Barnet si stemme i kontakt med PPT og sakkunnig arbeid
Denne artikkelen tek opp eit viktig tema om barn sin rett til å medverke i det som angår dei. Om det kan vere utfordrande å høyre barn direkte i sakshandsaminga, er det likevel på tide å sjå nærare på korleis ein på beste måte kan få fram barneperspektivet og barnet si stemme. Dette er sterkt forankra i lovverket og i barnekonvensjonen som Noreg har slutta seg til.
PPT er opptekne av å møte barn og føresette på ein god måte og å gjere så gode sakkunnige vurderingar som mogleg, i nært samarbeid med skular og barnehagar. Dette betyr også at den sakkunnige vurderinga skal vere klar og tydeleg, og at ho må vere individualisert ut frå barnet sitt behov.
Barnehagealder
Barn i barnehage er i alderen 0–6 år. Det er slik at barna i denne alderen er ulike i kva grad og korleis dei aktivt kan uttrykke meininga si.
Korleis kan ein forstå aktiv deltaking og rett til å medverke?
Ta omsyn til
- direkte verbale utsegn
- andre uttrykk for trivsel, læring og utvikling
- vaksne som forstår og er barnet si stemme (heilskapleg blikk)
Noreg har gitt tilslutning til at barnekonvensjonen frå FN skal gjelde. Dette blei inkorporert i norsk lovgiving frå 2003. Frå 01.01.2006 kom det inn ein ny paragraf 3 i barnehagelovaom barn sin rett til medverknad. Denne paragrafen er forankra i artikkel 12 i barnekonvensjonen.
Barnehageloven § 3. Barns rett til medvirkning
Barn i barnehagen har rett til å gi uttrykk for sitt syn på barnehagens daglige virksomhet. Barn skal jevnlig få mulighet til aktiv deltakelse i planlegging og vurdering av barnehagens virksomhet. Barnets synspunkter skal tillegges vekt i samsvar med dets alder og modenhet.
Barnekonvensjonen artikkel 12. Barnets rett til å gi uttrykk for sin mening
- Partene skal garantere et barn som er i stand til å gjøre danne seg egne
synspunkter, retten til fritt å gi uttrykk for disse synspunkter i alle forhold som vedrører barnet, og tillegge barnets synspunkter behørig vekt i samsvar med dets alder og modenhet. - For dette formål skal barnet særlig gis anledning til å bli hørt i enhver rettslig og administrativ saksbehandling som angår barnet, enten direkte eller gjennom en representant eller et egnet organ, på en måte som er i samsvar med saksbehandlingsreglene i nasjonal rett.
Det er nærliggande, viktig og sjølvsagt at også PPT tek omsyn til og følger aktuelt lovverk og konvensjonen i arbeidet sitt.
Spesialpedagogisk hjelp
Saksgangen ved spesialpedagogisk hjelp kan delast inn i fasar. Barn under skulealder som har eit særleg behov for spesialpedagogisk hjelp, har rett til slik hjelp. Retten til dette følger av barnehagelova § 19 a. Kommunen har plikt til å oppfylle retten til spesialpedagogisk hjelp. PP-tenesta er sakkunnig instans når ein skal vurdere behovet for slik hjelp.
Det er seks ulike fasar:
- Bekymring – uro for utvikling og læring.
- Tilvising til PP-tenesta. Det er i hovudsak barnehagen eller dei føresette som tek kontakt for å få vurdering av retten til spesialpedagogisk hjelp.
- Sakkunnig vurdering av behovet frå PPT.
- Vedtaksfase (kommunen eller barnehagen).
- Planlegging og gjennomføring av hjelpa.
- Evaluering og vegen vidare.
Fase tre er fasen der PPT greier ut og gir tilråding til kommunen om barnet har behov for spesialpedagogisk hjelp eller ikkje. Fasen blir avslutta med at ein sender vurderinga til vedtaksorganet.
