Elevane har rett til å vere med å bestemme i skulekvardagen sin, men det varierer korleis og i kva grad det blir praktisert. Kva kan lærarar gjere, og kva seier forskinga om temaet?

Demokratisk deltaking blant barn og unge er eit høgaktuelt tema. Men korleis gjere det i praksis? I dette intervjuet fortel Nora Elise Hesby Mathé om forskninga på temaet. Teksten er en del av vår temaserie om demokrati (foto: Shane Colvin/UiO).

─ Elevar er medborgarar som oss andre. Men først og fremst er dei barn og ungdom som lever sine liv i og utanfor skulen.

Det seier Nora Elise Hesby Mathé, førsteamanuensis ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking.

Ho forskar blant anna på korleis barn og unge kan involverast i tema som er viktige for dei på skulen. Engasjementet hennar var tydeleg frå då ho sjølv gjekk på skulen.

─ I løpet av skuletida var eg elevrådsrepresentant, sat i bibliotekutvalet og var med i ei gruppe i Buskerud fylkeskommune som laga eit hefte om vurdering som gjekk ut til alle skulane i fylket, fortel Mathé.

─ Der sat eg, nokre lærarar og utdanningssjefen i fylket. Eg fekk ytra meg og vart faktisk høyrt, seier ho.

Kva slags saker kan elevar medverke til?

─ Vi veit frå forskinga at det er litt varierande korleis og kor mykje elevane er involverte i saker som dei er interesserte i, seier Mathé.

─ I mine studiar har eg funne at sjølv om mange elevar meiner at skulen er ein viktig demokratisk arena, særleg når det gjeld det å diskutere aktuelle saker med venner og medelevar, er det mange som opplever at dei ikkje har noka rolle i demokratiet fordi dei ikkje er vaksne enno.

Eit sentralt spørsmål er derfor kva vi ynskjer med elevmedverking, seier ho:

─ Kvifor skal elevane medverke? Og korleis kan dei involverast?

─ Generelt vil eg seie at det er viktig å la elevane få påverke tema som er viktige for dei, som klassemiljøet, kva slags tema dei jobbar med i timane og å snakke om ting dei er interesserte i.

Og så kan elevane medverke både i skuledemokratiet og i dei enkelte faga.

La elevane vere med på å forme kvardagen sin, er forskaren si oppmoding. Men det er òg viktig å sjå på kva slags saker dei skal engasjere seg i.

─ Medverking handlar ikkje berre om utvalet i kantina eller kva slags film klassen skal sjå.

Elevar kan medverke i ei rekke saker som gjeld det faglege arbeidet i klasserommet i tillegg til skulen som heilskap, meiner forskaren.

Det kan òg vere relevant å ta tak i saker elevane viser engasjement for utanfor skulen, til dømes i val av tema til fordjupningsarbeid. Nokre gonger kan dette gje elevane moglegheit til gå vidare og bruke dei påverkingskanalane dei har tilgang til også utanfor skulen.

Råd til lærarar som vil la elevane medverke i faga

  • Bygg vidare på elevane sine spørsmål og innspel.
  • Gje elevane konkrete forslag og eksempel på kva dei kan foreslå eller velje mellom.
  • Involver dei i undervisningsplanlegging ved å la dei vere med på å velje tema for kommande periode.
  • La elevane utforme faglege spørsmål til samtale og utforsking.
  • Gjer dei kjende med forskjellige formar for medverking, både som innspel og avgjerdstaking.
  • Til dømes kan slike formar for medverking vere å la elevane snakke først i par, så dele med klassen: alle skriv noko på ein lapp til lærar: handsopprekking og anonym avstemming eller innsending av spørsmål eller innspel digitalt.

Handlar om å høyre til

Elevmedverking kan ta mange andre former enn dei formelle prosessane som Mathé var del av då ho var elev og er tett knytt til elevanes medborgarskap.

─ Medborgarskap handlar overordna om opplevinga av å høyre til. I byen ein bur i, i Noreg, men også i klassen og venegjengen ein er del av, seier ho.

Sidan barn og unge held til på skulen mesteparten av dagen, og det er der dei er med venene sine, blir deira medborgarskap også knytt direkte til skulen.

─ Det er derfor viktig at elevane opplever at dei blir inkludert og tatt omsyn til i beslutningar som gjeld dei på skulen. Skulen er ein viktig arena for elevane når det gjeld å utøve sitt medborgarskap.

Dette er også dei nye læreplanane tydelege på, seier Mathé.

─ Medborgarskap handlar overordna om opplevinga av å høyre til.

Elevmedverking og skulekultur

Det er viktig at også lærarane opplever at deira stemme blir høyrt.

I ein studie fann eg og kollega Eivind Larsen ut at kor demokratisk lærerane oppfatta at skulen var, hang saman med korleis dei opplevde samarbeidet med leiinga og involvering ved avgjerdstaking, seier Mathé.

Funna frå denne studien viser at lærarane som var opptekne av demokratiundervisning også opplevde skulen som meir demokratisk.

Eit døme på ein skule som legg stor vekt på demokrati og medverking er Nyskolen i Oslo. Der har dei utforma eit manifest for korleis dei skal jobbe med skuledemokrati og gitt ut bok om dette. Skuler og lærarar kan få konkrete tips og inspirasjon.

