PODKAST: ‒ Å setje av så mykje tid til lesing i alle fag er radikalt
På Sjøskogen barneskule var dei ikkje nøgde med leseresultata og elevanes motivasjon for å lese. Det førte til radikalt utviklingsarbeid i alle fag.
Lesing i alle fag
‒ Vi synest rett og slett at leseresultata vi fekk var for dårlege med tanke på elevgrunnlaget vi hadde.
Det seier Cathrine von Porat, som er rektor ved skulen. Ho har leidd eit leseprosjekt for alle lærarane ved skulen. Til det fekk ho hjelp av tidlegare lærar Mari Bjørnsdotter Vinjar, som no er seniorrådgivar ved eininga Forsking, innovasjon og kompetanseutvikling i skulen (FIKS).
Målet var å sette søkelyset på at leseopplæring er viktig i alle fag.
Trong ein leseplan som var tilpassa deira skule
‒ Det vi opplevde, er at det ikkje var ei rød tråd i leseopplæringa frå 1.-7. trinn. Vi trong ei strukturert oppskrift for korleis vi alle saman skal jobbe med å utvikle elevane sine lese- og skriveferdigheiter, framhevar rektoren.
‒ Sjølv om Sjøskogen er ein liten skule, vil denne typen utviklingsarbeid også vere relevant for andre og større skular. Ein treng berre å byrje i det små og så utvide, seier Vinjar.
Før dei tilsette skulle byrje på prosjektet, var det viktig å stille dei gode spørsmåla.
‒ Du må vite kva du ønsker å finne ut av. Og så må du gjere ein analyse av situasjonen, seier von Porat.
Høyr dei to utdjupe korleis prosessen med å lage leseplanen var og kva råd dei har til andre skuleleiarar og tilsette i denne episoden av «Læring».
Episoden er produsert i samarbeid med eininga FIKS - Forskning, innovasjon og kompetanseutvikling i skolen, som arbeider tett, i forpliktande partnerskap med skuleeigarar, om kompetanseheving og utvikling i skulen.