10 prosent av dei barnehagetilsette veit ikkje korleis dei skal avdekkje om barna som går i barnehagen, har vore utsette for seksuelle overgrep, viser undersøking. Her er 5 ulike kjenneteikn.

Kva kunnskap har barnehagane ved mistanke om seksuelle overgrep mot barn? Det er eit tema som ein bør snakke meir om, slik at det kan bli mindre tabubelagt. 30 prosent av dei tilsette i norske barnehagar har ikkje, eller veit ikkje om dei har, ein beredskapsplan for kva dei tilsette må gjere for å førebyggje og avdekkje vald og overgrep mot barn, viser ei bacheloroppgåve om seksuelle overgrep ved Høgskulen på Vestlandet: Hysj, dette er vår vesle hemmelighet – seksuelle overgrep mot barn i barnehagealder. Vi gjennomførte ei spørjeundersøking via Google Forms, og vi fekk inn 1109 svar. Undersøkinga viser at dei fleste barnehagar har kunnskap om kva dei skal gjere ved mistanke om seksuelle overgrep. Likevel er det nesten 10 prosent som ikkje veit korleis dei skal avdekkje om barn i barnehagealder har vore utsette for seksuelle overgrep. 20 prosent av dei barnehagetilsette seier at dei ikkje diskuterer seksuelle overgrep på jobb. Halvparten av barna får heller ikkje opplæring i seksualitet og kropp i barnehagen.

Ulike kjenneteikn

  • Regresjon: å gå tilbake i utvikling. Barnet kan begynne å snakke babyspråk, eller begynne å tisse og bæsje på seg igjen.

  • Mareritt: søvnproblem og vonde draumar. Barnet roper namnet til overgriparen i søvne, eller «ikkje ta meg på tissen», «gå vekk». Barna kan halde seg på tissen å seie «nei, nei, nei» .

  • Åtferdsendring: vise aggresjon, passivitet, konsentrasjonsvanskar eller mistrivsel som ikkje har vore der før. Det kan vere andre årsaker til at barnet endrar åtferd, så ein må sjå etter andre endringar i livet til barnet. Det er viktig å bruke tid til å innhente opplysningar som kan gi ei forklaring.

  • Seksualisert åtferd: å bruke eit avansert seksuelt språk. Det kan kome av andre ting, som at det er lært av andre barn. Nokre barn kan vere seksuelt aggressive, truande og manipulerande i seksuell leik med andre barn, ha forførande åtferd som er pågåande og direkte, eller tvinge andre til seksuelle leikar. Barn som blir utsette for seksuelle overgrep, kan ha ei aggressiv seksualisert åtferd.

  • Problem med konsentrasjon: dei tenkjer på det dei har opplevd, eller prøver å skyve vekk tankane. Nokre klarer ikkje sitje i ro eller vert fjerne, stille og klarer ikkje følgje med.

  • Ikkje-verbale uttrykk: svært aktivt og aggressiv, eller veldig blid eller trist. Barnet kan vere plagsamt kontaktsøkjande, eller ein kjem ikkje innpå det. Barnet kan vere vanskeleg å skjøne, og skaper dårleg magefølelse hos den vaksne.

  • Uttrykkslause: barn som har hemmelegheiter eller er utsette for traume, kan bli uttrykkslause og apatiske. Barn kan reagere på måtar som verkar uforståelege.

Kilde: Aasland, 2014

HALVPARTEN HAR BEREDSKAPSPLAN

Ein beredskapsplan er ein plan for kva dei tilsette må gjere for å førebyggje og avdekkje vald og overgrep mot barn. Den skal sikre at alle tilsette kjenner og tar i bruk opplysningsplikta til barnevernet. Barnehagen skal ha låg terskel for å melde frå om bekymring for vald eller overgrep ().

I denne studien var det godt over halvparten av informantane, 67 % (748), som svarte at barnehagen dei arbeider i, hadde ein beredskapsplan mot seksuelle overgrep. Det var berre 11 % (122) som ikkje hadde ein beredskapsplan (figur 1). 22 % (239) visste ikkje om dei hadde det. Set ein dei to siste saman, er det over 30 % som ikkje har eller ikkje veit om dei har ein beredskapsplan (figur 1).

