, s. 34).
Garrels (2019) meiner dette gjer det mogleg for elevane å velje relevante mål for seg sjølve.
Faldet (2013), som nytta kvalitative forskingsintervju og gjennomførte både enkeltintervju og gruppeintervju etter ønske frå deltakarane, gir uttrykk for at forskaren ser informanten og kva som er viktig å ta omsyn til i kvart einskilt intervju. Forskaren må tydeleg vurdere det relasjonelle perspektivet, vere opptatt av å skape tryggleik og syne forståing og respekt for informantane og deira livssituasjon.
Forsking i nye læringslandskap
Sølvik (2013) konkluderer med at grunnlaget for varierte læringsbaner og opplevingar knytte til læring er elevane sin kompetanse. Manglande kompetanse blir synleg i den fellesskapen forskaren er ein del av gjennom å ta i bruk deltakande observasjon. Sølvik (2013) si forsking blir eit epistemisk bidrag som set lys på korleis elevar får vere aktive og delta i forskinga innanfor friluftsliv – eit spesifikt læringslandskap i deira skulekvardag.
Faldet (2013) sine undersøkingar omhandlar ulike arenaer i jentene (informantane) sin kvardag, til dømes familie, fritid og skulesituasjon. Sjølv om forskaren her ikkje er direkte deltakande i observasjon på desse ulike områda, tydeleggjer ho det kontekstuelle perspektivet kring fenomenet jentevald og får fram kompleksiteten dette fenomenet har. Olsen (2012a, 2012b), som har éin informant i si undersøking, gjennomfører òg forskinga på ein arena der hennar deltakar er kjent og i trygge omgivnader.
Dei yngste barna er viktige informantar i forsking.
Funna i denne studien syner at det framleis er område innan tilnærmingsmåtar, organisering og satsingsområde for forskinga innanfor det spesialpedagogiske feltet som stadig er samanfallande med dei funna Tangen presenterer i 2011. Ein ser samstundes òg endringar særleg på feltet som gjeld dei yngste barna. Det er ei positiv utvikling at barnehagebarna oftare har blitt tatt med som kjelder i forskinga.
Dette kan tyde på at overgangen mellom barnehage og skule er eit område som har fått større merksemd innanfor forskinga. Denne overgangen mellom to viktige læringsarenaer er vesentleg, og ny vitskapleg kunnskap her kan gi oss viktig stadfesting på eit svært sentralt område innanfor det spesialpedagogiske feltet.
Å vareta overgangen mellom barnehage og skule er viktig både med omsyn til overføring av informasjon og tiltak kring organisering og tilrettelegging. Overgangar mellom ulike område i skuleløpet kan vere kritiske og utfordrande for barn, og særleg for dei barna der det er trong for særskilt tilrettelegging.
Metodiske utfordringar knytte til doktorgradsavhandlingane
Metodiske utfordringar som forskarane står overfor når dei skal involvere dei yngste barna direkte i forsking, er utan tvil til stades. Dette gjeld òg for forsking på eldre barn og unge som har vanskar med kommunikasjon. Den kognitive utviklinga til barnet må takast omsyn til i denne samanhengen, og for mange elevar er det naudsynt at andre nære personar som kjenner dei og deira, trengst for hjelp til å tale deira sak (Eide, mfl., 2010, s. 7; Ekern, 2010, s. 2; Haugen, 2018, s. 42). For å konsentrere seg om korleis barn har deltatt i den spesialpedagogiske forskinga ved ISP er det her valt, som hos Tangen, å skilje mellom opne og lukka tilnærmingar og metodar.
Data og teori på området viser at det er i dei meir opne og kvalitative tilnærmingane barna får høve til å uttrykkje seg fritt og på den måten ta eigne initiativ. Dette er synleg ved bruk av intervju som metode. Det er òg denne tilnærminga som gjer det mogleg å lytte til barn si stemme, at barnet si stemme kjem fram, anten direkte ut frå intervjuteksten eller etter forskaren si analyse av intervju/ samtale og andregongsintervju med oppfølgingsspørsmål (Faldet, 2013; Olsen, 2012a). Det blir i denne samanhengen viktig å ha vide grenser og merksemd på at det er barnet som er eksperten, samstundes som ein må vere observant på kva for kontekst desse erfaringane er henta frå.
