Samarbeider om fleire nye forskarskular
Høgskulen i Volda har i samarbeid med andre institusjonar vunne fram i konkurransen hos Forskingsrådet om å etablere forskarskular, og skal no vere med på å etablere to nye.
Nasjonale forskarskular er ei ordning for å fornye og forbetre norsk forskarutdanning, og er eit supplement til institusjonane sine eigne doktorgradsprogram. Forskarskulane består av faglege nettverk der universitet, høgskular og forskingsinstitutt deltek.
Med dei to nye forskarskulane, er Høgskulen i Volda (HVO) no med i sju ulike forskarskular.
Viktig for framtida
Den eine nye er innan innan matematikkdidaktikk. Den er koordinert av Universitet i Agder og ber namnet Norwegian Graduate School in Mathematics and Science Education. Denne forskarskulen støttast med 16 millionar kroner av Norges forskingsråd dei neste åtte åra.
– Noko av det viktigaste vi kan gjere for å forberede oss på framtida, er å satse på forsking og unge forskartalent spesielt. Forskarskulane bidreg til at doktorgradsstudentane er godt rusta for oppgåvene som venter i og utanfor forskinga, seier administrerande direktør i Forskningsrådet Mari Sundli Tveit i ei pressemelding.
Styrke helse, velferd og utdanning
Den andre nye forskarskulen HVO no er ein del av er koordinert av Universitetet i Stavanger og heiter PROFRES (Profesjonsretta og praksisnær forsking på områda helse, velferd og utdanning).
PROFRES skriv om seg sjølv at dei skal utdanne forskarar som er i stand til å tenke kritisk, og som kan utvikle ny kunnskap om, og for, profesjonar og praksisfelt i ei tid kor velferdsstaten pregast av store utfordringar og endringar. Ved å støtte utvikling av kandidatane sine forskingsprosjekt og deira akademiske kompetanse, bidreg PROFRES indirekte til å styrke og utvide kunnskapsgrunnlaget for helse, velferds- og utdanningssektorane. Gjennom sitt fokus på det profesjonsretta og praksisnære, utgjer forskarskulen ein viktig arena for å utvikle yngre profesjonsfaglege forskingsfelt gjennom ei tverrfagleg innretning.
Større fagleg nettverk
HVO har no altså tilsette som bidreg i sju ulike forskarskular, der tematikken spenn frå ei rekkje musikkdisiplinar til matematikkdidaktikk. Henriette Hafsaas, forskingssjef ved HVO, er glad for at høgskulens tilsette er med på å gi eit godt fagleg og utviklande tilbod til komande forskarar.
– Det er positivt med nasjonale forskarskular som kan supplere doktorgradsprogramma ved institusjonane. Gjennom forskarskulane får stipendiatane tilgang på relevante kurs og eit større fagleg nettverk, seier Hafsaas.