Støy meir effektivt enn ADHD-medisin

Barn med ADHD har større effekt av støy enn av medisin når dei løyser oppgåver som krev konsentrasjon og hukommelse, viser ein ny studie.

Å ha ein jamn suselyd på øyrene (ofte kalla «kvit støy») har i fleire forsøk vist seg nyttig for menneske som strevar med å konsentrere seg.

I ein studie som blei publisert i september, testa forskarane kor godt 20 barn med diagnosen ADHD greidde å løyse eit sett med oppgåver, både når det var stille og når dei hadde på seg høyretelefonar med støy. For å kunne samanlikne, testa forskarane også barn utan konsentrasjonsvanskar, og desse vart verre av støyen. Ungane, som var i alderen 12-13 år, gjorde dei same oppgåvene både med og utan ADHD-medisin.

- Vi såg at støyen var til stor nytte for barna sin konsentrasjon. Til samanlikning kunne vi ikkje sjå at dei hadde nokon nytte av ADHD-medisinen sin når dei løyste oppgåver, seier professor Göran Söderlund.

Forsterkar signal

Støyen forskarane brukte, har ein styrke på rundt 80 desibel, om lag like høgt som lyden av ein støvsugar. Söderlund forklarar kvifor han trur at mange har nytte av å høyre på støy når dei skal løyse oppgåver.

- Støyen stimulerer hjernecellene til å kommunisere betre med kvarandre. Hjå folk som strevar med å samle seg om oppgåver, er signala som blir sende i hjernen litt for svake til at hjernen kan oppfatte dei. Ved å legge på støy, blir det svakare signalet sterkt nok til å nå fram, seier Söderlund.

Alternativ eller tillegg til medisin

I Norge brukar om lag 11.000 personar under 18 år legemiddel som Ritalin for å dempe uro og gjere skuledagen betre (Reseptregisteret, 2005).

- Sjølv om mange barn med ADHD også slit med meir enn konsentrasjonsvanskar, viser funna våre at det kan finnast alternativ til å gå på medisin, seier Söderlund.

Forskarane har utvikla app'en Smartnoise som elevar kostnadsfritt kan laste ned og bruke når dei skal gjere skulearbeid.

Tekst: Idun A. Husabø

Litteraturhenvisninger

Söderlund G. B. W., Björk C. and Gustafsson P (2016): Comparing Auditory Noise Treatment with Stimulant Medication on Cognitive Task Performance in Children with Attention Deficit Hyperactivity Disorder: Results from a Pilot Study. Frontiers of Psychology 7:1331.

Foreslåtte artikler