Då det ikkje har vore mogleg å studere alle avhandlingane i sin heilskap i denne studien, byggjer mine opplysningar i stor grad på samandraga og metodekapitla. Dette kan vere ein veikskap òg ved min analyse, då dei metodiske forholda i ei doktoravhandling òg kan vere omtala andre stader i avhandlingane. Hovudessensen når det gjeld barn som kjelder, skulle likevel kome tydeleg fram.
Konklusjon
Konklusjonane i denne undersøkinga baserer seg på eit utval frå eit av dei viktigaste forskingsmiljøa for nyrekruttering av forskarar innan fagfeltet spesialpedagogikk ved ISP. Dei kan vonleg bidra til å opplyse om interessante funn og tendensar i forskinga og setje fokus på potensielle område som kan utviklast vidare.
Dersom ein som forskar ikkje har nok og relevant kunnskap på eit felt, er det fare for at ein stagnerer og i verste fall reverserer den epistemiske utviklinga på feltet. Å søkje eit breitt kunnskapsgrunnlag blir difor ein føresetnad for den epistemiske utviklinga innanfor det spesialpedagogiske forskingsfeltet. Dersom barna og elevane ikkje får den naudsynte tilpassinga og tilrettelegginga, kan dei som skal få sine tilbod innanfor dette området, stå i fare for å få eit dårlegare tilbod. Brukarane av dei spesialpedagogiske tenestene kan difor seiast å stå overfor ein epistemisk urett.
Ser ein på barna si deltaking i forsking ut frå Fricker (2007) og Murris (2013) sine teoriar kring epistemisk urett (epistemic injustice), kan det hevdast at ein ikkje opparbeider seg det naudsynte materialet for å gi forskinga på området det ein har trong for: å sjå det heile ut frå barnet sin ståstad. Dersom ein ikkje får det tilfanget frå barnet si stemme og barnet si forståing, kan det seiast å bli ein hermeneutisk urett. Om det ikkje er mogleg for barna å delta sjølve i forskinga, er det heller ikkje mogleg for dei å påverke.
I forsking er det eit genuint ønske om at ein skal kunne utvikle kunnskap som kan gi barna gode høve for utvikling og læring. Verdien av å inkludere barn, lytte til og anerkjenne deira tankar og opplevingar, kjem òg fram i forskinga. Funna i undersøkinga syner ein auke i talet på forskingsprosjekt som omhandlar dei yngste barna – barnehagebarn, men at det her blir nytta metodar som observasjon og testar.
Det er framleis barn/elevar i grunnskulen som må seiast å vere den mest sentrale målgruppa innanfor den spesialpedagogiske forskinga. I denne gruppa ser ein at forskarane nyttar intervju som metode, men ikkje i større grad enn tidlegare. Det er framleis observasjon og testar som oftast er nytta metodar. Det at dei eldste barna, elevar i vidaregåande skule/eldre ungdom framleis er ei underrepresentert gruppe i den spesialpedagogiske forskinga, og at det samstundes viser ein markant nedgang i bruk av intervju som metode, er interessante funn.
Ei auka merksemd både kring nye metodar og kombinasjonar av ulike metodar kan bidra til å involvere og inkludere barn i den spesialpedagogiske forskinga. Forsking må ha eit vidt perspektiv og analysere problemområde over lengre periodar for å kunne identifisere endringar i forskingsfeltet.
