I norske barnehagar skal berekraft vere eit gjennomgåande tema og verdigrunnlag. Men barna lærer ofte berre å rydde avfall, viser forsking.

Samspelet i naturen er noko av det små barn kan lære om berekraft. Jan Håkon Vikane og Torhild Høydalsvik forskar på berekraft i undervisning ved Høgskulen i Volda (HVO). Foto: HVO/Steinarr Sommerset

– Det overraskar meg litt at barnehagane har ei veldig eindimensjonal forståing av berekraft, fortel førsteamanuensis Jan Håkon Vikane ved Høgskulen i Volda (HVO).

Saman med HVO-kollega og professor Torhild Høydalsvik har han forska på korleis barnehagetilsette jobbar med og tolkar omgrepet berekraft.

– I barnehagane er dei først og fremst flinke til å kjeldesortere og plukke søppel på tur. Andre viktige sider ved berekraft forsvinn lett i bakgrunnen, slik som verdiar og haldningar, framtidsmoglegheiter og naturen som leikearena, seier Vikane.

Må styrkje utdanninga for å løfte temaet

I ein vitskapleg artikkel har Vikane og Høydalsvik undersøkt kva forståing barnehagelærarar har av omgrepet berekraft, og korleis dette blir konkretisert i praktiske aktivitetar.

I tillegg til at dei to forskarane har avdekt ei snever forståing av berekraft, ser dei at det viktige temaet viser lite igjen i både vekeplanar og ulike personalmøte. Utdanningane må derfor endrast mykje, slik at barnehagane er betre rusta til å jobbe breiare med berekraft, konkluderer forskarane.

– Vi skal ikkje berre rette peikefingeren mot barnehagane, for dei gjer også veldig mykje bra. Vi må løfte i flokk for å heve nivået på berekraft i undervisninga, og denne forskinga skal vere med og styrkje lærarutdanningane våre for å få det til, understrekar Høydalsvik.

Dette fann forskarane

  • Gjennom ein mixed method-studie undersøkte forskarane barnehagelærarane si forståing av og praksis kring omgrepet utdanning for berekraft.
  • Funna syner at barnehagelærarane har ei avgrensa forståing av berekraft med vektlegging av aspekt som søppelsortering, meiningsforståing og åtferdsnormer.
  • Ei holistisk tilnærming til berekraft som oppmuntrar til kritisk tenking, meiningsskaping og demokratisk deltaking, er mindre prioritert.
  • Trass i berekraft sin sentrale plass i rammeplanen til barnehagen har omgrepet liten plass i vekeplanar og personalmøte.
  • Forskarane føreslår radikale endringar i barnehagelærarutdanninga for å prioritere berekraft på lik linje med kor viktig det er for samfunnet.

Meir berekraft i dialog med barna

Behovet for ei berekraftig utvikling har vore på samfunnsagendaen i snart førti år. I norsk barnehage har dette vore eit uttalt verdigrunnlag i rammeplanen sidan 2017. Men kor handgripeleg er eigentleg omgrepet berekraft i kvardagen? Blir det helst eit festtale-ord?

– Fleire barnehagelærarar fortel oss at berekraft er vidt og vanskeleg, og at dét avgrensar kva undervisningsopplegg dei lagar. Ein innfallsvinkel kan vere å involvere barna meir direkte i aktuelle problemstillingar, så dei får skape seg meiningar som kan munne ut i konkrete handlingar seinare i livet, meiner Vikane.

Dei to forskarane meiner nøkkelen er å skape handlingskompetanse hos barna: at dei får kunnskapar, ferdigheiter og haldningar til å løyse problem og oppgåver sjølve.

Lærer berekraft med grøne fingrar

Men kva kan skape slik handlingskompetanse? Vikane har eit krondøme: grønsaksdyrking.

– Mange barnehagar har gode erfaringar med dyrking som ein del av den didaktiske praksisen sin, og dette burde også vore ein del av barnehagelærarutdanninga.

Vikane forklarer at dyrking kan romme enormt mykje innan berekraft.

–Barna kan lære om samspelet i naturen gjennom til dømes kompostering. Dei må samarbeide med kvarandre og ta vare på og bry seg om plantane. Dei får eit utbyte med verdi og betydning og kan lære om rettferdig fordeling av ressursar på jorda – og det er jo dette berekraft eigentleg handlar om, både i dag og for framtida, utdjupar han.

Ikkje lett, men desto viktigare

Vikane og Høydalsvik forskar på berekraft i undervisning gjennom både HVO-forskingsgruppa Berekraftdidaktikk og samarbeid i nasjonale og internasjonale nettverk. Dei ønskjer å gjere HVO til ein sentral aktør på dette forskingsfeltet for barnehage, skule og lærarutdanning.

– Vi må få fram kor viktig det er å fremje og meistre berekraft, i lys av kva globale utfordringar barna våre arvar. For det må ei endring til, det er det ikkje tvil om, seier Vikane, og får støtte av forskarkollega Høydalsvik:

– Ja, det må ei radikal endring til her, både i undervisninga og samfunnet, men dette er ikkje lett, og ein må gi skular og barnehagar tid til å finne si form. For berekraft er ikkje ein type kunnskap du «har lært ein gong», men eit felt i utvikling – og samtidig noko som må engasjere både hovudet og hjartet.