Frå praksissjokk til meistring for nye lærarar
Praksissjokk er eit ofte brukt omgrep for ferske lærarstudentar. No testar Nord universitet ut bonuspraksis i samarbeid med ei rekkje skuler i Trøndelag.
Det er torsdag føremiddag. 2. klasse-elevane ved Skogn barne- og ungdomsskole har nett vore og sett på ei på førestilling, og skal no ha litt teikning før det blir matfriminutt.
Denne dagen er det ekstra mange vaksenpersonar saman med dei. Mellom anna Thomas og Sondre, som begge er ferske lærarstudentar ved Nord universitet i Levanger.
– Det eg set mest pris på som lærar, er å sjå kor glad barna blir når dei får til noko, seier Sondre Moe Kvernbråten (23) frå Levanger.
Å få bidra til at dei opplever meistring, og kjenne på at eg er til hjelp for nokon, er det eg alltid har vore på leiting etter.
Sondre Moe Kvernbråten, lærarstudent
Ved Nord universitet skal alle lærarstudentar no ut i praksis allereie i løpet av det første semesteret. Vanlegvis er ikkje første praksisperiode før eit godt stykke utpå hausten, og da er den gjerne i grupper og på fleire samanhengande veker.
No har Nord universitet innført ei heilt ny ordning med såkalla bonuspraksis. Her får dei ferske studentane allereie frå studiestart vere i praksis ein fast dag i veka. Dette som eit supplement til den ordinære praksisperioden.
– Profesjonsmeldinga som kom i vår er tydeleg på at det er eit ønske om meir praksisretta undervisning, og sterkare kobling mellom teori og praksis. Denne bonuspraksisen er eit svar på dette, seier Silje Dybdahl ved Nord universitet, som per i dag leiar prosjektet.
Sterkare kobling mellom teori og praksis
I alt er 41 ferske grunnskulelærarstudentar no ute i praksis kvar einaste torsdag.
– Kvar student følger ein fast lærar og klasse, så her er det mange lærarar som også gjer ein viktig og verdifull jobb for våre studentar, seier Dybdahl.
Ordninga starta allereie andre skoleveke i august. Studentane er fordelt på fem skuler i Levanger og Verdal, medan seks av studentane har avtaler i sine heimkommunar.
– Det er stas å få være med på noko som er nytt, seier lærar Vibeke Aursand ved Skogn barne- og ungdomsskole.
Den viktigaste grunnen til at dei sa ja til å bli med på dette samarbeidet, er likevel den unike moglegheita dette er for dei framtidige lærarane.
– Dette sakna eg sjølv da eg var student. Det er noko med å vite om du har vald rett. Det er det lettare å få svar på om ein er ute i praksis over tid, seier Aursand.
Målet med bonuspraksisen er at studentane skal få betre føresetnadar for å forstå teorien som dei får undervisning i, og at dei skal få praksiserfaringar å henge den akademiske og campusbaserte undervisninga på.
– Studentane gir ofte uttrykk for at det er eit stort sprik mellom det dei lærer i undervisninga dei får på campus og det dei opplever i skulen. Det handlar gjerne om at dei manglar erfaring frå skulens verkelegheit. Vi ønsker å gi dei mest mogleg erfaring, da det vil gje dei kunnskap for praksis. Difor har vi stor tru på dette, seier Silje Dybdahl.
Skulene som deltek i denne omgang er Skogn, Frol, Nesheim, Vinne og Halsan i Levanger og Verdal kommune, samt Egge og Byafossen på Steinkjer, Botngård i Bjugn, Snåsa Montessori, Skarnsundet Montessori og Meråker skole.
– Vi blir allereie kontakta av andre skuler som også gjerne vil være med. Det er artig, seier Dybdahl.
Skal forske på prosjektet
Nord universitet skal også forske på den nye ordninga, noko som er ein naturleg del av at universitetet skal drive med forskingsbasert undervisning.
– I forskingsprosjektet vil vi prøve å finne ut av korleis bonuspraksis faktisk bidreg til å styrke profesjonell utvikling, det være seg både hos studentane og hos lærarane i skulen, fortel forskar Ole Petter Vestheim.
Lærarstudentane Sondre Moe Kvernbråten og Thomas Brocks har begge bra med lærarerfaring frå før, sidan dei begge har jobba som vikar og assistent i skulen tidlegare. Dei er einige om at ein slik bonuspraksis er bra, men kanskje først og fremst for dei som ikkje har slik erfaring.
– Eg er jo ein fattig student, og eg veit kva eg vil bli. Så for meg hadde det vore betre å jobba som lærarvikar ein dag i veka, og dermed tent pengar, seier Thomas Brocks (23) frå Trondheim, som jamvel skryt av ordninga.
Lærar Ann Hege Laurgård ser poenget deira, men er ikkje udelt einig.
– Eg tenkjer det er nyttig for alle uansett, også for dei som har noko erfaring frå før. For det er mykje dei ikkje får oppleve på skulen, som vekeplanlegging og planlegging av timar og undervisning. Her får dei sjå kva jobben går ut på i ein vanleg skulekvardag, seier ho, og får støtte av kollega Vibeke Aursand.
– Ein vanleg praksisperiode blir dessutan kanskje litt meir kunstig og rigga. Her får dei oppleve den normale skulekvardagen som den faktisk er. Det er til dømes ikkje alltid du kan følgje eit skjema minutt for minutt. Ofte må du kaste om på planen din, seier Aursand.
Her får dei oppleve den normale skulekvardagen som den faktisk er.
Vibeke Aursand, lærar
Så langt har bonuspraksisen heldt på i to månadar. Silje Dybdahl fortel at førsteinntrykket er bra, og at dei høyrer mykje positivt både frå studentane og lærarane rundt omkring i skulane.
– Studentane får knaggar å henge ny kunnskap på gjennom praksisbesøka. Det gjer det forhåpentlegvis enklare for dei å forstå teorien dei lærer i undervisninga på universitetet. Som ein av studentane sa til meg etter ein matematikk-time i første praksisbesøk; «Det var jo dette vi snakka om i undervisninga i går, Silje!». Det er eit godt døme på kva for moglegheiter for læring det ligg i ei slik ordning, seier Dybdahl.
Førebygging av praksissjokk
– At denne bonuspraksisen er fast ein dag i veka, gir både kontinuitet og førstehandserfaring. Vi trur det vil styrke moglegheitene for at studentane vil oppleve både meistring, profesjonell utvikling og tidleg forståing for læraryrket, seier Vestheim.
– Vi veit at mange lærarstudentar opplever den første praksisperioden som eit lite sjokk, sidan dei ikkje veit kva dei går til. Gjennom bonuspraksis-ordninga får dei kome ut i skulen lenge før. Det meiner vi vil være veldig verdifullt, legg han til.