FIGUR 1 Har barnehagen du arbeider i, ein beredskapsplan for førebygging av seksuelle overgrep mot barn? 1109 svar

OBSERVER BARNA VED MISTANKE

I denne studien svara 86 % (959) at dei veit kva dei skal observere ved mistanke om seksuelle overgrep mot barn. 10 % (106) svarte nei og 4 % (44) svarte veit ikkje (figur 2). Ein liten del, 14 % (150), er usikre på kva dei skal observere når det er mistanke om seksuelle overgrep.

FIGUR 2 Veit du som arbeider i barnehage, kva du skal observere ved mistanke om seksuelle overgrep mot barn? 1109 svar

77 % (851) svarte at seksuelle overgrep blir diskuterte i barnehagen og 19 % (208) svarte nei på dette spørsmålet (figur 3).

FIGUR 3 Er seksuelle overgrep  eit tema som blir diskutert i barnehagen du arbeider i? 1109 svar

Det er viktig at ein stolar på magefølelsen sin, og ved dårleg magefølelse er det noko med det barnet som gjer deg uroleg. Barn som har opplevd seksuelle overgrep, gir ofte svake signal på at noko er gale (). Barn kan vegre seg for å besøkje mor eller far, eller uttrykkje tidlegare hendingar både gjennom teikning, leik og verbal kommunikasjon. Vi kan hjelpe barnet å uttrykkje seg, gjennom samtale og ved å lytte til det barnet har å seie. Det er også viktig at vi klarer å skilje mellom normal seksuell utvikling hos barn og det som ikkje er normalt.

KVA ER SEKSUELLE OVERGREP?

Straffelova beskriv seksuelle overgrep i tre kategoriar:

  1. § 201, seksuelt krenkjande eller anna uanstendig åtferd: dette omfattar seksuelle handlingar i nærvær av nokon, utan at det er noko form for psykisk kontakt, som blotting, usømd eller anna uanstendig framferd, eller verbale krenkingar.

  2. § 200, seksuelle handlingar: dette omfattar fysisk kontakt mellom overgripar og den utsette. Døme: Overgriparen sin berøring eller beføling av kjønnsorgan eller bryst utanpå eller innanfor kleda. Det er straffbart å leie barn under 16 år til å utvise slike handlingar eller anna seksuelt krenkjande eller uanstendig åtferd.

  3. § 192 -199, seksuell omgang: dette omfattar alle tre typar inntrenging i kroppen sine holrom. Som vaginalt og analt samleie og innføring av penis i munn og innføring av gjenstandar i skjede eller endetarmsopning. Dette omfattar også seksuelle handlingar til ein viss intensitet, som beføling inne i ein annan person sitt kjønnsorgan, masturbering eller samleieliknande bevegelsar. Seksuell omgang med barn omfattar dessutan innføring av penis mellom dei store og små kjønnsleppene. (Søftestad & Aschjem, 2014)

Seksuelle overgrep kan vere handlingar som barnet ikkje forstår, og som krenkjer barnet sin integritet. Den som forgrip seg på barnet, utnyttar barnets avhengnad av vaksne eller sin eigen maktposisjon. (). Seksuelle overgrep mot barn er ei alvorleg form for kriminalitet. Dette fordi barn i liten grad er i stand til å verje seg mot overgrep og ofte vil ha vanskar med å fortelje om dei. Da er det heilt avgjerande at ansvarlege personar rundt dei avdekkjer overgrepa og melder frå til politiet eller andre relevante instansar (). Ved mistanke må ein prøve å forstå utsegnene og åtferda til barnet.

