Etisk ansvar når barn mobbar
Barnehagelæraren må ta i vare barn som vert mobba, men må likevel ikkje gløyma barnet som mobbar.
Mobbing er svært skadeleg – både fysisk og psykisk. Artikkelen drøftar barnehagelæraren sitt ansvar for begge partar i ein mobbekonflikt, sjølv om vi ikkje kan akseptera mobbehandlingane. Dette kan vi sjå i lys av Søren Kierkegaard sine tankar kring nestekjærleik.
Nestekjærleik
I Kjerlighedens gjerninger skildrar Kierkegaard korleis kjærleik kjem til uttrykk i handling (Kierkegaard, 2017), etter det kristne kjærleiksbodet som lyder at «du skal elska din neste som deg sjølv». Kierkegaard skil mellom eigenkjærleik og nestekjærleik. Eigenkjærleik er kjærlege handlingar retta mot dei vi er glade i. Nestekjærleiken er retta mot alle, uavhengig av relasjon. Eigenkjærleik avlar egoisme. Nestekjærleik gjer at vi kan retta blikket utover oss sjølv og inn i andre sine behov, og ta den andre sitt perspektiv. (Kierkegaard, 2017).
Kierkegaard meiner at det i alle menneske ligg noko godt frå grunnen av, lagt der av Gud. Vi må tru på og byggja vidare på det gode, for å byggja den andre opp. Å peika på det negative riv ned. Får den andre høyra gode ting om seg sjølv, vil han tru på dette. Peikar vi på det negative, vil han tru på dette (Kierkegaard, 2017). Kierkegaard ville verna om subjektet og avviste å setja den andre i bås eller kategoriar (Eidhamar et. al., 2007). Ved å handla i nestekjærleik set vi oss i uendeleg gjeld, meiner Kirkegaard. Vi har alltid noko å tapa. Den andre kan ikkje alltid yta tilbake. Vi kjenner likevel ein trong til å hjelpa, akkurat som vi forventar at andre hjelper oss. (Kierkegaard, 2017). Det vi tapar, er tilliten som den andre har til at vi kan ta i vare behova. Om ikkje barnehagelæraren møter barna i behova, vil dei mista tilliten til at vi kan vera ein trygg omsorgsperson. Vi ventar ikkje at barna skal yta tilbake når vi hjelper dei. Vi hjelper barna fordi dei gjev uttrykk for eit behov.
Mobbing før og no
Mobbing er diskutert mykje, og vi finn mange definisjonar. Fleire legg vekt på at det må vera ein ubalanse i maktforholdet mellom den som vert mobba, og den som mobbar, og at det må vera tale om negative handlingar over tid (Olweus, 1992). Andre legg i tillegg vekt på valdsaspektet (Roland & Vaaland, 1996) og brukar sterke ord som mishandling (Craig et. al., 2007).
Mobbing trer over den andre sin tillit og subjektivitet. Den som mobbar, søkjer ikkje den andre sitt perspektiv, og ser ikkje etter dei gode kvalitetane for å byggja den andre opp. Etter ei stund kan den som vert riven ned på denne måten, byrja tru på dei negative kommentarane og handlingane og kjenna seg mindreverdig.
Eldre definisjonar av mobbing har vore kritiserte for å ha eit einsidig fokus på individet. I dag ser ein mobbing som eit gruppefenomen, med vekt på dei sosiale aspekta som ligg til grunn for og held ved like mobbehandlingane (Harcourt et. al., 2015; Rambaran et., al., 2020). Lund et. al. (2017) set det inn i eit folkehelseperspektiv. God psykisk og fysisk helse fremjar læring og utvikling. Det har betyding for framtidsutsiktene, framtidige sosiale posisjonar og helse. For at barnehagen skal vera helsefremjande, må han vera inkluderande. Mobbing indikerer manglande inkludering.
