Kunnskapssenteret si primære oppgåve er å produsere, samle, syntetisere og spreie forskingskunnskap om ulike problemstillingar i utdanningssektoren. Kunnskapssenter for utdanning arbeidar etter høg internasjonal standard med å samanstille utdanningsforsking og synleggjere korleis forsking kan bli tatt i bruk.

Gjennom tilrettelegging av ulike møteplassar er Kunnskapssenteret engasjert i kunnskapsbasert politikkutforming, forvalting og praksis, og ein opplyst og kunnskapsbasert utdanningsdebatt.

Senteret formidlar forsking mellom anna om kva som verker og ikkje verker kvalitetsfremmande i barnehage, skole, opplæring og høgre utdanning. For at brukarane skal forstå korleis dei skal ha nytte av forsking i sin praksis, arbeider Kunnskapssenter for utdanning med spørsmål om korleis kunnskap frå forsking møter kunnskap frå erfaring og blir relevant i kvardagen.

Kunnskapssenteret vart etablert i 2013 som ei avdeling i Noregs forskingsråd, Divisjon for samfunn og helse.

Les mer på Kunnskapssenter for utdanning