Lærarkrigen mot Quisling Episode 3
Lærarutdannarar ved ILU meiner vi kan lære mykje om demokratiske verdiar frå historia om lærarane sin kamp mot nazismen. Dette er episode 3 av 3.
Kva gjer du når antidemokratiske makthavarar vil kontrollere folket gjennom utdanningssystemet? Spørsmålet er i høgste grad aktuelt i Europa i dag, og grip direkte inn i kvardagen til elevar og lærarar i mange land. Dette spørsmålet er også ein viktig del av vår eigen historie. Under andre verdskrig, i 1942, var norsk skulesystem under angrep. Erfaringar frå den gongen er at lærarar kan lukkast i forsvare demokratiet og å nedkjempe eit angrep på utdanningssystemet med ikkjevaldelege metodar.
Episode 3. «De lærarar har øydelagt alt for meg!»
Okkupasjonsmakta si behandling av lærarane fører til massiv motstand og uro i samfunnet, og blir kjent utanfor Noregs grenser. Lærarmotstanden er i ferd med å øydelegge Quisling sin plan for å få kontroll over skulen. Månader med tvangsarbeid, svolt og sjukdom tærer på lærarane. Vil dei halde ut?
Podcast som læringsressurs
Kampen til lærarane under andre verdskrig er ei dramatisk historie som eignar seg svært godt som podcast. Ein slik måte å fortelje historia på gir også potensial for å treffe studentar og elevar, då yngre aldersgrupper lyttar mykje til podcast. Ifølgje Den store podrapporten 2022 lyttar til dømes 76% i aldersgruppa 15-19 og 88% i aldersgruppa 20-29 til podcast. Podcastar er også eigna til bruk i undervising i både skule og høgare utdanning. Enkelte studiar tydar blant anna på at narrative podcastar kan vekke interesse og kan vere meir engasjerande enn tekst.
Vi håpar at podcasten “Lærarkrigen mot Quisling” kan vere utgangspunkt for å reflektere over spørsmål om demokratiske verdiar, kritisk tenking og verdigrunnlaget til den norske skulen.
Litteraturhenvisninger
Bauermedia (2022) Den store podrapporten 2022: https://bauermedia.no/podrapporten/DenStorePodrapporten2022.pdf
Heie, M. (25.11.2021) Bedre læring med podkast
Logue, A. (23.07.2020) The Why & How of Using Podcasts in Education: https://blog.podcast.co/reach/podcasts-in-education
Kärcher, N. (2018) Kampen om skolen: nazifisering og lærernes motstand i det okkuperte Norge. Dreyers forlag
Kvam, V. (2013). Skolefronten - Einar Høigård og norske læreres kamp mot nazismen. Scandinavian academic press
Roth, J.; Chang, A.; Ricci, B.; Hall, M.; Mehta, N. (2020). Why not a podcast? Assessing narrative audio and written curricula in obstetrical neurology. Journal of Graduate Medical Education, 12(1): 86-91.