Mobbing i barnehagen
Barn ned i treårsalderen kan mobba (Lund, 2015; Storey & Slaby, 2013). Det kan vera å krenkja barn si oppleving av å høyra til og deira høve til å medverke som eit subjekt (Lund et. Al., 2017). Utfordringa i barnehagen er at mobbing ofte vert oversett eller ikkje teke på alvor. Vi kan undervurdera barna sine evner til å vera stygge mot kvarandre, og bagatellisera og unnskylda handlingane med at barn må få vera barn, noko som i beste fall er ei naiv tilnærming til små barn sine sosiale prosessar. I verste fall er det eit svik mot dei barna som vert mobba (Storey & Slaby, 2013).
Barnehagelæraren må erkjenna at mobbing skjer i barnehagen og tenkja over korleis hennar treårige sjølv ville likt at vaksne reagerte om nokon var stygge med henne. Ho må òg tenkja gjennom korleis hennar treårige sjølv ville likt at vaksne reagerte når ho var stygg mot andre fordi ho ikkje visste korleis ho skulle formidla behova sine. Å forstå bakgrunnen for stygge handlingar er ikkje det same som å akseptera dei.
Barnehagelæraren sitt ansvar
Barnehagelæraren må sjå mobbing som meir enn eit individuelt problem og fremja eit miljø der barna kan utforska omverda gjennom leik og samspel (barnehagelova, 2005, § 41).
Barnehagelærarar kan utgjera ein skilnad gjennom måten vi forstår og møter mobbing på. Det sosiale perspektivet syner betydinga av å forstå det sosiale klimaet (Swearer et. Al., 2010). Mobbing og vaksne som er lite til stades, korrelerer (Craig et. a., 2000; Villancourt et. al., 2010). Å delta i leiken betyr ikkje alltid å delta aktivt, men at vi må vera nær og kopla på det som skjer i leiken. Konfliktar og årsakssamanhengar kan gå under radaren, om ikkje barnehagelæraren er merksam.
Å utnytta leikesituasjonar til andre ting kan freista i ein travel kvardag med mange krav, men i Kierkegaard sitt etiske motlys er dette å vera styrt av eigenkjærleik. Vi ilar av garde for å rekka vår eigen agenda, framføre å sjå inn i barna sine behov. Barnehagelæraren må skapa ein kultur der vi fordeler oss jamt blant barna for å sjå kva som rører seg i leiken.
Ansvar for kven?
Barnehagelæraren må ha fokus på den som vert mobba. Mobbing har alvorlege og livslange konsekvensar (Breivik et. al., 2017; Harcourt et. al., 2015). Vi må likevel ikkje gløyma barnet som mobbar. Vi skal ikkje akseptera handlingane, men vera medvitne om behova og kjenslene bak.
Hareide (2004) spør om den som mobbar, har vorte gjord usynleg som subjekt når vi diskuterer mobbing. Å ikkje ta behovet bak mobbehandlingar alvorleg kan riva ned den som mobbar. Når barna erfarer å verta definerte ut frå dei negative sidene, kan dei negative handlingane verta forsterka.
Når vi ikkje forstår, ignorerer vi rammeplanen sine føringar: «Barnehagen skal bidra til at barna trivst og opplever livsglede, meistring og ei kjensle av eigenverdi, og han skal førebyggje krenkingar og mobbing» (Utdanningsdirektoratet, 2017, s. 11). Utan å gje barn som handlar uakseptabelt, alternative måtar å reagera på, kan vi ikkje forventa endring. Barnehagelæraren har ansvar for begge partar. Barnehagelæraren må skilja mellom mobbehandlingane og medmennesket bak. Karakteristikkar av den som mobbar som ond eller sadistisk, objektiverer og syner eit paradoks. Alle kan vi gjera gruvsame ting, men berre eit fåtal av oss har dette som ein del av personlegdommen. Å opne for kva som ligg bak, er ikkje å akseptera.
Kierkegaard ville ikkje setja den andre i bås eller kategoriar. Å karakterisera barn som mobbarar på bakgrunn av korleis dei handlar, objektiverer. Vi byggjer ikkje barn opp ved å peika på dei negative kvalitetane. Barn som mobbar, har rettar som menneske sjølv om dei opptrer uakseptabelt (barnekonvensjonen, 1989, art. 40). Barnehagelæraren må tru at bak mobbehandlingane ligg det noko godt som vi kan byggja barnet opp med.
