ARTig - et undervisningsopplegg i naturfag, norsk og kunst og håndverk
- Hvordan ta vare på barns undring i møte med naturen samtidig som de lærer å lese og skrive naturvitenskapelige tekster?
ARTig er eit undervisningsopplegg, eit FOU-prosjekt og eit samarbeidsprosjekt mellom to høgskulelærarar frå Høgskulen Stord/Haugesund og to lærarar i 6. klasse på Rommetveit skule. Prosjektet blei gjennomført hausten 2013. Høgskulelærarane representerer faga kunst og handverk og norsk, og grunnskulelærarane er klasselærarar og naturfaglærarar. Prosjektet har utgangspunkt i artslære og naturfag, men omfattar viktige tema og kompetansemål frå norsk og kunst og handverk. Rommetveit skule deltok i 2013 i eit prosjekt støtta av Nynorsksenteret med vekt på fagskriving, og ARTig er ein del av skulen sitt utviklingsarbeid.
Medan L-97 hadde vekt på tema- og prosjektarbeid på tvers av fag, har K-06 løfta fram samarbeid på tvers av fag som ein førestenad for å lykkast med innføringa av dei fem grunnleggjande ferdigheitene. Me vil med undervisningsopplegget ARTig visa at fleirfagleg temaarbeid nettopp er ein måte å arbeida med dei grunnleggjande ferdigheitene på. I dette opplegget er det lesing, skriving og munnlege ferdigheiter det særleg blir arbeidd med, men også digitale ferdigheiter. I det moderne norskfaget arbeider læraren ut frå eit utvida tekstomgrep. I kunst og handverk er visuell kommunikasjon eit hovudområde. Særleg er sjangeren bildebok for barn ein sjanger der det visuelle møter språklege symbol på ein uttrykksfull måte. Men møtet mellom ord og bilde er også eit spennande samspel i fagbøker for barn, og me ville undersøkja korleis faga våre kan utfylla kvarandre i arbeid med denne sjangeren.
I ARTig er det dei multimodale fagtekstane som er møteplassen for dei tre faga; naturfag, norsk og kunst og handverk. Norskdidaktikaren Rutt Trøite Lorentzen problematiserer i innleiinga til boka Å skrive i alle fag at faget kunst og handverk ikkje blir forska på i prosjektet SKRIV slik som RLE og samfunnsfag. Vårt prosjekt prøver difor å svara på kva det inneber å skrive i faga kunst og handverk.
Dei praktisk-estetiske læreprosessane og barn sin trong for å veksla mellom inntrykk og uttrykk står sentralt i dette opplegget. Det startar i naturfag i møtet med den konkrete og sanselege naturen. Dermed framhevar me også at det er viktig at barn får bruka kroppen og utforska naturen gjennom å sjå, ta på, lytta til og lukta: at dei får inntrykk i kontakt med naturen. Elevane får også inntrykk gjennom møtet med dei multimodale tekstane. I neste omgang får dei gjennom symbolspråk som teikning og skriving omforma og uttrykt erfaringar og tankar frå desse møta.
Inspirasjonskjelder for ARTig var Jo Nesbø sin litterære figur Doktor Proktor og museumskatalogen Dyr du skulle ønske ikke fantes. I dette opplegget la me vekt på ein dramaturgi som bestod i å gå frå erfaringar i naturen til vitskaplege tekstar og over i fabulering og fantasi. Me ville undersøkja om elevane byggjer opp eit repertoar som dei i neste omgang kan nytta kreativt og leikande. Her presenteret vi opplegget i sine tre delar: 1. Ut i hagen og i bekkedalen, 2. Fagbøker om artar og 3. Dyr du skulle ønskja ikkje fanst på Rommetveit.
Ut i hagen og i bekkedalen
Undervisningsopplegget starta med at elevane gjekk ut i naturen og oppdaga artar i nærmiljøet sitt. Elevane hadde med seg luper for å kunne studera små insekt eller detaljar på både planter og dyr, og dei hadde med seg boksar eller glas til å samla planter og dyr til klasserommet. Dei brukte teikne- og skrivesaker samt fotoapparat. Øktene ute i naturen bar preg av leik, iver og begeistring over oppdagingar dei gjorde.
Det vidare arbeidet bestod i å skriva og teikna ut frå eigne erfaringar og å venda seg til faglitteratur (oppslagsverk) for å læra meir om ein art som dei valde ut. I klasserommet hadde me hengt opp artsplakatar og funne fram mange fagbøker og oppslagsverk. Me hadde også med oss flyttbare tavler som var tilrettelagde for prosjektet med overskrifter og eksempeltekstar. Her hengde elevane etter kvart opp tekstane sine, og tavlene var utgangspunkt for fagleg formidling og samtale. Observasjonsteikninga hadde ein viktig plass: elevane teikna realistiske, tydelege og karakteristiske framstillingar av arten. Dei beskreiv arten også med ord, fann informasjon om han, og presenterte han i eit sakprega språk.