Sakkunnig vurdering består av
- sakkunnig utgreiing om barnet har behov for spesialpedagogisk hjelp
- sakkunnig tilråding om kva hjelp barnet treng
Samarbeid med barnet/føresette og rett til innsyn
PPT skal så langt det er mogleg forme ut tilbodet om spesialpedagogisk hjelp i samarbeid med barnet og med barnet sine føresette. Det skal leggast stor vekt på synet deira, jf. barnehagelova § 19 b andre ledd. Foreldra og barnet skal involverast i alle delar av prosessen. Det er i sakkunnig vurdering det er særleg relevant i denne samanhengen å sjå på korleis PPT får fram stemma til barnet og korleis ein kan sikre barneperspektivet.
Sakkunnig vurdering
I den sakkunnige vurderinga skal det utgreiast og takast standpunkt til relevante omsyn av betyding for å avklare om barnet har behov for spesialpedagogisk hjelp og kva tilbod barnet treng, jf. barnehagelova § 19 d. Vurderinga skal ta utgangspunkt i barnet sitt behov. Den sakkunnige vurderinga må vere så utførleg at kommunen ikkje er i tvil om kva PPT tilrår, når enkeltvedtak om spesialpedagogisk hjelp skal fattast. Dersom PPT gir ei anbefaling som er mangelfull eller misvisande, kan det føre til at enkeltvedtaket blir rekna som ugyldig. Kommunen kan ikkje gi instruksjonar som fører til at desse krava ikkje blir tilstrekkeleg varetekne. PPT skal gjennomføre ei individuell vurdering.
Samtale
I gjennomgangen av meldinga til PPT er det i oppstarten dei føresette si stemme som blir høyrd i størst grad. Føresette kan snakke om det dei ser på som vanskar, eller det som dei ønsker å greie ut. Barnet kan bli vurdert på ulike måtar på kontoret eller i barnehagen. Å samtale direkte med barnet er gjerne noko som PPT ønsker å gjere meir av. Ei påminning gjennom lovverket bidreg til dette. Korleis ein kan gjere det, er avhengig av alder, vanskar og kva moglegheit barnet har til å uttrykke seg. Magne Raundalen og Jon Håkon Schultz (2008) påpeikar at
Det er en utfordring å lytte så barn snakker, og å snakke så barn lytter. Dersom du snakker som et leksikon når barnet bringer fram et vanskeleg tema, ser barnet seg om etter døren. Det samme gjør de dersom du bare sitter der stum og lytter. Da tør de ikke snakke med deg. Det gjelder å finne balansen slik at man ikke blir underaktiv og samtalen dør ut, ei heller overaktiv for da slukner barnets oppmerksomhet. Når vi skal snakke med barn, hjelper det å tenke på at vi er skapt med en munn og to ører. Det betyr at vi skal lytte dobbelt så lenge som vi snakker. ”Vi kan snakke med barn om alt. Det er viktig å tilpasse og ta omsyn til tid, sted og alder.
Som ein kan sjå av sitatet ovanfor, kan det vere krevjande for vaksne å snakke med barn, særleg om vanskelege tema. Men det finst ulike praktiske måtar ein kan gjere det på. Av eiga erfaring kan det vere til hjelp å ha ei arbeidsbok der ein kan skrive ned det barnet seier. Ein kan eventuelt teikne rundt temaet saman med barnet. Det å teikne fritt kan vere vanskeleg – å gi ei oppgåve eller å ha ferdige malar er til hjelp. For å bli kjend kan ein ha nøytrale motiv i starten og etter kvart gå inn på det som ein ser på som viktige tema. Slike indirekte/mjuke metodar gjer det lettare ved å ikkje gå rett på eventuelle vanskelege opplevingar. Erfaringane til barnet kan likevel kome fram gjennom fantasi, teikning og forteljing.
Dei viktigaste følelsane å kjenne igjen for dei minste kan vere: redd, glad, sint og trist. Sjå til dømes figuren under, der ein saman med barnet prøver å teikne følelsar på kroppen.