─ Læraren er den pedagogisk leiaren i klasserommet

Frå faglitteraturen kan vi sjå at elevmedverking kan handle om breidde, djupn og omfang, forklarar forskaren.

─ Med breidde meiner eg kor mange som får vere med på å medverke, til dømes i klasserommet eller elevråd.

Fordi svært mange elevar er involvert i elevrådsarbeid, i alle fall det å velje klassens representantar, kan ein seie at det er ei stor breidde i deltaking på nokre områder i norsk skule.

─ Djupn handlar om kor grundig elevane får sette seg inn i sakene og korleis prosessen har vore. Dette tek tid, og kvar skal ein ta tida frå? Skal elevane til dømes få fritak frå fag for å vere med på å bestemme eller er det noko som kan integrerast i arbeidet i faga? spør Mathé.

Det er òg viktig for alle som skal arbeide med dette i skulen å tenke over kva slags saker elevane skal ha medverking i, nemleg omfanget, seier ho. Dette gjeld både i skuledemokratiet og i dei enkelte faga.

─ Medverking for elevane er ikkje eintydig med at elevane skal få bestemme. Læraren er framleis pedagogisk leiar i klasserommet. Det er det ingen tvil om. Medverking handlar om få vere med på prosessen og å få påverke utfallet, akkurat som i samfunnet elles, seier forskaren.

Samstundes må merdverkinga vere reell, ho må få konsekvensar.

– Der skulen eller læraren ikkje har moglegheit til å følgje elevane sine ynskje, kan det vere fint at dei grunngjer dette slik at ikkje medverkingsprosessen vert opplevd som kunstig, seier forskaren.

Kan henge saman med det faglege arbeidet

─ Eit mål med elevmedverking er at det skal samanfalle med det faglege arbeidet. Her kan det vere smart å starte relativt enkelt og så bygge vidare, påpeiker Mathé.

Til dømes involvere elevane i kva slags tema ein skal arbeide med i timane, basert på kompetansemåla. Kva er dei interesserte i, kva er fagleg relevant, kva passar innanfor den tida vi har til rådigheit?

─ Viss ein skal jobbe med sosial ulikskap, kan til dømes elevane få vere med på å bestemme kva slags sosial ulikskap ein skal jobbe med, seier forskaren.

Frå EDUCATE- prosjektet gir Mathé døme på elevmedverking i undervisning rett etter Russland sin invasjon av Ukraina. Læraren let elevane individuelt sende inn spørsmål dei har om det som har skjedd og så får klassen sjå og stemme på dei spørsmåla dei ynskjer at læraren skal fortelje meir om.

─ Medverking for elevane er ikkje eintydig med at elevane skal få bestemme.

─ Mykje vi ikkje veit om elevmedverking i praksis

Dei fleste er einige om at skuledemokrati er viktig. Likevel er det mykje vi ikkje veit om elevar si demokratiske medverking. Kvifor er det slik?

─ Temaet fell kanskje litt mellom stolar fordi medverking både skjer i klasserommet og på andre arenaer i skulen, seier Mathé.

Til dømes veit vi noko om dei større linjene når det gjeld elevråd og liknande frå større undersøkingar, men vi veit mindre om korleis det går føre seg og kva betyding det har i praksis.

Og forskarar, som ho sjølv, er ofte opptekne av å forske på kva som går føre seg i dei enkelte faga. Det vil derfor kunne vere eit interessant spor å følgje for å forske på skuledemokrati i skulen som heilskap i tillegg til i det enkelte faget.

Meir engasjerte elevar i eit opent klasseromsklima

─ Eit ope klasseromsklima handlar til sjuande og sist om det er takhøgd i klassen. Opplever elevane at dei kan ta opp ting, er det akseptert av dei andre elevane og av læraren?

Det er mange gode samtalar i norske klasserom, og så kan ein jobbe vidare med å auke kvaliteten, til dømes når det gjeld å grunngje standpunkta sine eller å forhalde seg aktivt til andre sine synspunkt, foreslår Mathé.

At elevane skal inngå i et «usemjefelleskap» kan nett vere noko å arbeide med i klassen. Det er knytt til moglegheitene elevane får til å sette seg inn i ulike perspektiv på saker og samfunnsutfordringar.

─ Eit mål kan vere at elevane lever betre med usemje, at elevane kan vere usamde i klasserommet, men framleis spele fotball i lag i friminutta, avsluttar Mathé.

En versjon av saken er publisert hos forskning.no

Litteraturhenvisninger

Lisbeth M. Brevik,Greta B. Gudmundsdottir, Gerard Doetjes, & Rebecca L. Barreng (2023). Å observere fagfornyelsen i klasserommet. Observasjonsprotokoller for livsmestring, utforsking og digital kompetanse (pdf)

Eivind Larsen & Nora Elise Hesby Mathé (2022): «Teachers’ Perceptions of Their Schools’ Democratic Character»

Sunniva Sandanger, og Martin Johannessen (2021): Reell elevmedvirkning.

Trond Solhaug (red.) (2021): Skolen i demokratiet - demokratiet i skolen.