Offentleg utval foreslår større endringar i etter- og vidareutdanning for tilsette i skular og barnehagar
Ti prosent av arbeidstida det første arbeidsåret som nyutdanna lærar i barnehage og skule bør gå til rettleiing frå erfarne kollegaer. Dette er eit av forslaga frå utvalet som la fram rapport for Kunnskapsdepartementet i dag.
Sigurd Sandvold er prodekan for regional utvikling ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett ved Høgskulen på Vestlandet og ein av medlemmene i utvalet. Sidan i fjor haust har han og resten av utvalet jobba med rapporten som vart lagt fram for kunnskapsminister Tonje Brenna i dag.
– Det har vore ein veldig lærerik, god og grundig prosess å vere ein del av dette arbeidet. Å skape forutsigbarheit for sektoren er heilt avgjerande. Det er også viktig å gjere grep knytt til karrierevegar innan skule og barnehage, seier Sandvold.
Utgreiinga skal på høyring
Som det kom fram i dagens presentasjon, foreslår utvalet store endringar i måten vi driv etter- og vidareutdanning på i barnehage og skule.
– Det er viktig at vi får på plass eit meir framtidsretta tilbod, og at vi nyttar ressursane slik at det kjem flest mogleg av dei tilsette til gode. I arbeidet framover vil vi involvere dei som jobbar i skulen og barnehagen, og partane i arbeidslivet, seier kunnskapsminister Tonje Brenna.
Utgreiinga går no ut på høyring, slik at partane og sentrale aktørar kan kome med innspel. Utgreiinga og høyringsinspela vil gi eit godt grunnlag for det vidare arbeidet med å vurdere korleis eit system for etter- og vidareutdanning skal sjå ut etter 2025, når dagens system går ut.
Les heile rapporten frå utvalet i denne lenken
Utvalet foreslår desse hovudtiltaka
Fleire skal få vidareutdanning med like vilkår for deltaking
Utvalet foreslår at lærarar og andre tilsette som jobbar med barn og elevar i barnehagar og skular, skal ha like vilkår for å delta i vidareutdanning. Forslaget vil seie at minst 20 prosent av arbeidstida skal nyttast til å ta vidareutdanning tilsvarande 30 studiepoeng på eit år.
Utvalet foreslår vidare å utvikle fleire digitale tilbod og fleire mindre modular på 15 og 7,5 studiepoeng, som gjer det mogleg for fleire å nytte seg av tilbodet, uavhengig av livssituasjon og kor dei bur. Utvalet foreslår og å utvikle fleire vidareutdanningstilbod ved fagskular.
Éi felles ordning for barnehage- og skuleutvikling
Utvalet foreslår at tilskotsordningane for lokal kompetanseutvikling, det vil seie etterutdanning, blir slegne saman til éi felles ordning. Det er tale om desse ordningane: Regional ordning for kompetanse¬utvikling for barnehage, desentralisert ordning for kompetanseutvikling i skulen, kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande fellesskap og ordninga for fag- og yrkesopplæring.
Desse endringane skal leggje betre til rette for langsiktig og føreseieleg planlegging av prosjekt og tiltak, og for betre å møte lokale behov i barnehagar og skular.
Rett til eit introduksjonsår for nyutdanna lærarar i barnehage og skule
Nyutdanna bør få god oppfølging det første året. Dei bør få rettleiing frå erfarne kollegaer, samtidig som dei også får delta i faglege nettverk og får bidra i kompetanseutviklinga på arbeidsplassen. Utvalet foreslår at den nyutdanna læraren får bruke 10 prosent av arbeidstida til dette.
Innføre fire karrierevegar i barnehage og skule
1) barnehage- og skuleutvikling
2) forsking og partnarskap
3) inkluderande praksis og
4) leiing.
Utvalet tilrår at karrierevegane blir knytt til vidareutdanning og at minimum 20 prosent av arbeidstida skal nyttast til oppgåver til karrierevegen. Formålet med karrierevegane er å gi lærarar og andre tilsette gode høve for spesialisert kompetanse og roller med utvida ansvar, for å utvikle profesjonelle fellesskap i barnehage og skule.