Haldor Øvreeide (2014) er ein svært viktig bidragsytar når det gjeld barneperspektivet, og særleg den metodiske samtalen med barn og føresette (triangulerte samtalar). Han ser det slik at det er to måtar å møte barn på: barnet blir observert vs. barnet blir møtt.
I observasjon blir barnet objekt for eit ytre blikk, mogleg intervjuing/intervensjon – og den vaksne registrerer og tolkar dette. På den andre sida, når barnet blir møtt, får ein tilgang til informasjon frå barnet via dialog, enten ved direkte kommunikasjon/språk eller via relasjonen som blir etablert. Barnet sitt ansikt og behov blir møtt.
Det er viktig å vite målet og motivasjonen for samtalen. Kven ønsker dette? Er det barnet sjølv, dei føresette eller ein tredjeperson (tilvisar)? Vaksne kan motiverast av eit bevisst formål, mens barnet blir motivert først og fremst gjennom prosessen i samtalen. Om ein dialogisk samtale skal kome i stand, må dei som deltek «ville» det. Som PP-rådgjevarar er vi hjelparar, og føresette er dei viktigaste for barnet. Det er viktig å ikkje kome i ein situasjon der ein konkurrerer i kommunikasjonen om fleire deltek i samtalen.
Ein samtale må byggast på
- barnet si evne til dialog (utviklingsnivå/vanskar)
- barnet sin erfaring med kommunikasjon
- tema/formål/samanheng
- evne til openheit for dei spesielle erfaringane og den spesielle situasjonen barnet kan ha
Å vere i ein utviklingsstøttande samtale er å hjelpe barnet til å regulere framtoningen sin og balansere seg her og no, i eit meistrande og framtidsretta perspektiv. Barnet får uttrykke sitt subjektive perspektiv og blir respektert i sin måte å organisere seg sjølv på. Barnet sitt «ansikt» og behov møtest, slik at barnet kan få oppleve å delta og medverke i dei forholda som gjeld barnet sjølv. I ein slik dialogisk samtale får barnet fridom og motivasjon til å uttrykke seg på eigne premissar innanfor ei tilpassa ramme. Temaet blir utvikla gjensidig mellom den vaksne og barnet. Då kan barnet sitt uttrykk også bli autentisk, og det kan bli forstått riktig av den vaksne. Dei vaksne si evne til å mentalisere – søke å forstå og å gi uttrykk for korleis vi forstår eigne og den andre sine følelsar, tankar og tilstand, er avgjerande for at ein skal kunne oppleve intersubjektivitet.
Dersom PP-rådgjevaren ikkje meistrar denne forma og barnet er forventa å tilpasse seg / svare på den vaksne sine krav, spørsmål og forventningar i kommunikasjonen, kan barnet sitt uttrykk bere preg av å vere meir strategisk. Ein må då avgjere gyldigheita og truverdet av det som kjem fram i samtalen.
Vidare utgreiing
Frå PPT si side er det naudsynt å ta relevante omsyn til kva som skal undersøkast. Det å kartlegge for mykje kan ein også tenke er ei belastning for den det gjeld. Å følge Leon-prinsippet (lågaste effektive omsorgsnivå) er noko som bør gjelde for PPT si verksemd. Dette betyr at vanskar skal undersøkast og løysast nærast mogleg, i denne samanhengen i barnehagen. Dette er avhengig av kva kompetanse som faktisk finst i barnehagen, og at PPT heile tida må vurdere systemet rundt barnet. Det etiske perspektivet er også viktig, altså at ein ikkje skal undersøke meir enn det som er naudsynt og behov for i aktuell sak.