Fagbøker om artar
Periode to i ARTig handla om sjangeren fagbøker for barn. Lærarane hadde funne fagbøker som handla om ulike plante- og dyreartar, og desse skulle klassane lesa i fellesskap. Mange fagbøker for barn har bokmål som målform, så her gjaldt det å få tak i nynorsk faglitteratur og å nytta desse som modelltekstar. Me valde Erna Osland som fagbokforfattar, og dei tre bøkene Dyrevenner, Fint å ha far og Skarpe tenner. Sidan dette var ein del av fagskrivingsprosjektet i regi av Stord kommune og Nynorsksenteret, hadde skulen også fått høve til å kjøpa inn gruppesett av desse bøkene.
Læraren las høgt og brukte lysark til å visa fram oppslag. Ho prøvde å gjera elevane merksame på bruk av illustrasjonar, overskrifter og struktur i teksten og stoppa opp ved språklege formuleringar som var morosame, presise, tankevekkande m.m. Slik kunne elevane i neste omgang bli oppmerksame, spørjande og undrande lesarar og skrivarar. Erna Osland sine bøker er skrivne i ei essayistisk form og har ein leikande og poengtert stil som gjer dei veleigna som utgangspunkt for samtale. I tillegg til høgtlesing og samtale i klassefellesskapet, fekk elevane arbeida parvis med høgtlesing og teikne- og skriveoppgåver kopla til fagbøkene.
Dyr du skulle ønskja ikkje fanst på Rommetveit
Den tredje perioden i dette undervisningsopplegget gjekk frå skriving av saktekst over i fabulering og fiksjon. Her skulle elevane skapa sitt eige fantasidyr ut frå «mønsteret» til Jo Nesbø og museumskatalogen Dyr du skulle ønske ikke fantes.
Me hadde følgjande læringsmål:
- Elevane bruker eit fagleg repertoar frå arbeidet med artar i hagen og i bekkedalen og får fram samspelet mellom art og miljø
- Elevane bruker «stilen» frå observasjonsteikninga også i framstillinga av fiktive artar
- Elevane bruker sakteksten sin struktur og språk til å gi truverd til arten sin eksistens.
Det vart lagt vekt på dialog mellom lærar og elevar i denne perioden. Me prøvde å få fram alt me hadde erfart, lese og skrive om artane i hagen og i bekkedalen. Etter kvart handla samtalen om kva dei burde tenkja på når dei skulle skapa og presentera den arten dei skulle ta for seg.
Elevane starta med å forma det visuelle uttrykket. Dei var då plassert i grupper rundt små bord. Heile bordet var dekt med teiknepapir, og elevane gjekk i gang med å laga skisser. For å gjera det å teikna til ein prosess og ein dialog mellom elevane, let me gruppene etter ei stund flytta rundt i klasserommet og besøkja medelevane sine «teiknebord». Her skulle dei skriva spørsmål knytt til teikningane. Etter denne sekvensen arbeidde elevane med å skapa arten dei hadde valt, med ord.
Det var eit mål å gjera den multimodale tekstskapinga til ein prosess, der både me som lærarar og medelevane kunne vera medhjelparar i utviklinga av bilde og tekst. Dei neste arbeidsøktene var lagde opp slik at elevane var delte i grupper og stasjonar der dei tok for seg ulike delar av tekstskapinga. Ein stasjon la vekt på teikninga, ein annan stasjon la vekt på det vitskaplege språket og den tredje handla om: «Difor skulle du ønskja arten ikkje fanst på Rommetveit».
På teiknestasjonen blei det gitt rettleiing på form, storleik, detaljar og fargelegging.Elevane fekk nytta akvarellblyantar til bildeskapinga, ein mykje brukt teknikk i arbeidet med vitskaplege illustrasjonar. Effekten av blyantane og vatn, gav teikningane både eit tydeleg og enkelt, samt eit kunstnarleg uttrykk. Elevane fekk bruka flora og faunabøker som forbilde for å studera akvarellteknikken, og faglærar demonstrerte. Elevane var sjølvkritiske og strekte seg mot observasjonsteikninga sitt uttrykk, og dei var tydeleg stolte over resultata dei fekk med denne maleteknikken. Mange av elevteikningane var i utgangspunktet barnlege uttrykk med klar referanse til teikneserie, teiknefilm og andre av populærkulturen sine uttrykk. Me rettleia dei i retning av naturfaget og observasjonsteikninga sine uttrykk.
