Dialogmodellen involverer tilsette, foreldre og elevar i arbeidet mot mobbing. – Så vidt eg veit har dette aldri vore gjort før, seier prosjektleiar Ingrid Lund.

– Dette er det forskingsprosjektet eg har vore med på som har gjort meg aller mest optimistisk når det gjeld arbeidet mot mobbing, seier professor Ingrid Lund.

Ho har jobba med trygge skulemiljø i nærare tjue år. Sidan 2019 har ho leia prosjektet Dialog og samarbeid mot mobbing i skulen. Målet har vore å førebygga mobbing i skulen gjennom ein dialog der både tilsette, foreldre og elevar deltek.

– Studiar viser at eit godt samarbeid mellom elevar, foreldre og dei tilsette ved skulen er med å bygga ein positiv skulekultur som fører til mindre mobbing, seier Lund.

Tysdag 18. oktober får kunnskapsminister Tonje Brenna rapporten under eit arrangement i Oslo.

Same dag blir nettsida dialogmodellen.no oppdatert med verktøy til bruk i arbeidet mot mobbing i skulen. Desse har vorte utvikla gjennom forskingsprosjektet, og er tilpassa barnetrinnet, mellomtrinnet og ungdomstrinnet. Verktøya vil vera ope tilgjengeleg for alle å lasta ned og bruka.

FAKTA/Dialogmodellen
  • Dialog og samarbeid mot mobbing i skulen har sitt utgangspunkt i eit liknande forskings- og utviklingsprosjekt som vart gjennomført i barnehagar.
  • Barnehageprosjektet vart lansert i 2019 på nettstaden dialogmodellen.no.
  • Samarbeidspartnarane i barnehageprosjektet vart oppmoda av dåverande kunnskapsminister Jan Tore Sanner til å utarbeida ein liknande modell for skulen.
  • Arbeidet har vore leidd av Universitetet i Agder. I tillegg deltek Sørlandet sjukehus; oppvekstsektoren i Kristiansand kommune; Kommunesektorens organisasjon (KS); og Partnerskap mot mobbing.

Du finn ressursane på dialogmodellen.no frå 18. oktober.

Mobbing har alvorlege konsekvensar

I elevundersøkinga 2021 seier 5,9 prosent av elevane at dei er utsette for mobbing. Undersøkinga viser at mobbing er mest utbreidd på dei låge trinna. 10,5 prosent av elevane på femte trinn seier dei blir mobba, eit tal som søkk gradvis til 6 prosent på åttande trinn.

– Me vart blåsne av banen då me såg krafta i foreldregruppa. Dei hadde så mykje engasjement og ønskte verkeleg å bidra, seier prosjektleiar Ingrid Lund. Ho er professor på Institutt for pedagogikk ved Universitetet i Agder. Foto: UiA

Konsekvensane kan vera store for dei som blir utsette for mobbing. Ein analyse av 29 internasjonale studiar viste at elevar som vart mobba i skulealder i snitt hadde dobbelt så stor risiko for depresjon og relaterte problem sju år seinare.

– Me har mykje forskingsbasert kunnskap om kva som verkar i arbeidet mot mobbing. Samarbeidet mellom skule, heim og elevar er avgjerande for å lykkast, seier Lund.

Felles språk gjer problem enklare å løysa

Som regel handlar tiltak mot mobbing om enten foreldresamarbeid, tilsettrutinar eller individuelle elevretta tiltak. Det særeigne med dialogmodellen er at alle partane skal jobba saman med førebyggande tiltak mot mobbing.

Ingrid Lund har fleire hypotesar om kvifor ikkje tidlegare tiltak mot mobbing har involvert alle tre partar. Til dømes krev det mykje av den som skal leia samtalar om vanskelege tema.

– Ta til dømes foreldremøtet på skulen. Der kjem skulen med informasjon, og så spør ein om nokon har noko å legga til eller ta opp. Det er ein trygg modell. Det er langt meir utfordrande å opna opp for ein dialog der du ikkje veit kva som vil komma, seier Lund.

I dialogmodellen er samtaleleiing svært viktig. Det same er føringane for samtalen. Blant anna skal ikkje enkeltståande mobbesaker takast opp. Ved å snakka om mobbing før det blir eit problem, vil det også bli lettare å løysa dei konkrete problema når dei oppstår.

– Om dei har fått eit felles språk og utvikla felles tiltak på førehand, seier både elevar, foreldre og lærarar at terskelen blir lågare for å ta kontakt når noko blir vanskeleg. Når terskelen blir lågare, betyr det også at ein kan setje inn tiltak tidlegare, seier Lund.

Diskuterte omgrepet mobbing

Forskaren skryter av deltakarane i prosjektet.

– Noko av det fantastiske i dette prosjektet har vore at elevar, foreldre og skuleansatte er så reflekterte og samarbeidsvillige. Det er tydeleg at dei ønskjer å vera med på dette, seier Lund.

Ho legg ikkje skjul på at mobbing er eit komplekst omgrep. Dette kjem også til uttrykk i forskingsprosjektet der elevar, foreldre og tilsette beskreiv mobbing på ulike måtar. Sjølve omgrepet vart nyansert undervegs.

– Dei ulike oppfatningane til elevane av kva som er erting og kva som er mobing, understrekar kor viktig det er med jamlege dialogar om temaet. Slik skaper me respekt for dei ulike perspektiva, sårbarheiteneog styrkane til elevane, seier Lund.