I informasjonen frå barnehagen beskriv dei vanlegvis barnet sine vanskar og kva dei har gjort for å avhjelpe desse vanskane. Det er godt innarbeidd å beskrive styrkar og interesser hjå barnet. På denne måten er barnehagen med på å formidle barnet sitt uttrykk for trivsel, læring og utvikling. Om ikkje dette blir gjort, er det oppgåva til PPT å få tak i slik informasjon. Barnehagen skal gi ei heilskapleg vurdering av barnet si utvikling. Dette blir gjort i form av diverse kartleggingsmateriell. Det viktigaste materiellet for tida ser ut til å vere observasjonsskjemaet ALLE MED (2015), der ein vurderer ulike område med omsyn til aldersnivå. Denne kartlegginga er eit grunnlag for PPT sine vidare undersøkingar.
PPT har også informasjon frå andre instansar i samband med sakkunnig vurdering. Om tilvisinga kjem frå helsestasjonen, er det gjerne referert til utvikling og helsetilstand der. Samtykke til samarbeid gjer at PPT kan hente inn meir informasjon frå andre ved behov.
Observasjon
Det blir gjerne forventa at PPT skal observere, og det er også oppfatta slik at det er naudsynt i mange tilfelle. Som nemnd over er dette ei anna type kartlegging enn ein samtale med barnet og/eller dei føresette. Ein treng likevel ikkje vere heilt på utsida, men kan gi seg til kjenne og delta direkte i samspel med barnet (deltakande observasjon). På denne måten kan ein få direkte verbale utsegn og samtidig få tilgang til andre uttrykk for trivsel, læring og utvikling. PPT dannar seg eit heilskapleg blikk på situasjonen til barnet og kan representere barnet si stemme i saksbehandlinga om rett til spesialpedagogisk hjelp.
Testar
Det er ulike testar PPT kan utføre, og det må veljast ut riktig materiell til riktig problemstilling. Det er ulikt i kva grad føresette er med når barna blir testa ved PPT. Nokre PP-rådgjevarar er i stor grad ute i barnehagar og gjer denne jobben, og då er kanskje ikkje føresette med. I alle tilfelle har dei føresette godkjent kva som skal gjerast, og dei får tilbakemelding på dette. Barna sin medverknad i dette kan verke avgrensa. Men det er viktig korleis ein når fram til barnet og at barnet har eit ønske om å bli med. Barnet kan uttale seg om kjende vaksne skal bli med dei, om dei skal ha pause, og om andre forhold i situasjonen. Gjensidigheit i kommunikasjonen er avgjerande for resultatet. I tillegg er det viktig at barnet klarer å gjere det best mogleg i situasjonen, ved at PPT og barnehagen har lagt godt til rette praktisk sett. Om barnet ikkje ønsker å bli testa eller vil avslutte før tida, må det vere eit val som barnet har rett til å ta. Ein kan likevel forsøke ein annan gong. Det kan vere dagsform og anna som gjer at barnet ikkje er motivert i særleg grad.
Tilråding frå PPT
Føresette skal vere med i heile prosessen om spesialpedagogisk hjelp, og det skal leggast stor vekt på synet deira. Føresette representerer barnet sitt, og PPT må ta omsyn til dei vala som dei tek. Om dei ikkje ser behovet for hjelp, skal i regelen ikkje slik hjelp bli gitt. Når realistiske mål skal utformast, er det viktig å bygge på den kartlegginga som er gjort. Kva slags medverknad og innspel frå barnet si side som er gitt, vil variere. På tilbakemeldingsmøtet etter kartlegginga er det etter mi erfaring ikkje naturleg at barnet deltek. I slike møte må føresette representere barnet, i tillegg til at PPT også representerer barnet i den administrative saksbehandlinga før vedtaket blir gjort. Alt som angår barnet, må evaluerast fortløpande, og det er her barnehagelova også kjem inn for å regulere i § 3 om barn sin rett til medverknad – ved at barnet skal få gi uttrykk for synet sitt og bli høyrt i kvardagen.
