Tverrfagleg arbeid krev endå meir tid, samarbeidsevne og nytenking enn forskarane var budde på. ─ Studentane i studien var vel så opptatte av å finne ut av det tverrfaglege som å sette seg inn i korleis berekraft er ei utfordring i samtida, fortel forskar.

Det er i dag forventing om at forsking skal bidra til utvikling av berekraftige samfunn. Forskarar har eit ansvar for å bidra til større global rettferd i verda. Men kva slags ansvar har lærarar i skulen, og korleis kan dei jobbe med tematikken på tvers av fag?

I artikkelen «Making Sense of Frustration and Complexity when Introducing Sustainability in Teacher Education» skildrar forskarar ein intervensjon der dei ville finne ut korleis kommande lærarar kan jobbe saman på tvers av fag.

Ein intervensjon er ein planlagt aktivitet som skil seg frå vanleg praksis, og det forskarane gjorde var å innføre berekraft som tema i ei av fordjupingsvekene i lærarutdanninga. Forskarane studerte samarbeidet mellom lærarstudentar på campus.

─ Vi inviterte studentane til å utarbeide tverrfaglege undervisningsopplegg knytt til berekraft og dei viste stor kreativitet, seier Marianne Ødegaard, professor ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking (ILS).

Krevjande og komplekst saksfelt

Ho gjennomførte studien ved eit stort, norsk universitet, saman med kollegaene professor Erik Knain, førsteamanuensis Ole Andreas Kvamme og førsteamanuensis Elin Sæther (alle ILS).

– Funna våre viser blant anna at det er mogleg å få til ganske mykje innanfor lærarutdanninga slik ho er no. Vi er imponert over det studentane fekk til i løpet av uka, seier ho.

─ Samtidig var det krevjande for studentane å ta inn over seg kompleksiteten innanfor dette feltet, seier ho. Intervensjonen varte i to veker, og bestod av førelesingar og arbeidsgrupper. Studentane jobba med emna mat og reint vatn.

Temaa vart valde fordi dei er komplekse, relevante for ulike fag og fordi dei er viktige for å sikre ei berekraftig verd.

─ Det vart mykje nytt på ein gong, både berekraft som tema, tverrfaglegheit og skulen si oppgåve med å løyse aktuelle samfunnsutfordringar, fortel førsteamanuensis Ole Andreas Kvamme.

– Det er mogleg å få til ganske mykje innanfor lærarutdanninga slik ho er no

─ Vi kan endre lærarutdanninga

─ Vi vil framheve betydinga av at studentane undervegs i arbeidet viser kva dei har fått til overfor kvarandre ─ trass i frustrasjonen som òg er ein del av prosessen, understrekar førsteamanuensis Elin Sæther.

─ Det er viktig å utforske handlingsrommet innanfor dei strukturane ein arbeider i, altså slik lærarutdanning slik ho er no, poengterer ho.

─ Men studien peiker også på behovet for å endre studieprogrammet, seier Sæther.

Funna viser at tverrfagleg arbeid krev tid, samarbeidsevne og nytenking.

─ Studentane var vel så opptatte av å finne ut av det tverrfaglege som å sette seg inn i korleis berekraft er ei utfordring i samtida, fortel Erik Knain.

Til gjengjeld kan ein lære mykje av å jobbe på tvers av faggrenser.

Og utfordringane som skal løysast i tida som kjem knytt til berekraft og klima, vil krevje ei rekke ulike tilnærmingar, understrekar forskarane.

Det er nødvendig å sjå ulike kunnskapsområde i samanheng når målsettinga om berekraftige samfunns skal oppfyllast:

─ Både elevar, studentar og lærarar treng då å utvikle tverrfaglege tilnærmingar. Ei intensivveke kan her vere viktig, men slett ikkje tilstrekkeleg, seier dei.

Kort fortalt

  • Forskarane gjennomførte eit to vekers undervisningsopplegg innan miljø- og berekraft på lærarutdanninga ved eit stort, norsk universitet.
  • Fagfeltet heiter på engelsk «environmental and sustainability education» (ESE), og tar opp emne som er relevante for dei fleste fag i skulen.
  • Undervegs svarte studentane på spørjeskjema om kva dei fekk ut av opplegget.
  • I tillegg gjennomførte forskarane gruppeintervju og videoobservasjon av gruppearbeid.
  • Forskarane nytta seg av intervjuar, spørjeskjema og video.
  • Resultata er publisert i artikkelen «Making Sense of Frustration and Complexity when Introducing Sustainability in Teacher Education».

Litteraturhenvisninger

Marianne Ødegaard, Erik Knain, Ole Andreas Kvamme og Elin Sæther (2021): Making Sense of Frustration and Complexity when Introducing Sustainability in Teacher Education