Professor Eivind Aadland er hovudforfattaren bak ein ny artikkel som er peika ut av tidsskriftet Pediatric Exercise Science som det mest spanande nybrottsarbeidet innan fysisk og aktivitet og helse hos barn i 2018.

Tekst: Elin Espe Stensvand, Seniorkonsulent Kommunikasjon

- I dag seier anbefalingane at barn bør vere i aktivitet i 60 minutt kvar dag, og at denne aktiviteten bør vere av moderat til høg intensitet. Funna våre peikar derimot i retning av at høg intensitet er vesentleg betre for helsa enn moderat intensitet, seier Aadland, som er professor ved Institutt for idrett, kosthald og naturfag ved HVL.

I undersøkinga har Aadland og kollegaane brukt data frå prosjektet Active Smarter Kids, der 841 tiåringar blei utstyrte med aktivitetsmålarar. I tillegg målte forskarane fysisk form, midjemål og blodtrykk, og tok blodprøvar for å måle kolesterol- og insulinnivået i blodet til deltakarane.

- Vi ser at aktivitet med høg intensitet ser ut til å ha ein fem gongar sterkare samanheng med god helse enn aktivitet med moderat intensitet, seier Aadland.

Ny metode gir nye svar

At trening med høg intensitet er bra for helsa, er kanskje inga overrasking. Likevel har ein ikkje tidlegare vore i stand til å vise ein så sterk samanheng mellom aktivitet målt med aktivitetsmålarar og helse som det HVL-forskarane no har funne hos tiåringane.

- Vi har tatt i bruk ein metode som ikkje tidlegare har blitt nytta for å analysere fysisk aktivitet, og som har gjort det mogleg å hente ut meir informasjon frå aktivitetsmålarane enn vi tidlegare har vore i stand til, forklarar professoren.

Ved hjelp av ein statistisk analysemetode som ikkje tidlegare har vore nytta for fysisk aktivitetsdata kunne forskarane studere alle intensitetar, frå stillesitting til svært høg intensitet, samla, noko som gir eit godt bilete av korleis fysisk aktivitet er knytt til helse.

- Samanlagt gir desse variablane eit bilete på risikoen for å utvikle hjarte- karsjukdom. Dette er ein vanleg måte å undersøke helsestatusen til barn, seier Aadland.

Bør satse meir på fysisk aktivitet

Fysisk aktivitet ser altså ut til å vere enda viktigare for helsa enn vi tidligare har trudd. Samanhengen mellom aktivitet med høg intensitet og helse viste seg også å vere lik for alle enkeltvariablane forskarane undersøkte, med unntak av blodtrykk.

- Samanlagt gir dette oss eit ganske tydeleg og robust resultat. Det er heller ingen skilnader i resultata mellom jenter og gutar, seier HVL-forskaren.

Er det no grunnlag for å gjere om på dei offisielle anbefalingane om fysisk aktivitet?

- Først må vi undersøke desse samanhengane i fleire aldersgrupper og i ulike datamateriale, for å sjå om vi får tilsvarande resultat, seier Aadland.

HVL-forskaren understrekar at vi likevel med fordel kan drive meir med intens fysisk aktivitet, og at dette bør vere eit viktig satsingsområde i barnehagar og skular. Og dersom du lurte så handlar dette, ifølgje Aadland, om springing, hopping, ulike ballaktivitetar, eller andre aktivitetar som inneber høg puls.

- Korleis ein skal formulere dei offentlege anbefalingane er uansett ein stor og komplisert debatt. Sjølv om vi viser at høg intensitet har stor betyding for helsa, er det likevel ikkje sikkert at det er lurt å endre retningslinjene. All aktivitet er jo trass alt betre enn ingenting, seier Aadland.

Denne saka er også publisert på forskning.no