Praktisk døme på medverknad frå eit barn i møte med PPT
Frå ein barnehage kom det ei melding om ei jente på 5 år som dei streva mykje med å forstå. Ho hadde hatt plass i barnehagen i fleire år, og personalet kjende både ho og familien godt. Dei beskreiv eit barn som var mykje åleine, og som kunne gøyme seg på dei raraste stader i barnehagen. Dette hadde det blitt meir av i det siste. Ein gong fann dei ho på toppen av eit garderobeskap der ho låg ganske stille. Dei klarte ikkje å skjøne denne åtferda og ville ha ei vurdering frå PPT. Foreldra godtok meldinga til PPT sjølv om dei ikkje var særleg bekymra. Vurderinga frå PPT vart ganske omfattande fordi det viste seg å vere ulike vanskar, mellom anna helsemessige problem, krevjande og uavklåra tilstand i familien, språkvanskar og behov for tilrettelegging i barnehagen. Her vil eg vidare gi eit avgrensa døme på sjølve kontakten mellom PP-rådgjevaren og barnet i kartlegginga i barnehagen.
Observasjon
I observasjonen såg eg ei jente som prøvde å vere med dei andre på sin måte. Eg var aktivt med i daglege situasjonar, og eg måtte ta høgde for at eg då blei ein personalressurs på avdelinga. Dette gav difor ikkje eit klårt bilete av korleis dagane var. Til å forstå kvardagen måtte eg i tillegg bygge på den informasjonen eg fekk frå barnehagen. Ved å delta aktivt fekk eg sjå kva ressursar ho hadde, kva strategiar ho brukte og korleis ho treivst og meistra ulike ting. Det var også ein måte for meg å bli kjend med henne før eg skulle gjere språktestar, som var avtalt med foreldra og barnehagen. Det første eg såg, var at ho var svært interessert i å gjere «fornuftige» ting. Når dei til dømes spela spel i lag, var ho veldig oppteken av å gjere rett. Ho såg ganske fortvila ut når dei andre jentene fjasa og tulla og trakk feil kort med vilje. Ho fekk eit trist uttrykk i ansiktet. Ho argumenterte ikkje mot dei andre og sat der til dei blei avbrotne av ryddetid.
Eg hadde med meg denne observasjonen vidare og tenkte at det ikkje var tid for å snakke om dette når dei andre barna høyrde på. Valet mitt var å melde tilbake til pedagogisk leiar, slik at dei kunne sjå på kva grep dei kunne gjere for å støtte jenta i tilsvarande situasjonar som eg beskreiv. Å bruke litt tid på dette (vere barnets stemme) kan vere viktig for at personalet skal rette merksemda mot korleis det er å vere barnet i ein slik setting – at dei blir meir sensitive og ser ei sårbarheit og faktisk vil gjere noko for å endre på situasjonen.
Test og samtale
I ein test og samtale på eige rom åleine med meg som PP-rådgjevar hadde eg to mål i mitt møte med barnet:
- Vere i dialog og høyre på det ho uttrykker på den måten ho er i stand til å gjere det.
- Gjennomføre språktest.
Inne på rommet var det ikkje så godt tilpassa til mitt formål praktisk sett, og jenta hadde ikkje så lett for å uttrykke seg verbalt, etter det eg hadde erfart. Eg syntest dette var hindringar som var betydelege for meg, men eg hadde sett ho i barnehagen og starta med å snakke om det eg hadde sett ho gjere i barnehagen (vanlege aktivitetar). Eg fortalde om kva som er jobben min, at eg bruker å vere i barnehagar og sjå og hjelpe til. Eg hadde ikkje problemfokus. Mitt val av mjuk metode var faktisk å begynne rett på språktesten. Då hadde eg ei ramme og ein nøytral start på det som eg tenkte skulle bli til ein dialog etter kvart. Om lag halvvegs ute i testen stoppa vi. Ho sat litt uroleg på stolen. Eg spurde om vi skulle ta pause og teikne. Ho gjekk først frå bordet og vende seg vekk, såg inn i bokhylla. Ho sette seg ned etter kort tid, og vi leita fram teiknesaker i lag. På dette tidspunktet improviserte eg vidare. Eg hadde sett at ho teikna inne i avdelinga og at ho er nøye og detaljfokusert. Eg spurte om ho ville teikne familien sin, og det gjorde ho.