Lærarrespons var avgjerande i utviklinga av den språklege tekstdelen. Det blei særleg arbeidd med ordval og struktur. Etter som arbeidet skreid fram, viste det seg at elevane trong hjelp til å skriva utdjupande. Det var tydeleg at 6. klassingane var vane med ein skrivemåte prega av opplisting av fakta, dei mangla god samanheng og utdjupa i liten grad detaljar. Elevane likte den merksemda og interessa for skriveprosjektet som responsøkta var.
Refleksjonar i etterkant: Frå fakta til fantasi - med ord og bilde
Dei ferdige elevtekstane viser at elevane har leika seg i ein mellomsjanger mellom fakta og fiksjon. Elevane tek i ulik grad i bruk eit fagspråk. Alle bruker teksttypen forteljing, men i varierande grad. I samspelet mellom illustrasjon og tekst ser me at nokre elevar bruker mykje tid og flid på illustrasjonen, medan andre nyttar mest humor og skaparglede innanfor det verbalspråklege uttrykket. Me meiner dette samspelet og vekslinga mellom fakta og fiksjon, visualisering og ord har gitt fleire elevar arbeidsglede. Me trur også det var viktig for opplegget at det munna ut i konkrete produkt: ein museumskatalog med tittelen Dyr du skulle ønskja ikkje fanst på Rommetveit og ei utstilling. Elevane såg flotte resultat av arbeidet sitt og var tydeleg stolte. At opplegget strekte seg ut i tid og hadde ein gjennomtenkt dramaturgi var også verdifullt. Fagtekstsjangeren er krevjande, og arbeidsprosessen kan bli svært instruerande og gi lite rom for eleven sine eigne uttrykk. Ved å møta og bruka sjangeren i dei tre periodane, blei det lagt vekt på ulike aspekt ved sjangeren. Elevane har støtt på vanskar og utfordringar, dei har fått rettleiing, dei har fått modellar, men dei har også fått vera skapande og leikande. Dette har gitt variasjon i elevane sine arbeidsmåtar og uttrykk.
Elevane var stolte av dei multimodale tekstane dei hadde forma, men dei var også tydeleg stolte av sjølve ideen sin. Dette blei tydeleg då sjetteklassingane skulle ha med seg fadderbarna i første klasse for å sjå på utstillinga. Sjetteklassingane forklarte ivrig førsteklassingane kva som var ideen bak den fantastiske arten deira, kva eigenskapar han hadde og kvifor arten hadde utvikla seg nettopp her på Rommetveit. Dette var samtalar som oppstod spontant mellom dei små og store elevane. Me meiner dette viser at elevane også har tileigna seg naturfaglege innsikter, samt engasjement og glede over å formidla.
Som høgskulelærarar på besøk i to 6. klassar gjennom ein heil haust, var me vitne til mykje arbeidsglede og iver. Dei grunnleggjande ferdigheitene blei arbeidde med og utvikla, og arbeidet med teikning og bilde har vore like viktige for naturfagleg kunnskap og forståing som lesing og skriving. Både teikning og skriving er elevaktive og gjerne litt langsame arbeidsprosessar. Me vil halda fram desse estetiske uttrykksmåtane som svært viktige for barn si læring. Dei spontane oppdagingane ute i naturen var gylne augneblinkar for kunnskap og forståing. Den fleirfaglege tilnærminga har vore ein styrke, og ved ei eventuell ny gjennomføring vil me svært gjerne ha høgskulelæraren i naturfag med på laget.
Litteraturhenvisninger
Austring, B.D. & Sørensen, M. (2006). Æstetik og læring. Grundbog om æstetiske læreprocesser. København: Hans Reitzels Forlag.
Halvorsen, Else Marie (red) (2008). Didaktikk for grunnskolen, Fagbokforlaget
Hodgson, J., Rønning, W., Skogvold, A. og Tomlinson, P. (2010): På vei fra lærerplan til klasserom. (From Curriculum to Classroom) Report 3/2010. Bodø: Nordlandsforskning
Jensen, M. (2013 ). Estetiske læreprosesser i skole, kulturskole og barnehage, Akademia Forlag
Lorentzen, R.T. (2008). Å skrive i alle fag. I: R.T. Lorentzen & J. Smidt (red.), Å skrive i alle fag. Oslo: Universitetsforlaget.
Nesbø, Jo (2010). Doktor Proktors sensasjonelle samling: Dyr du skulle ønske ikke fantes