Podkast: Språk er livsviktig – ferdig snakka
– Fantastisk at fleire vil bli språklektor, for språk er alt; verkelegheit, identitet og makt. Språkkunnskap er heilt sentral for å forstå seg sjølv og verda, seier professortrioen vi har snakka med i denne episoden av Universitetsplassen.
Jubelen stod i taket blant språkforskarane ved Universitetet i Oslo då årets søkartal frå Samordna opptak var klare i april: Søkinga til språkfaga i Lektorprogrammet gjorde nemleg eit kraftig byks oppover.
– Språk er navet i humaniora
Heile 40 prosent fleire lektorstudentar vil studere engelsk frå hausten 2022 samanlikna med året før, over 27 prosent fleire vil ta framandspråk og 22 prosent fleire vil ta nordisk. Arabisk, kinesisk og japansk er blant dei «nypopulære» framandspråka ved Universitetet i Oslo.
Men kva skal vi med alle desse språka – i skulen, i arbeidslivet og i samfunnet elles?
Gjestane i denne episoden meiner vi treng dei fordi dei gir oss kunnskap om kultur, om å vere i verda, om andre i verda, om kven vi er i forhold til kvarandre og om fortida og framtida.
– Dessutan gir språkrikdom i skulen oss ein unik mulegheit til å lære ein mengde andre fag, ikkje berre språkfag, seier dei tre professorane Lisbeth M. Brevik, Marte Blikstad-Balas og Helge Jordheim.
– Slik sett er språk sjølve navet i dei humanistiske faga, elementet som held dei saman, meiner dei.
Respekt for ungdom sin språkbruk
Lisbeth M. Brevik, engelskdidaktikar ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking, har fått stor respekt for språkbruken til unge gamarar, ei gruppe ho både studerer og lærer av. I dag ser ho på gamingspråket som det fagspråket det er og dei unge brukarane som svært språkmedvitne.
– Pandemien har forsterka unge sin målretta bruk av språk for å få tilgang på informasjon dei er ute etter. Dei er blitt meir medvitne og meir kritiske, seier ho.
I vår har det dukka opp endå ei krise som krev nye ord og forståingsmåtar. Lytt til episoden og finn ut kva forskarane fryktar kan skje dersom det går inflasjon i bruken av ordet «krise».
– Eg synest det er vanskeleg sjølv, eg. Kva omgrep skal eg bruke for å omtale krigen på riktig måte? Eg vil ikkje seie «Ukraina-Russland-konflikten», fordi den talemåten speglar ei gjensidigheit som ikkje stemmer med verkelegheita. Då er det betre å seie «krigen i Ukraina» eller «Russland sin invasjon i Ukraina», reflekterer Brevik.
– Kva omgrep skal eg bruke for å omtale krigen?
Dette er diskusjonar ungdom engasjerer seg i om dagen, også i klasserommet, og Brevik studerer samtalane i videoopptak.
– Krigen vert diskutert også i engelsktimar, og då vert engelsk og norsk brukt om kvarandre; elevane sitt språklege repertoar vert brukt som ein ressurs. Målet er forståing og middelet er den samla språkkunnskapen elevane og læraren har, seier ho.
Språk om språket
Marte Blikstad-Balas, nordiskdidaktikar ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking, er i likskap med Brevik overtydd om at vi ikkje får løyst eit einaste samfunnsproblem utan god språkkunnskap.
– Vi lever i ei krevjande tid med store, globale samfunnsproblem vi må løyse – ikkje berre krig, men pandemi, klimakrise og flyktningstraumar – og det gjer oss endå meir avhengige av gode språk- og kommunikasjonsevner. For kva er det som kjenneteiknar alle desse problema? Dei er komplekse og krev nyanserte måtar å forstå og snakke om dei på, seier ho.
– Ei språkleg ytring kan ha store konsekvensar både for enkeltindivid og heile samfunn. Då er det avgjerande at nokon iblant oss kan sjå systematisk på språk og retorikk, analysere og forklare kva som skjer, seier ho.
Ja, kvifor fungerer språket som det gjer? Kvifor er effekten av same språkbruk forskjellig i forskjellige grupper?
– Å svare på slike spørsmål krev også eit metaspråk, eit språk om språket, og her er språklærarane kjempeviktige, meiner Blikstad-Balas.
Språk kan hele ei vanskeleg fortid
– Som germanist er det nærliggande for meg å tenke på Tyskland her, eit land som har brukt språket medvite for å ta i og snakke om si heimsøkande historie, på eit vis som skaper både forståing og heling, seier Helge Jordheim, kulturhistorikar ved Institutt for kulturstudiar og orientalske språk.
– Tyskarane har til dømes det fantastiske omgrepet «Vergangenheitsbewältigun», som viser til prosessen med å ivareta og arbeide med fortida, som omfattar det sosiale, det politiske og det personlege, frå monumentbygging og minnearbeid til læring i skulen. Omgrepet gir dessutan eit apparat å snakke saman om prosessen på, seier Jordheim.
– Tyskland er eit land som har brukt språket medvite for å ta i og snakke om si heimsøkande historie.
– I Norge har vi i til ein viss grad mangla dette språket, noko debatten om Marte Michelet si bok illustrerte til fulle i 2018 og utover. Men eg trur også at debatten blei starten på ein ny, norsk «Vergangenheitsbewältigung», ei fortidsrørsle mot framtida, seier han.
Kva språk er mest deg?
Jordheim er også fascinert over nærleiken og tilgangen ulike språk gir han til verkelegheita, kva språk tillét han å vere.
– Å kunne språk, fleire språk, opnar dører både til oss sjølve, andre menneske og det menneskelege meir filosofisk, seier han.
– Det er avgjerande at nokon ser systematisk på språk og retorikk.
Kanskje har du ikkje tenkt på kva språk som er mest deg enno? Professortrioen i denne episoden av Universitetsplassen veit i alle fall godt kva språk som er mest dei.
Men til og med ein professor kan bli usikker på seg sjølv, og ein av gjestane innrømmer å bruke Henrik Ibsen som støttespelar kvar gong det knakar litt i tilveret.
Kan du tenke deg kven av dei tre det er?
Meir lesestoff til etter lyttinga
«Undervisning der eleven skal utforske språklig variasjon, må vel innebære noe annet enn undervisning der eleven kun skal gjøre rede for språklig variasjon?», spør Marte Blikstad-Balas i denne Bedre skole-artikkelen.
«Hva kan bli konsekvensene av at vi omtaler stadig større deler av vår egen fortid, nåtid og fremtid som «krise»?», spør Helge Jordheim i denne Arr-artikkelen.
«For eksempel kan engelsklærere legge opp til at elevene snakker om hva de spiller på fritiden – eller har spilt tidligere – hvordan og hvorfor de spiller, og hvordan dette bidrar til at de utvikler engelskkompetansen sin på en måte som er relevant for dem.», skriv Lisbeth M. Brevik i denne Bedre skole-artikkelen.
UiO er populært for kommande lektorar.