Podcast
Episode 18: Vaksne som mobbar eigne elevar
At elevar vert utsett for mobbing av vaksne på skolen, er eit globalt problem. I dei fleste tilfella dreier det seg om lærarar som krenkjer eller mobbar sine eigne elevar.
Kvifor gjer dei det? Og kva gjer dette med elevane som opplev å verte mobba eller krenkja av ein vaksen som jobbar på skulen – ein vaksen dei trudde dei kunne stole på?
Høyr episoda her:
I denne podcast-episoden diskuterer programleiar Maria Gilje Strand temaet «lærarmobbing» med førstelektor Kari Gusfre ved Læringsmiljøsenteret.
Aktuelle tema som vert drøfta i podkasten:
- Kva er «lærarmobbing», og kvifor skjer det?
- Kor «vanleg» er det at elevar vert utsett for krenking eller mobbing av læraren sin?
- Kan leiarstilen til den enkelte lærar ha noko å seie?
- Kvifor det er så viktig å seie ifrå dersom ein ser ein kollega utsetje elevar for mobbing
- Kvifor er det så viktig med god relasjonskvalitet mellom lærar og elev?
- Kan «lærarmobbing» føre til meir mobbing?