Forskningsrådet
Noregs forskingsråd er styresmaktenes sentrale rådgivar i forskingspolitiske spørsmål og fordeler årleg vel ni milliardar kroner til forsking og innovasjon.
Forskingsrådet arbeider for auka internasjonalt samarbeid og auka deltaking i EUs forskings- og innovasjonsprogram. Forskingsrådet skaper møteplassar for og dialog mellom forskarar, brukarar av forsking og aktørar som finansierer forsking.
Forskingsrådet skal bidra til eit heilskapleg FoU-system som leverer forsking av høg kvalitet, utviklar kunnskap for å møte sentrale utfordringar i samfunn og næringsliv, bidreg til dynamikk og samhandling nasjonalt og internasjonalt og legg til rette for læring, bruk og innovasjon.