Forstå samanhengen
Barn som mobbar, treng hjelp til å stogga handlingane og vaksne som forstår samanhengen mellom handling, åtferd og kjensler. Åtferdsregulerande tiltak er ikkje nok. Dei gjev ikkje barnet innsikt i eigne kjensler og barnehagelæraren innsikt i barnet si oppleving. Ei kjenslefokusert tilnærming treng ikkje vera ein motsetnad til eller koma i staden for åtferdsregulerande tiltak (Lund & Helgeland, 2018). Artikkelen har drøfta mobbing og korleis barnehagelæraren kan ta i vare begge partane i ein mobbekonflikt, i lys av Søren Kierkegaard sine tankar kring nestekjærleik, i Kjerlighedens gjerninger.
Litteraturhenvisninger
Barnehagelova (2005). Lov om barnehager (LOV-2005-06-17-64). Lovdata. https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2005-06-17-64
Barnekonvensjonen. (1989). Konvensjon om barns rettigheter (20-11-89). Lovdata. https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1999-05-21-30/KAPITTEL8#KAPITTEL8
Breivik, K., Bru, E., Hancock, C., Idsø, E. & Solberg, M. (2017). Å bli utsatt for mobbing. En kunnskapsoppsummering om konsekvenser og tiltak (Læringsmiljøsenteret-rapport) (udir.no)
Craig, W.M., Pepler, D. & Atlas, R. (2000). Observations of bullying in the playground and in the classroom. School psychology international, 21 (1), 22–36.
Craig, W., Pepler, D. & Blais, J. (2007). Responding to bullying. What works? School psychology international, 28 (4), 465–477.
Eidhamar, L.G., Leer Salvesen, P. & Hølen, V. (2007). Den andre. Etikk og filosofi i skolen. Høgskoleforlaget, 2. utgave.
Harcourt, S., Green, V.A. & Bowden, C. (2015). «It is everyone's problem»: parents’ experiences of bullying. New Zealand journal of psychology, 44 (3), 4–17.
Hareide, D. (2004). En kritisk beretning om «Den store nordiske mobbekrigen». Skolepsykologi, 6, 17–40.
Kierkegaard, S. (2017). Kjerlighedens gjerninger. Gyldendal. Utgjeve og bearbeidd av Niels Jørgen Cappelørn.
Lund, I. (2015). «De er jo bare barn». Om barnehagebarn og mobbing. Pedlex.
Lund, I., Helgeland, A. & Kovac, V.B. (2017). På vei mot en ny forståelse av mobbing i et folkehelseperspektiv. Acta didactica Norge, 11 (3), Art. 5, 1–19.
Lund, I. & Helgeland, A. (2018). Samarbeid mot mobbing i barnehagen. Pedlex.
Olweus, D. (1992). Mobbing i skolen. Kva vet vi og kva kan vi gjøre. Universitetsforlaget.
Rambaran, J.A., Dijkstra, J.K. & Veenstra, R. (2020). Bullying as a group process in childhood: a longitudinal social network analysis. Child development, 91 (4), 1336–1352.
Roland, E. & Vaaland, G.S. (1996). Mobbing i skolen. En lærerveiledning. Kirke- utdannings- og forskningsdepartementet.
Storey, K. & Slaby, R. (2013). Eyes on bullying in early childhood. Eyes on bullying education development center. http://preventingbullying.promoteprevent. org/preventing-bullying-in-early-childhood
Swearer, S.M., Espelage, D.L., Villancourt, T. & Hymel, S. (2010). What can be done about school bullying? Linking research to educational practice. Educational researcher, 39 (1), 38–47.
Utdanningsdirektoratet. (2017). Rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver. https://www.udir.no/laring-og-trivsel/rammeplan-for-barnehagen/
Villancourt, T., Brittain, T., Bennett, L., Arnocky, S., McDougall, P., Hymel, S., Short, K., Sunderani, S., Scott, C., Mackenzie, M. & Cunningham, L. (2010). Places to avoid: population-based study and student report of unsafe and high bullying areas at school. Canadian journal of school psychology, 25 (1), 40–54.