Noreg kontra Hellas: Kor godt førebur dei lærarstudentane på mangfald i klasseromma?
Det språklege, kulturelle og religiøse mangfaldet i klasserommet blir stadig større. Alle elevar har rett til ei tilpassa undervisning. Er dei kommande lærarane rusta til å møte desse elevane?
─ Vi meiner at tilpassa undervisning og interkulturell undervisning er to sider av same sak og bør integrerast. Begge tek utgangspunkt i menneskerettar, likeverd og alle sin rett til utdanning.
Det seier førsteamanuensis Britt Oda Fosse og universitetslektor Janne Thoralvsdatter Scheie, begge tilsett ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking.
─ Lærarstudentane viste stor vilje til å gjera ein innsats til elevane sitt beste
Interkulturell undervisning legg vekt på å utvikle respekt og nysgjerrigheit for andre kulturelle grupper sine verdiar, bakgrunn og interesser.
For lærarar blir dialog, klasseromsdiskusjonar og forhandlingar viktige verktøy for å utvikle elevanes interkulturelle bevisstheit.
Det kan til dømes handle om å tørre å snakke om forskjellar når det gjeld bruk av hovudplagg, korleis vi helsar, tiltalar og snakkar til vaksne.
Differensiert undervisning handlar om å tilpasse undervisninga til elevanes bakgrunn, kunnskapsgrunnlag, interesser og motivasjon.
Forskarane har samanlikna to lærarutdanningar, ein i Norge og ein i Hellas, og sett på korleis dei førebur lærarstudentane på å undervise i mangfaldige klasserom.
Forskarane understrekar at mangfald er meir enn religion og etnisitet.
─ Mangfald handlar om alle sin rett til utdanning uansett funksjonshemming, etnisitet, religion, språk, kjønn og evnar.
Både dei elevane som kjem frå andre kulturar og dei som treng anna tilpassing utgjer det mangfaldige klasserommet i denne forskinga. Det er eit nytt grep for denne typen studiar.
─ Områda har til no levd ulike liv i praksis og forsking, påpeikar Fosse og Scheie.
─ Lærarstudentane i begge land viste stor vilje til og ynskje om å gjera ein innsats til elevane sitt beste, uttaler Scheie.
I begge utdanningane var differensiering og mangfald viktig. Studentane fekk førelesningar, jobba saman i seminara og med ulike praksisnære «case» og rollespel.
Historiske skilnader påverkar kva slags lærarar vi får
– Den greske utdanninga søkte å innvie elevane i gresk historie og tenkning, seier Fosse
I den norske lærarutdanninga fokuserte ein meir på mangfald, i tydinga kulturelt mangfald, i tråd med overordna retningslinjer for skulen, seier forskarane.
─ Det historiske og samfunnsmessige bakteppet i dei to landa kan ha vore med å påverke innhaldet i lærarutdanninga, argumenterer Fosse.
Ein av dei norske lærarstudentane sa til forskarane at det viktigaste var å vere ein god rollemodell og lære elevane å akseptere andre for den dei er.
Kunst gjer det mogleg å setje seg inn i andre sitt perspektiv
Dei greske studentane jobba med eit prosjekt dei kalla «Art and Education». Hensikta var å utvikle ei djupare forståing av mangfald ved å utrykke seg gjennom kunst.
Studentane vart delt inn i grupper og kvar gruppe vart rettleia av ein ekstern utøvande kunstnar, til dømes skulptør og koreograf.
─ Kunsten blir som ein møtestad for læring, eit samfunnsprosjekt, og kan sjåast i lys av skulens samfunnsmandat.
– Vi vart positivt overraska over dei greske studentane sine opne og spørjande tilnærmingar til omgrepet mangfald og differensiering, avsluttar dei to forskarane.
Råd til lærarutdannarar
- Sjå på interkulturell undervisning og differensiert undervisning som to sider av same sak
- La studentane trene på interkulturell sensitivitet, til dømes gjennom å bli merksame på eigne haldningar og kjensler knytt til mangfald
- Lærarutdanninga kan hjelpe studentane til å forstå dynamikken i sin interaksjon med elevar med ulike bakgrunnar
Råd til kommande lærarar
- Jobb for likeverd og empati i klasserommet gjennom å bruke metodar som case og rollespel
- Skap eit rom for dialog i klasserommet gjennom å utvikle gode strategiar for korleis ein kan møte til dømes kvardagsrasisme og hatefulle ytringar
Kort fortalt
- Forskarane undersøkte lærarutdanningar i Norge og Hellas for å finne ut korleis dei kommande lærarane blir førebudd på å undervise i mangfaldige klasserom
- I studien brukte dei spørjeskjema, intervju, dokumentanalyse og observasjonar
- Forskinga er finansiert av Erasmus Mobility+-programmet
- Artikkelen inngår i temanummer av Acta Didactica Norden om lærarutdanninga sine undervisningspraksisar på campus
- Britt Oda Fosse er førsteamanuensis og Janne T. Scheie er universitetslektor, begge ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking og medlemmar av forskargruppa TEPEC
Litteraturhenvisninger
«Preparing student teachers to teach in diverse classrooms: A comparative case study of two teacher education programmes». Acta Didactica Norden. 2021.