Kva finst av kunnskap om mobbing i barnehagen og korleis blir fenomenet diskutert i den norske barnehagekonteksten? Forskarar har nå samla og analysert litteratur om mobbing i den norske barnehagen for å kartleggja slike og andre problemstillingar.

Den norske barnehagelova slår fast at alle barnehagebarn skal ha rett til eit trygt og godt psykososialt miljø. Slik er ikkje alltid røyndomen. I rapporten - «Mobbing i norske barnehager – en kunnskapsoversikt» har forskarar difor samla og analysert litteratur om mobbing i den norske barnehagen.

Mobbing i skulen får ofte merksemd, men mobbing går òg føre seg i barnehagen. Likevel er det ikkje brei semje mellom involverte grupper - som forskarar, utdannarar, praktikarar, foreldre og barn - om kva mobbing i barnehagen er. Heller ikkje alltid om kva som kvalifiserer til mobbing og korleis ein skal kategorisere ulike former for mobbing.

Resultata sprikar difor, blant anna i studiar om kor mange norske barnehagebarn som opplever mobbing – heilt frå seks prosent til 20 prosent.

Forskarar har difor samla og analysert litteratur om mobbing i den norske barnehagen, for å kartleggje kva som blir rekna som mobbing, omfanget av problemet, og kva for førebyggings- og handteringstiltak som blir omtalt i litteraturen.

Rapporten - «Mobbing i norske barnehager – en kunnskapsoversikt» - er laga av Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning (Læringsmiljøsenteret), i samarbeid med Nasjonalt kunnskapssenter for barnehager. Forskinga er gjort med støtte frå Partnerskap mot mobbing (PMM).

Kunnskapssenter for utdanning (KSU) har utarbeidd eit forskingsnotat av rapporten.

Her kan du lesa forskingsnotatet