NORMAL SEKSUELL UTVIKLING

Barns normale seksuelle utvikling er å bli kjend med kroppen som sanseorgan. Spedbarn som ligg og tar på sin eigen kropp, er del av den sanselege og seksuelle utviklinga. Berøring skal vere til stades i alle menneske sine liv, uavhengig av alder (). Det skal vere naturleg å setje ord på kjønnsorgana, slik som ein set ord på andre kroppsdelar. Eit barn som har nemningar for kjønnsorgana, klarer lettare å fortelje om opplevingar som anten er gode eller dårlege. Det er òg lettare for vaksne å skjønne kva barnet vil fortelje (). Det er vanleg å ville sjå andre barn nakne og vise interesse for andre barns kjønnsorgan. Utforsking av kroppen i barnehagealder handlar om å oppdage at onanering gir fysisk nyting (). Barn i 2–6-årsalderen frydar seg over eigen nakenheit og ord som tiss og bæsj, og undersøkjer ulikskapar mellom jentekroppen og gutekroppen. Dei er også nyfikne på og gleder seg ved å røre ved eigne kjønnsorgan og ta del i sexleik med jamaldra ().

AVVIKANDE SEKSUELL ÅTFERD

Avvikande uttrykk for seksualitet for barn i 2–6-årsalderen er å ta munnen mot kjønnsorganet, putte gjenstandar i skjede og endetarmsopning, masturbere med gjenstandar, røre ved andre sine kjønnsorgan sjølv om ein har fått beskjed om å slutte, og at dei rører ved vaksne kjønnsorgan ().

Slik åtferd er uvanleg for barn, og dei vaksne bør vurdere kva som ligg til grunn for slik åtferd.

BARNA SI KOMMUNIKASJONSFORM

Boka Blekkspruten av Dahle og Nyhus gir eit godt innblikk i kor vanskeleg det kan vere for barn å snakke om det. Her blir jenta Gullet misbrukt av broren (). Barn kan føle seg medskyldig i det som har skjedd. Overgriparen seier kanskje at dette er «vår hemmelegheit», «ikkje sei det til nokon», «eg ser/veit du likar dette» eller «du fristar meg» ().

Det er viktig at ein snakkar med barna om kva dei kan gjere når dei vaksne ikkje ser, eller ikkje forstår at dei har det ilt. Ein må vere merksam på kva barn signaliserer (). Barn som blir utsett for seksuelle overgrep, kan gi veldig svake signal på at noko er gale. Det er viktig å tenkje på at dei fleste signal òg kan ha andre årsaker enn at barnet er blitt utsette for seksuelle overgrep. Det er ikkje først og fremst det barna seier, som gjer vaksne bekymra, men også korleis barnet er.

OPPLYSNINGSPLIKT

Barnehagepersonalet skal vere merksame på forhold som kan føre til tiltak frå barnevernstenesta. Utan hinder av teieplikt skal personalet gi opplysningar til barnevernstenesta når det er grunn til å tru at eit barn blir mishandla, eller når det ligg føre alvorleg omsorgssvikt, jf. lov om barnevernstenesta § 4-10, § 4-11, § 4-12, eller når eit barn har vist vedvarande alvorlege åtferdsvanskar, jf. § 4-24 (Kunnskapsdepartementet, 2017). Tilsette i barnehagen kan søkje råd, også anonymt, frå barnevernstenesta, politiet, helsestasjonen eller PP-tenesta ().

SLIK GÅR DU FRAM VED MISTANKE

Mangel på kunnskap om seksuelle overgrep er ofte grunnen til at barn ikkje får hjelp. Kanskje du er redd for å ta feil og ikkje tør å melde frå. Det er bekymringa ein skal melde, ikkje personen (). 89 % i undersøkinga (948) svarte at dei veit kva dei skal gjere ved mistanke.

Berre 8 % (88) svarte nei og 3 % (44) svarte veit ikkje. Det er da 11 % (132) som ikkje veit korleis dei skal gå fram ved mistanke om seksuelle overgrep (figur 4).