Over ein 30-årsperiode ser ein ei utvikling i forskinga, særleg når det gjeld metodetilnærming. Det spesialpedagogiske forskingsfeltet er i endring, det må ein kunne forstå som viktig med tanke på auka merksemd i høve til at alle har rett til å medverke i saker som angår dei sjølve. Dette er likevel eit felt som stadig bør prioriterast i tida framover. Vil bruk av nye metodar og nye metodekombinasjonar bli meir nytta i framtidig forsking? Vil det bli auke i ressursar og midlar som gjer dette mogleg å få til, og vil det i framtida vere attraktivt å gjere forsking på det spesialpedagogiske fagfeltet? Det blir interessant å følgje forskinga på feltet framover for å sjå om den aukande tendensen til å involvere barn vil halda fram.
Oversikt over doktoravhandlingar ved Institutt for spesialpedagogikk, (ISP), i tidsrommet 2010–2020
47. Haukedal, Christiane Lingås
Quality of Life in Children with Hearing Loss.
46. Pedersen, Anita Lopez
Understanding, identifying and ameliorating young children’s early numeracy skills: A multimethod approach.
45. Rødvik, Arne Kirkhorn
Speech sound confusions in well-performing adults and children with Cochlear implants, measured by repetition of mono- and bisyllabic nonsense words.
44. Andresen, Anette
Digital natives with reading difficulties: a study of dyslexic adolescents' integration of conflicting information across web pages and presentation formats.
43. Garrels, Veerle
Promoting self-determination for adolescents with mild intellectual disability: validation of a self-determination measure and evaluation of an educational intervention.
42. Kalandadze, Tamar
Making sense of the word and the world: figurative language comprehension in individuals with autism spectrum disorder.
41. Ngonyani, Mussa Shaffii
Essence of education for children with disabilities in developing countries: survey of Tanzanian regular primary school teachers' self-efficacy, attitudes towards and willingness to include pupils with disabilities.
40. Olsen, Kathrin
Personalets praksiser for å støtte barn med autisme til sosial deltakelse i barnehagens uformelle miljø: en kritisk fortolkende case-study med et kryssnasjonalt perspektiv.
39. Arnesen, Anne
Social Functioning and Reading Proficiency: Validity of Educational Assessments Used in Norwegian Elementary Schools.
38. Guttormsen, Linn Stokke
A multimethod study of the impact of stuttering on children.
37. Hjetland, Hanne Næss
Predicting and Improving Reading Comprehension. A Quantitative Multimethod Approach.
36. Hofslundsengen, Hilde Christine
Betydningen av barns oppdagende skriving i barnehagen. En kvasieksperimentell intervensjonsstudie.
35. Hølland, Silje
Samspill i læringsdialoger. En studie av interaksjon, dominansmønstre og mediering.
34. Systad, Silje
Is Language Impairments a Symptom of Nocturnal Epileptiform Activity? Studies Exploring the Relationship between Nocturnal Epileptiform Activity and Language Impairments.
33. Ødegård, Magnar
A Comparative Study of Disruptive Behavior between Schools in Norway and the United States.
32. Brinchmann, Ellen
Betydningen av ordkunnskap for utviklingen av leseforståelse.
31. Eilertsen, Lill-Johanne
Deltakelse i barnefellesskap mellom barn med og uten sammensatte vansker, der hørselsnedsettelse inngår.
30. Gillespie, Astrid
Lærersamarbeid om tilpasset opplæring i matematikk. En kvalitativ intervjuundersøkelse av faglæreres og spesiallæreres opplevelse av samarbeid om elever med spesialundervisning i matematikk på 9. trinn.
29. Herland, Mari Dalen
Erfaringer og forhandlinger om foreldreskap: en kvalitativ undersøkelse blant fedre og mødre med barnevernserfaring og alvorlige atferdsvansker som ungdom.
28. Aasen, Anne Elisabeth
Språk og aktivitet hos barn og ungdom som er blinde.
27. Engevik, Liv Inger
Inkludering, tilpassa læringsdialogar og kognitiv stimulering i arbeid med elevar med Down-syndrom – ei multimetodisk tilnærming til undervising og læring.
26. Eron, Lawrence
Educating Teachers of the Deaf: Experiences and perspectives from Teachers on Facilitating Academic and Social Participation in Uganda.
