Den kulturelle skolesekken (DKS) har vorte ein del av studiet for lærarstudentar på Notodden. Fire DKS-produksjonar skal innom campus i skuleåret 2022/2023.

Den kulturelle skolesekken (DKS) når alle skulane i landet kvart einaste år. Som lærer i grunnskulen vil du før eller sidan møte denne ordninga.

Å førebu lærarstudentar på dette, og ikkje minst sørgje for at dei oppdagar moglegheitene det gir for både eiga profesjonsutøving og for elevane, blir sett i system på stadig fleire universitet og høgskular.

Praksisnært og ekte

Universitetet Søraust-Noreg er ein del av pilotprosjektet «DKS + lærarutdanninga = sant?!». I løpet av skuleåret 2022/23 blir rundt 100 lærarstudentar på campus Notodden kopla til følgjande fire produksjonar frå Den kulturelle skolesekken (DKS):

  • Viral – scenekunst
  • Konsert med Trio Oro – musikk
  • Star Wårs med å – scenekunst
  • 9 grader nord – musikk

Kunstmøta blir knytte til profesjonsdanninga til studentane og blir kopla mot læringsutbytte i dei einskilde faga til studentane. Målet er å utvikle relevante tilnærmingar for å innlemme DKS i undervisinga på grunnskulelærarutdanninga ved USN.

– Tanken er at i dei fem åra dei studerer her, vil studentane ha møtt DKS i fleire fag og møtt fleire ulike kunst- og kulturuttrykk – og produksjonar. Det vil gi dei erfaring i å tenkje korleis kunstopplevingar kan brukast i ulike samanhengar, og dei får jobbe praksisnært og ekte, seier Tone Cronblad Krosshus, som er prosjektleiar og fagleg ansvarleg ved USN.

USN har dessutan søkt om forskingsmidlar frå Regionale forskingsfond for å gå meir systematisk til verks for å undersøkje korleis DKS kan innlemmast i grunnskulelærarutdanninga.

Tone Cronblad Krosshus i samtale med Simen Tranulis. Foto: Marte Glanville / Kulturtanken

Kunsten inn i klasserommet

I november 2022 var DKS på plass på campus Notodden for første gong og då med eit skreddarsydd, tverrfagleg undervisningsopplegg over to dagar, basert på framsyninga «Viral». Framsyninga handlar om ulovleg deling av bilete, men òg om krafta i sosiale medium, mobbing og konsekvensar av jag etter digitale hjarte og følgjarar.

I forkant av undervisningsopplegget hadde studentane sett framsyninga saman med ei gruppe niandeklasse-elevar, og deretter jobba dei med å ta med kunstopplevinga inn i klasserommet og utnytta potensialet som ligg i ho.

– Studentane går inn i ein prosess saman med elevane. Dei opplever eit kunstutrykk saman, for så å jobbe med ulike tematikkar, assosiasjonar og dissasosiasjonar, og utforske dette gjennom estetiske uttrykk og arbeidsformer. Undervegs i ein slik prosess skjer det ganske mykje både for elevane og for dei kommande lærarane, seier universitetslektor Barbro Børli Løkken ved Institutt for estetiske fag på USN.

Nokre studenterfaringar:

– Kva var det viktigaste du fekk ut av dette?
– Det viktigaste eg har lært er kor mykje DKS har å seie for elevane. Vi må ikkje gløyme at slike kulturelle innslag kan forme elevane og utvikle dugleik og eigenskapar på ein heilt annan måte. Å lære om kultur gjennom praksis er ei flott form for danning, seier lærarstudent Nilofar Faeqi

– Kva verdi har dette for di eiga profesjonsøving?
– Personleg synest eg det har ein utruleg stor verdi. Det har styrkt forholdet mitt til DKS og overtydd meg endå meir om kor viktig det er med slike opplevingar i skulen, men ikkje minst å faktisk bruke den opplevinga til noko i klasserommet òg, altså ikkje berre sjå førestillinga og gå heim – ferdig. Eg har lært kor stor verdi det har å jobbe vidare med det «materialet» ein får av DKS, seier lærarstudent Marie Jahren Fludal.