Lærarutdannarar ved ILU meiner vi kan lære mykje om demokratiske verdiar frå historia om lærarane sin kamp mot nazismen. Dette er episode 1 av 3.

Kva gjer du når antidemokratiske makthavarar vil kontrollere folket gjennom utdanningssystemet? Spørsmålet er i høgste grad aktuelt i Europa i dag, og grip direkte inn i kvardagen til elevar og lærarar i mange land. Dette spørsmålet er også ein viktig del av vår eigen historie. Under andre verdskrig, i 1942, var norsk skulesystem under angrep. Erfaringar frå den gongen er at lærarar kan lukkast i forsvare demokratiet og å nedkjempe eit angrep på utdanningssystemet med ikkjevaldelege metodar.

Episode 1. Quislings angrep på skulen

Då krigen braut ut i Noreg i 1940 var det fleire norske lærarar som kjente godt til tysk språk og tyske samfunnstilhøve. Sentrale aktørar som lektorane Einar Høigård og Helga Stene hadde budd i Tyskland på 1930-talet og hadde sett med eigne auge korleis nazistane hadde angripe utdanningssystemet og skaffa seg kontroll over oppseiinga av barn gjennom organisasjonar som Hitlerjugend. Dei forstod kva trussel den norske skulen stod overfor då Noreg vart okkupert.

Podcast som læringsressurs

Kampen til lærarane under andre verdskrig er ei dramatisk historie som eignar seg svært godt som podcast. Ein slik måte å fortelje historia på gir også potensial for å treffe studentar og elevar, då yngre aldersgrupper lyttar mykje til podcast. Ifølgje Den store podrapporten 2022 lyttar til dømes 76% i aldersgruppa 15-19 og 88% i aldersgruppa 20-29 til podcast. Podcastar er også eigna til bruk i undervising i både skule og høgare utdanning. Enkelte studiar tydar blant anna på at narrative podcastar kan vekke interesse og kan vere meir engasjerande enn tekst.

Vi håpar at podcasten “Lærarkrigen mot Quisling” kan vere utgangspunkt for å reflektere over spørsmål om demokratiske verdiar, kritisk tenking og verdigrunnlaget til den norske skulen. 

Litteraturhenvisninger

Bauermedia (2022) Den store podrapporten 2022: https://bauermedia.no/podrapporten/DenStorePodrapporten2022.pdf

Heie, M. (25.11.2021) Bedre læring med podkast

Logue, A. (23.07.2020) The Why & How of Using Podcasts in Education: https://blog.podcast.co/reach/podcasts-in-education

Kärcher, N. (2018) Kampen om skolen: nazifisering og lærernes motstand i det okkuperte Norge. Dreyers forlag

Kvam, V. (2013). Skolefronten - Einar Høigård og norske læreres kamp mot nazismen. Scandinavian academic press

Roth, J.; Chang, A.; Ricci, B.; Hall, M.; Mehta, N. (2020). Why not a podcast? Assessing narrative audio and written curricula in obstetrical neurology. Journal of Graduate Medical Education, 12(1): 86-91.