25. Bergwitz, Øyvind
Døves medborgerskap. En undersøkelse av døves samfunnsforankringer; opplevde rettigheter, deltagelsesformer og identiteter som medlemmer av det norske samfunnet.
24. Herlofsen, Camilla
Spesialundervisningens tiltakskjede – lokal praksis sett i forhold til regelverk og retningslinjer. En kvalitativ dokumentanalyse av elevsaker.
23. Karlsen, Jannicke
Språk og lesing hos minoritetsspråklige barn i barnehage og skole. Faktorer som støtter språk og lesing på andrespråket hos barn med urdu/panjabi som morsmål: en longitudinell oppfølging frå barnehage til andre klasse.
22. Klem, Marianne
Språkkartlegging som grunnlag for identifisering av førskolebarn i risiko for språkvansker.
21. Refseth, Yngve
Grønne maskiner for kunnskapsvekst. Implementering av One Laptop Per Child på en skole i Etiopia.
20. Dammen, Philip Anders
En undersøkelse av psykisk plage og psykisk endring med utgangspunkt i enkelte endringsprosesser. Et bidrag i utvikling av en vitenskapelig tilnærming til endring av psykisk forankrede plager og lidelser. En studie gjennomført med et kombinert design.
19. Faldet, Ann-Cathrin
Jenter som utøver vold. En empirisk studie av jenters erfaringer med gjenaktivitet, familieliv og skolegang.
18. Kristoffersen, Ann Elise
Litterasitetspraksiser i barnehager med hørselshemmede og hørende barn.
17. Njuki, Eria Paul og Nakitende, Rita Christine
The effect of Training Teachers in Phonemic Awareness and Letter-Sound Knowledge on Children's Reading Compentencies: A Ugandan Urban Context.
16. Okwaput, Stackus
Teacher Training for Inclusion of Children with Special Needs. Towards Achieving Communicative Interaction in Education in Uganda.
15. Sølvik, Randi Myklebust
Friluftsliv som sosialt læringslandskap for ungdom i risiko. Eit fenomenologisk-inspirert kasusstudium.
14. Vonheim, Kristin
Tidlig samspill i familier med utenlandsadopterte barn. En observasjonsstudie av foreldre-barn samspill når adoptivbarna er to og tre år.
13. Holen, Solveig Ingebjørg
Coping in Children: Effectiveness of the Universal School-Program Zippy's Friends. A Matched and Randomized, Controlled Study.
12. Mjelve, Liv Heidi
Parallelle prosesser i spesialpedagogisk rådgivning.
11. Næss, Kari-Anne Bottegaard
Language and Reading Development in Children with Down Syndrome.
10. Olsen, Mirjam Harkestad
Inkludering i et innenfra og et utenfra
9. Diab, Safwat
Undermined Academic Potentials: A Multi-Level Study of the Main Psychosocial Factors that Contribute to Palestinian Sixth-Grade Children’s Academic Underachievement in the Gaza Strip.
8. Kirmess, Melanie
The Applicability and Outcome of Constraint Induced Language Therapy (CILT) in Early Aphasia Rehabilitation.
7. Nortvedt, Guri Anne
Norwegian Grade 8 Students' Competence in Understanding and Solving Multistep Arithmetic Word Problems.
6. Nærland, Terje
Social Status and Communicative Competence in Preschool Years. An Observation-Based Approach.
5. Solheim, Jorunn
Hearing Loss in the Elderly. Consequences of Hearing Loss and Considerations for Audiological Rehabilitation.
4. Wakene, Edna Legesse
Children in Institutional Care and the Experience of Mediated Learning. A Single-Case Experiment Study Implementing a Preventive Intervention Program.
3. Ruud, Ellen Birgitte
Førskolebarn som blir avvist og ignorert av andre barn i lek. En eksplorerende intervensjonsstudie.
2. Tveit, Anne Dorthe
Challenging and Dilemmatic Dialogues – A Study of Conversations between Teacher(s) and Parents.