FIGUR 4 Veit du som arbeider i barnehage, korleis du skal gå fram ved mistanke om seksuelle overgrep mot barn? 1109 svar

Prosessen frå tidleg uro til ei bekymring som skal gjerast noko med, har mange steg: observasjon, konsultasjon, samtale med leiar og samtale med barn. Fem ulike tema fører til bekymring hos tilsette i barnehagen: avvik frå normalutvikling, åtferdsendring, uklar tilknyting, manglande tilfredsstilling av primærbehov og tydelege teikn på vald eller overgrep (). Ved mistanke om seksuelle overgrep skal alle relevante observasjonar noterast. Når fekk du mistanken, og kva gjeld den? Få med dato, arena for observasjonen, kven som var til stades og namnet på den som har notert. Tilsette skal ikkje vere aleine med mistanken, og det er viktig at ein vender seg til næraste leiar. Dersom ein ikkje blir lytta til, tar ein det vidare til neste leiarnivå, eller til politiet ().

Som tilsett skal ein ikkje drive etterforsking, men samle relevant informasjon til politiet tar over saka. Ein god rapport om det mistenkte eller utførte overgrepet, og at dette er blitt nedskrive straks, er naudsynt. Den mistenkte skal ikkje konfronterast, det er politiet si oppgåve ().

LÆR BARNA OM SEKSUALITET

Barn skal lære om grensesetting og å vere bevisste på eigen kropp. Det er viktig at barn får innsikt i kva som er ein grei måte å ta på andre på, og kva som er ein ugrei måte, og at det er lov å seie nei om nokon tar på ein. I denne undersøkinga svarte nær halvparten at dei ikkje har noko form for seksualundervisning for barna i barnehagen. Dette kan det vere mange grunnar til, som at foreldre er skeptiske til at barna skal få seksualundervisning så tidleg (figur 2).

KONKLUSJON

Denne undersøkinga viser at dei fleste barnehagar har kunnskap om korleis dei skal handtere mistanke om seksuelle overgrep, og at berre eit fåtal av barnehagane manglar beredskapsplan. Dei veit kva dei skal observere, og korleis dei skal gå fram, og at dei ved mistanke kan diskutere saker anonymt med blant anna barnevernstenesta. Likevel er det nesten 10 prosent som seier at dei ikkje veit korleis dei skal avdekkje om barn har vore utsette for seksuelle overgrep. 20 prosent av dei barnehagetilsette seier også at dei ikkje diskuterer seksuelle overgrep på arbeid. Halvparten av barnehagebarna får heller ikkje opplæring om seksualitet og kropp i barnehagen.

Litteraturhenvisninger

Aasland, Margrete Wiede. (2014). ” ... si det til noen ...” en bok om seksuelle overgrep mot barn og unge. Oslo: Cappelen Damm Akademisk

Dahle, Gro & Nyhus, Svein. (2016). Blekkspruten. Oslo: Cappelen Damm.

Flaten, Kirsten. (2018). Et helt vanleg barn. Oslo: Cappelen Damm.

Nordhaug, Inge. (2018). Kva ser vi, kva gjer vi, omsorgssvikt, vald og seksuelle overgrep. Skulen og barnehagen sine oppgåver. Bergen: Fagbokforlaget.

Søftestad, Siri og Andersen, Inger Lise. (2014). Seksuelle overgrep mot barn, traumebevisst tilnærming. Oslo: Universitetsforlaget.

Søftestad, Siri & Aschjem, Øivind. (2016). Hvis klede kunne fortelje, om forståing og handlekraft i møte med barn utsett for vald og overgrep. Oslo: Universitetsforlaget.

Bufdir. (2015, 04.05). Mistanke om seksuelle overgrep. Kva gjør du? Henta 04.10.18 frå: https://www.bufdir.no/ Nedsatt_funksjonsevne/Retningslinjer_seksuelle_overgrep_utviklingshemmede/Mi stanke_om_seksuelle_overgrep_Hva_gor_du_da/

Kripos. (2016). Seksuelle overgrep mot barn under 14 år. Henta 11.12.18 frå: https://www.politiet.no/globalassets/04-aktuelt-tall-og-fakta/voldtekt-og-seksuallovbrudd/seksuelleovergrep-mot-barn-under-14-ar_web.pdf

Redd Barna. (Ukjent dato). Beredskapsplan mot vald og overgrep. Henta 05.12.18 frå: https://www.reddbarna.no/forstyrr/beredskaps-plan-mot-vold-og-overgrep