Høgskulen i Østfold har vunne eit prestisjetungt oppdrag frå Utdanningsdirektoratet verdt over 4 millionar kroner. Eit tverrfagleg team skal utvikle nasjonale kompetansepakkar som skal hjelpe norske skular med å handtere kunstig intelligens i undervisninga.

Prosjektet startar våren 2025 og skal gi både grunnskular og vidaregåande skular verktøya dei treng for å bruke KI på ein kritisk og konstruktiv måte. HiØ har fått tilslag i anbodskonkurransen om å utvikle støtte- og rettleiingsressursar til skulenes arbeid med kunstig intelligens som Utdanningsdirektoratet lyste ut i desember 2024.

Morten Skaug, avdelingsdirektør ved HiØ Videre. Foto: HØ.

– At HiØ fekk tilslag i denne anbodskonkurransen viser at HiØ er på pallen i Noreg når det gjeld KI og IKT, seier Morten Skaug, avdelingsdirektør for høgskulens etter- og vidareutdanningstilbod.

– HiØ vann konkurransen med fleire store, private aktørar og blei valt som anbydaren med det mest gjennomtenkte og komplette tilbodet, forklarer Skaug. Anbodskonkurransen om oppdraget med å utvikle støtte- og rettleiingsressursar til skulenes arbeid med kunstig intelligens blei lyst ut av Utdanningsdirektoratet (UDIR) i desember 2024.

Oppdraget går ut på å lage KI-kompetansepakkar som alle grunnskular og vidaregåande skular i landet kan nytte i sitt utviklingsarbeid. Overskriftene på kompetansepakkane er: Kritisk vurdering av KI - Kritisk bruk av KI i fag - Tverrfagleg arbeid med KI.

Teamet som skal jobbe med dei ulike arbeidspakkane er sett saman av representantar for fem skulefag: matematikk, kunst og handverk, KRLE, norsk og framandspråk. Desse representerer samla ein breidde i skulen og lærarutdanningas fagportefølje. Teamet blir supplert med ekspertar på IKT og læring, yrkesfagdidaktikk og pedagogisk utvikling.

Teamet blir leia av leiar for Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa ved HiØ, Gerard Doetjes, og prosjektleiar ved HiØ Videre, Carsten Henriksen.

Oppdraget har eit omfang på ca. 2700 timar, inkludert ein mogleg opsjonsavtale, og til ein verdi på over 4 millionar kroner. Det skal vare frå vår 2025 til ut 2026. Arbeidet med å planleggje desse kompetansepakkane i samarbeid med UDIR og høgskulens interne faglærarar har allereie starta.