1. Vik, Astrid Kristin
Bruk av multimodale lesemedier. En studie av 11 elever som er sterkt svaksynte på grunnskolens mellom- og ungdomstrinn i Norge.
Litteraturhenvisninger
Barneombudet. (2017). Uten mål og mening: Elever med spesialundervisning i grunnskolen. Barneombudet. URL: Uten-mal-og-mening.pdf (barneombudet.no)
Befring, E. (2015). Forskningsmetoder i utdanningsvitenskap. Cappelen Damm Akademisk.
de Boer, A. & Kuijper, S. (2020). Students’ voices about the extra educational support they receive in regular education. European Journal of Special Needs Education, 36(4), s. 1–17. URL: Full article: Students’ voices about the extra educational support they receive in regular education (tandfonline.com)
Eide, B., Hognestad, K., Svenning, B. & Winger, N. (2010). URL: Små barns stemmer i forskning: Noen refleksjoner om etikk i forskning om små barns hverdagsliv i barnehagen | Barn – forskning om barn og barndom i Norden (tidsskriftetbarn.no) 28(3).
Ekern, L. (2010). Er barna blitt små voksne også i forskningen? Stephen Tetzchner i intervju med L. Ekern. Forskningsetikk, 02, s. 12–15.
Faldet, A.-C. (2013). Jenter som utøver vold: en empirisk studie av jenters erfaring med gjengaktivitet, familie og skolegang. Institutt for spesialpedagogikk, Det utdanningsvitenskapelige fakultet, Universitetet i Oslo.
Fricker, M. (2007). Epistemic injustice Power and the ethics of knowing. Oxford University Press.
Garrels, V. (2019). Promoting self-determination for adolescents with mild intellectual disability: validation of a self-determination measure and evaluation of an educational intervention. Institutt for spesialpedagogikk, Det utdanningsvitenskapelige fakultet, Universitetet i Oslo.
Hagen, A.L. Lyng, S.T. (2019). Barn og unges deltakelse i forskning: Muligheter og utfordringer. Norsk sosiologisk tidsskrift, 3(1), s. 6–12. https://doi.org/10.18261/issn.2535-2512-2019-01-01
Haugen, G.M.D. (2018). Barn som informanter – etiske og metodiske utfordringer. I: B. Berg, G.M.D. Haugen, K. Elvegård & P. Kermit (red.), Marginalitet, sårbarhet, mestring: metodiske utfordringer i praksisnær forskning (s. 36–48). Universitetsforlaget.
Holen, S., Sivertsen, G. & Gjerustad, C. (2013). Spesialpedagogisk forskning i Norge: forsknings- og utviklingsarbeid innenfor det spesialpedagogiske fagområdet. NIFU-rapport.
Johansson, B., Karlsson, M., Hillén, S., Brembeck, H., Bergström, K., Jonsson, L., Ossiansson, E. & Shanahan, H. (2013). Att involvera barn i forskning och utveckling. Lund: Studentlitteratur AB.
Kellett, M. (2010). WeCan2: Exploring the Implications of Young People with Learning Disabilities Engaging in Their Own Research. European Journal of Special Needs Education, 25(1), s. 31–44.
Meld. St.nr. 18 (2010–2011). Læring og fellesskap Tidlig innsats og gode læringsmiljøer for barn, unge og voksne med særlige behov. Kunnskapsdepartementet.
Murris, K. (2013). The Epistemic Challenge of Hearing Child's Voice. Studies in Philosophy and Education, 32(3), s. 245–259. https://doi.org/10.1007/s11217-012-9349-9
Nortvedt, G.A. (2011). Norwegian grade 8 students' competence in understanding and solving multistep arithmetic word problems. Institutt for spesialpedagogikk, Det utdanningsvitenskapelige fakultet, Universitetet i Oslo.
Olsen, M.H. (2010). De tvang meg hit – om selvbestemmelse ved valg av utdanningsprogram. I: B. Aamotsbakken (red.), Læring og medvirkning (s. 183–194). Oslo: Universitetsforlaget.