Det er mange barn i denne familien, og det er far sine barn som også er ein del heime hjå dei. Ho starta med å teikne det som skulle vere ein hund. Denne teikninga gav eit grunnlag for samtale, ikkje for å avdekke noko, men for at ho skulle få uttrykke seg sjølv. Ved å gi tid og rom her får også barnet erfaring med å uttrykke seg, tenkte eg. I teikninga av menneska i familien blei det slik at ho blei veldig lita samanlikna med dei andre på teikninga. Ho peika ut seg sjølv som den minste figuren i ei lita ramme. Sjå døme under:
Nokre spørsmål pressa seg fram i denne prosessen: Er teikninga også eit bilete på korleis ho kjenner seg, og blir ho forstått, sett og møtt i tilstrekkeleg grad? Når ho gøymer seg i barnehagen, er det fordi ho blir sliten og ikkje meistrar situasjonen? Språket er litt forseinka, men ikkje i den grad at ho ikkje skal klare å formidle og uttrykke seg. Korleis skal barnehagen og heimen støtte henne vidare, slik at ho kan kome ut og vere den kompetente jenta ho faktisk er? I kva grad kan ho bli styrka og uttrykke noko om dette sjølv?
Eg laga på sparket ei skisse av eit menneske der eg tenkte eg kunne prøve å motivere henne til å vise meg seg sjølv og følelsane sine (sjå figur 3). Når du er glad, korleis er du då? Ho teikna raskt ein smilande munn på skissa. Om du er lei deg, kvar kjenner du det i kroppen? Ho teikna ikkje dette, men viste berre ved å peike på kroppen. Etter dette fekk ho fargelegge klede, figuren og elles det ho ville.
Resultata frå denne kartlegginga i barnehagen tok eg med vidare i utgreiinga. Eg hadde fått tilgang til meir informasjon og sat igjen med ei større forståing og eit meir heilskapleg blikk gjennom møtet med barnet. I ei utgreiing ved PPT er det naturleg nok ulike problemstillingar. Korleis barnet si stemme skal kome fram, blir avhengig av situasjonen. Det ovanståande er eit døme i eit mogleg tilfelle. Uansett blir det eit mål å få fram barneperspektivet i den jobben vi gjer.
Avslutning
Konsekvensane av at barn sin medverknad skal vere reell, er at vaksne generelt er opptekne av dette og løftar det fram. Barn har rett til å gi uttrykk for meininga si. Der barn ikkje er i stand til å greie dette sjølve, er det aktuelt at barneperspektivet kjem fram gjennom ein annan representant. Føresette, barnehage og PPT er viktige aktørar i tillegg til dei som skal fatte vedtak på grunnlag av tilgjengeleg informasjon i saka. For PPT sin del er vi kanskje på veg i eit godt spor der i vi i større grad har eit kontekst- og dialogperspektiv – mens vi før retta blikket meir isolert mot måling av barnet sine evner og ferdigheiter.
Litteraturhenvisninger
UTDANNINGSDIREKTORATET (2017). Rammeplan for barnehagen.
RAUNDALEN, M. & SCHULTZ, J.-H. (2008). Kan vi snakke med barn om alt? Pedagogisk forum.
ØVREEIDE, H. (2014). Samtaler med barn. Høyskoleforlaget.
KUNNSKAPSDEPARTEMENTET (2006). Temahefte om barns medvirkning.
LOV OM BARNEHAGER (2006). Lovdata. Henta frå: https://lovdata.no/ dokument/NL/lov/2005-06-17-64
LØGE, I.-K., LEIDLAND, K., MELLEGAARD, M.R., OLSEN A.H.S. & WALDELAND, T. (2015). ALLE MED. Håndbok. Infovest forlag.
FN-SAMBANDET (2018). Barnekonvensjonen.