Det nye språkidealet er språkrikdom
─ Det er ein myte at jo meir norsk vi pøsar på med i språkopplæringa, jo raskare lærer elevane norsk, seier forskar Joke Dewilde.
Elevar i Oslo-skulen med kort butid i Norge må i dag lære det norske språket og det aktuelle faget, samstundes. Men for mange elever skjer innlæringa sakte, for sakte.
Difor ser forskarar no på korleis fleirspråklegheit kan bli det nye språkidealet, både i klasserommet og i samfunnet elles.
─ I dag veit vi at det er meir riktig å utnytte språka eleven kan i språkopplæringa for heile klassen, seier Joke Dewilde, som forskar på fleirspråklegheit i klasserommet.
Og det kan læraren gjere.
Førsteamanuensis Joke Dewilde er sjølv opphavleg frå Belgia. Ho fortel at korleis ein ser på fleirspråklegheit i skulen har gått gjennom ulike fasar.
─ Tidlegare såg ein på fleirspråklegheit som eit problem, seier ho.
Men noko er i ferd med å skje.
Frå å fokusere på norsk som einaste undervisningsspråk, ser og brukar ein no heile det språklege repertoaret hos elevane. Ofte meistrar elevane fleire språk og gjerne ulike språk munnleg og skriftleg, og denne kunnskapen kan gjere undervisinga rikare for alle.
Dewilde fortel at vi har bevegd oss frå å sjå på språket som eit problem slik vi gjorde under fornorskingstida til å kople fleirspråklegheit til rettar, altså ein rett til å tale og å bli undervist på bestemte språk. No ser ein på språkrikdom som ein ressurs.
─ Det å kunne språk kan vere ein ressurs for alle elevar, uansett kva gruppe dei høyrer til, understreker ho.
Dewilde koordinerer Mi Lenga-prosjektet ved Det utdanningsvitskaplege fakultet, der lærarstudentar skriv oppgåver om fleirspråklegheit som ressurs i ulike fag, ikkje berre i norskfaget.
─ Det å kunne språk kan vere ein ressurs for alle elevar, uansett kva gruppe dei høyrer til
Fokus på enkelteleven
Einar Ilner er lærar på Holtet vidaregåande skule i Oslo og har brei erfaring med elevar med kort butid i Noreg – elevar som skal kvalifisere seg for å ta vidaregåande skule gjennom eit komprimert grunnskoleløp.
Han er også opptatt av å sjå på ulike språk blant elevane som ein ressurs, sjølv i samfunnsfagundervisinga.
─ Den individuelle samtalen mellom lærar og elev, og med støtte i dei forskjellige språka, er viktig for å kunne sjå heile eleven og dermed i å rettleie vedkommande, fortel han.
Det er ikkje uvanleg at klassane hans har elevar med seks-sju forskjellige morsmål, så då gjeld det å vere oppfinnsam i verkemiddelbruken.
─ Visuelle hjelpemiddel kan også nyttast, til dømes bilete. Generelt vil eg seie at vi ofte må vere ganske kreative for å hjelpe elevane i opplæringa, seier Ilner.
Dewilde stadfestar at det er støtte i forskinga på at det å ta utgangspunkt i eleven og eleven sitt behov gir god læringseffekt.
Språk er identitet
─ Språkrepertoaret til enkelteleven er ein nøkkel til læring. Interesse for språktilhøyra fører oss over på kva for ressursar og nettverk eleven har utanfor skulen også, seier ho og legg til at dette er relevant for å kunne ha fokus på enkelteleven.
Språk er nemleg tett forbunde med identitet og elevane viser mykje av seg sjølv når dei snakkar morsmålet sitt.
─ Kven er du og kva likar du? Å finne ut litt om kvar enkelt elev hjelper oss lærarar med å legge til rette for læring, poengterer Ilner.
─ Mangel på tid er undervurdert
Dewilde og Ilner er samde om at når ein opnar opp klasserommet for fleirspråklegheit dukkar det opp nye utfordringar, men også mogelegheiter. Tid er ein sentral faktor, fortel dei to.
─ Fleirspråklegheit tar ikkje nødvendigvis meir tid, men det er ein annan måte å jobbe på, framhevar Dewilde.
Som døme nemner ho at elevane kan jobbe med fleire inngangar til eit tema, på eit språk dei faktisk kan.
Ilner fortel at nokre elevar kan følge seg utanfor når et språk dominerer fordi dei ikkje har dei same mogligheitene til å samarbeide med dei med same språk.
─ Ein måte å løyse dette på er at dei med same språkbakgrunn kan jobbe og sitte fysisk saman, mens dei med andre språk kan sitte føre i klasserommet og få hjelp av læraren, fortel Dewilde.
Råd til foreldre og lærarar i språkrike klasserom
- Prøv å nå kvar enkelt elev, gjerne i individuelle fagsamtalar.
- Ikkje tenk at du som lærar må kunne alle språka i klasserommet.
- Vær kreativ og test ut ulike ting med barnet eller elevane.
- Senk skuldrane og lag trygge rammer for kvar enkelt elev, så kjem læringa.
Utforsk meir
Mi Lenga-prosjektet samlar masterstudentar som skriv masteroppgåver om fleirspråklegheit i ulike fag
Høyr førsteamanuensis Joke Dewilde og lektor Einar Ilner i samtale om kva som går føre seg i det fleirspråklege klasserommet.
Produsent: Shane Colvin.
Programleiar: Monica Bjermeland.
Research: Monica Bjermeland og Magnus Heie.