Olsen, M.H. (2012a). Inkludering i et innenfra og et utenfra. Institutt for spesialpedagogikk, Det utdanningsvitenskapelige fakultet, Universitetet i Oslo.
Olsen, M.H. (2012b). Å være satt under påtale som funksjonshemmet. Tidsskriftet FoU i praksis, 6(1), s. 29–46.
Olsen, M.H., Mathisen, A.R.P. & Sjøblom, E. (2016). Rammen om faglig inkludering. I: A.R.P. Mathisen, M.H. Olsen & E. Sjøblom, Faglig inkludert? Fortellinger fra elever med ulik måloppnåelse. Cappelen Damm Akademisk.
Opplæringslova. (1998). Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (LOV-1998-07-17-61). Kunnskapsdepartementet. https://lovdata.no/forskrift/ 1999-06-25-708/§1
Rossland, M.S. (2021). Barn si stemme og barn si deltaking i spesialpedagogisk forskning: ei empirisk studie av doktoravhandlingar (PhD) ved Institutt for spesialpedagogikk (ISP) i perioden 2010–2020. https://nla.brage.unit.no/nla-xmlui/handle/11250/2775182
Strandbu, A. & Thørnblad, R. (2010). «Sårbare» barn som deltakere i kvalitativ forskning. Forskningsetikk og etisk forskning. Barn 1, s. 27–41. URL: Sårbare barn som deltakere i kvalitativ forskning - PDF Gratis nedlasting (docplayer.me)
Svendby, E.B., Øien, I. & Willumsen, E. (2019). Involvering av barn i samproduksjon i forskning – metodologiske og etiske aspekter. I: O.P. Askheim, I.M. Lid & S. Østensjø, Samproduksjon i forskning – forskning med nye aktører (s. 180–195). URL: 10. Involvering av barn i samproduksjon i forskning – metodologiske og etiske aspekter | Samproduksjon i forskning (idunn.no)
Sølvik, R. M. (2013). Friluftsliv som sosialt læringslandskap for ungdom i risiko: eit fenomenologisk-inspirert kasusstudium. Institutt for spesialpedagogikk, Det utdanningsvitenskapelige fakultet, Universitetet i Oslo.
Tangen, R. (2011). Barns stemme i spesialpedagogisk forskning. Spesialpedagogikk, 76(8), s. 38–54. URL: Spesialpedagogikk 8 2011.pdf (utdanningsnytt.no)
Tangen, R. (2012). Elevers skolelivskvalitet. I: E. Befring & R. Tangen (red.), Spesialpedagogikk (5. utg., s. 151–169). Cappelen Damm Akademisk.
Tingstad, V. (2019). Hvordan forstår vi barn og barndom? Nordisk tidsskrift for pedagogikk og kritikk, 5. URL: Hvordan forstår vi barn og barndom? Posisjoner og kontroverser i barne- og barndomsforskning | Nordisk tidsskrift for pedagogikk og kritikk
Trondsen, M.V. Eriksen, S. H. (2019). Mellom deltakelse og beskyttelse: Aksjonsforskningens mulighetsrom for barn og unge. Norsk sosiologisk tidsskrift, 3(1), s. 49–65. https://doi.org/10.18261/issn.2535-2512-2019-01-04
Warren, A., Buckingham, K. & Parsons, S. (2020). Everyday experiences of inclusion in Primary resourced provision: the voices of autistic pupils and their teachers. European Journal of Special Needs Education, 36(5) s. 1–16. https://doi.org/10.1080/08856257.2020.1823166
Ytterhus, B. & Åmot, I. (2019). Barn med og uten funksjonsnedsettelser og deltagelse i forskergrupper – når og hvordan kan ulike kvalitative forskningsmetoder få alle barn til å delta i forskning? Tidsskrift for nordisk barnehageforskning, 18(9), s. 1–15. https://doi.org/10.7577/nfb.3286
Østby, M., Haugenes, M. & Kjøll, M. Ø. (2019). Inkluderende forskning sammen med personer med utviklingshemming: En metodebok. Universitetsforlaget.