I eitt nytt, stort forskingsprosjekt skal forskarar frå Norge og Sverige finne løysningar på lærarmangelen. Arbeidet har nett starta, og forskarane understrekar alvoret i situasjonen.

Felles utfordring: I eit nytt, stort forskingsprosjekt skal forskarar ved Mittuniversitetet, Nord universitet og Dronning Mauds Minne Høgskole finne løysingar på lærarmangelen. – Den aukande mangelen på kvalifiserte lærarar, ikkje minst i vår region Jämtland Härjedalen og Trøndelag, er alvorleg, seier Lena Boström, prosjektleiar og professor i pedagogikk ved Mittuniversitetet (framme nr. 2 f.v. i biletet). Foto: privat.

I eitt nytt, stort forskingsprosjekt skal forskarar frå Norge og Sverige finne løysningar på lærarmangelen. Arbeidet har nett starta, og forskarane understrekar alvoret i situasjonen.

– Den aukande mangelen på kvalifiserte lærarar, ikkje minst i vår region Jämtland Härjedalen og Trøndelag, er alvorleg. I tillegg kjem den synkande interessa dei siste åra, både i Sverige og Noreg, for å søkje seg til lærarutdanningane, seier Lena Boström, prosjektleiar og professor i pedagogikk ved Mittuniversitetet.

– Det hastar med å finne løysingar, men å utdanne morgondagens lærarar er eit spørsmål som handlar om meir enn statistikk og tal. Det handlar òg om normative spørsmål om synet på kvalitet i utdanninga, og kven vi ønskjer skal bli lærarar og kven vi ikkje ønskjer skal bli det, seier ho.

1,1 millionar euro

Prosjektet er eit samarbeid mellom Mittuniversitetet, Nord universitet og Dronning Mauds Minne Høgskole (DMMH). Det starta opp i mai, og forskarane skal studere kompetansetilførsel og lærarmangel frå ulike perspektiv og skape ulike arenaer for samarbeid mellom skuleaktørar i grenseregionen.

Prosjektet «Lærarar utan grenser» har fått innvilga totalt 1,1 millionar euro i Interreg-midlar, der 455 000 euro kjem frå Interreg Sverige-Noreg og 190 000 euro frå Interreg Noreg. Forskinga blir gjennomført i seks ulike spor, og forskarane skal mellom anna analysere data om korleis lærarmangelen har utvikla seg i regionens ulike kommunar i løpet av 2000-talet, og korleis han er forventa å utvikle seg i framtida.

Vi ser at debatten ofte går høgt rundt lærarutdanninga spesielt, og akkurat no er diskusjonane heite i Noreg. Det er bra og viktig at temaet engasjerer.
Ole Petter Vestheim, forskar ved Nord universitet

– Det er viktig å vere klar over at lærarkrisa er samansett og ein konsekvens av mange faktorar med røter i internasjonal og nasjonal politikk. Vi ser at debatten ofte går høgt rundt lærarutdanninga spesielt, og akkurat no er diskusjonane heite i Noreg. Det er bra og viktig at temaet engasjerer, og det ønskjer vi å fange opp i prosjektet vårt ved å invitere skuleaktørar og politikarar til å delta, seier førsteamanuensis Ole Petter Vestheim ved Nord universitet.

Inkluderer sørsamisk utdanning

Prosjektet varer frå mai 2024 til mai 2027 og fokuserer på det geografiske området som vert kalla Nordens grøne belte. Tilnærminga med å undersøkje føresetnadene for systematisk samarbeid på tvers av landegrensene, og å inkludere sørsamisk utdanning i dette arbeidet, gjer prosjektet unikt.

Nordens grøne belte er namnet på området som strekkjer seg frå Trøndelag i vest, via Jämtlands län til Västernorrlands län i aust.

– Vi må skape betre føresetnader for samarbeid over landegrensene mellom kommunar, lærarar, høgare utdanningsinstitusjonar og lærarstudentar. Målet er å snu trenden med aukande mangel på kompetanse. Det vil bli lettare å rekruttere og behalde lærarstudentar og lærarar, noko som vil styrkje regionen, seier professor Marit Holm Hopperstad ved DMMH.

I fjor lanserte Mittuniversitetet ei desentralisert sjukepleiarutdanning, som har vore ein suksess. Vi vil undersøkje om noko liknande kan vere føremålstenleg for lærarutdanningane.
Pär Olausson, dekan ved Mittuniversitetet

– I fjor lanserte Mittuniversitetet ei desentralisert sjukepleiarutdanning, som har vore ein suksess. Vi vil undersøkje om noko liknande kan vere føremålstenleg for lærarutdanningane. Vi befinn oss i ein region med spreidd busetnadsstruktur der det er viktig at så mange som mogleg av innbyggjarane får ei reell moglegheit til å ta høgare utdanning. Her må vi halde fram med å diskutere kva fleksible løysingar som også kan brukast på lærarutdanningane, seier dekan Pär Olausson ved Mittuniversitetet.