Kva betyr det å skulle undervise i livsmeistring på tvers av fag i skulen? Å ta ansvar for dei unges psykiske helse? Eller å ta endå meir ansvar for skulen sitt danningsoppdrag og elevanes identitetsutvikling? Forskar Ole Andreas Kvamme reflekterer rundt temaet.

─ Sjølv om ordet livsmeistring verkar nytt i skulen, er det å meistre livet noko som har vore vektlagt av lærarar lenge.

I skulen sin føremålsparagraf frå 2008, som framleis er gjeldande, heiter det at elevane «skal utvikla kunnskap, dugleik og haldningar for å kunna meistre livet sitt og for å kunna delta i arbeid og fellesskap i samfunnet».

─ Så er det likevel sånn at eit verb er noko anna enn eit substantiv – med ordet livsmeistring er det ikkje berre snakk om ein prosess, det har vorte til eit undervisningstema i skulen. Ei utfordring kan vere å finne attende til verbet.

Det seier Ole Andreas Kvamme. Han er førsteamanuensis ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking ved Universitetet i Oslo og forskar blant anna på etikk og berekraft i skulen.

Må skulen handtera den psykiske helsa til ungdom?

─ Biletet er ikkje heilt eintydig, men tendensen er at livsmeistring i læreplanverket LK20 er forbunden med ein samfunnssituasjon der den psykiske helsa til ungdom får auka merksemd. Og skulen får no i oppgåve å handtera dette, seier Kvamme.

Ole Andreas Kvamme forskar på etikk og skulens danningsoppdrag (foto: Shane Colvin/UiO).

─ Livsmeistring har ei forankring i psykologi og meistringsstrategiar som kjem derfrå, samtidig som skulen sitt rom er pedagogisk og ikkje psykologisk.

Kva dette skiljet inneber, blir no viktig å avklara, poengterer han.

Utfordringa har allereie ført til diskusjon i allmenta.

─ Det har til dømes vore reist spørsmål om omgrepet livsmeistring frikoplar barn og unge sine livsproblem frå moglege årsaker som ikkje er individuelle, men heller strukturelle, både innanfor og utanfor skulen.

Dette vart tatt opp av Ole Jacob Madsen i boka Livsmestring på timeplanen frå 2020, og har vore diskutert av andre.

─ I analysane våre av det nye læreplanverket L20 (ein del av forskingsprosjektet EVA2020, sjå lenger nede) har vi funne døme på at livsmeistring blir kopla til samarbeid og fellesskap.

Samstundes blir omgrepet knytt til at elevane tar gode livsval knytt til eiga helse, noko som opplagt legg eit ansvar på individet, fortel Kvamme.

─ Dette kan det jo vera gode grunnar for, men individperspektivet blir problematisk viss samfunnsperspektivet er fråverande, seier han.

Skulen kan legge til rette for danning

Kva med skulen sitt danningsoppdrag?

─ Danning handlar om å bli eit subjekt i samspel med andre. Dette kan ingen bli tvinga til, men skulen kan legge til rette for at det skjer, seier Kvamme.

Han poengterer at dette kan hende overalt, og i mange tilfelle er andre danningsarenaer viktigare enn skulen:

─ Danningsoppdraget reiser ei rekke spørsmål, som kva slags arbeidsmåtar og kva for eit faginnhald som fremmar danning, og det er òg knytt til paradokset det er å leia andre til fridom og sjølvstende, fortel han.

I ei masteroppgåve frå 2020 av Hanne Gramsett på Lektorprogrammet ved UiO, intervjua ho lærarar i KRLE-faget i ungdomsskulen. Dei knyter livsmeistring til elevane sin danningsprosess.

Ein av lærarane forstår det som at «elevane kan knyta kunnskapen dei får til eige liv. Skulen skal vera ein stad dei kan veksa, og finna ut kven dei er.»

Ein annan skildrar livsmeistring som ein motsats til prøveregimet i skulen. Det skal få elevar og lærarar «til å forstå at skulen òg handlar om danning, altså identitetsutvikling.»

─ I desse intervjua kjem det òg fram ein skepsis til koplingar mellom meistring og prestasjonskultur. Lærarane er samstemde om at det er avgjerande å anerkjenna at ein ikkje meistrar alt, og at det viktigaste er å vere bra nok, seier Kvamme.

─ Sjølv har eg interessert meg for eit kritisk danningsomgrep. I dette perspektivet vil livsmeistring handle om noko meir enn å tilpasse seg gitte rammer, men om å kritisk undersøke om desse rammene legg grunnlaget for gode liv, og korleis kritikkverdige tilhøve kan endrast, fortset han.

Eit slik normkritisk perspektiv er det døme på nokre stader i det nye læreplanverket, men det er ikkje det som dominerer.

─ Danning handlar om å bli eit subjekt i samspel med andre og skulen kan legge til rette for at det skjer.

Samanhengar mellom dei tverrfaglege temaa i ei verd som ikkje er berekraftig

I ei evaluering av det nye læreplanverket i prosjektet EVA2020 leia av professor Berit Karseth, har eg saman med Karseth og professor Eli Ottesen sett nærmare på dei tverrfaglege temaa og korleis dei er posisjonert i dei nye læreplanane.

Her heiter det at desse temaa skal vere overordna, knytte til samfunnsutfordringar som er aktuelle over tid og forankra i skulen sin føremålsparagraf.

Livsmeistring er ikkje det einaste temaet som no er innført i norsk skule, men det skjer saman med to andre tverrfaglege tema, demokrati og medborgarskap og berekraftig utvikling. Kva er forholdet mellom dei?

─ Det er samanhengar mellom dei tre temaa. Mesteparten av mi eiga forsking er knytt til berekraft og utdanning, og i dette perspektivet blir samanhengane tydelege, påpeikar Kvamme.

Eit døme er skulestreikane for klimaet som eg studerte i ein artikkel i 2019 . Dei vaks som kjent fram hausten 2018 i Sverige etter ein svært varm sommar, og seinare vart det til ei sosial rørsle i mange land inntil koronapandemien flytta fokus.

─ Klimastreikane hadde bakgrunnen sin i klimakrise og miljøkrise – altså knytt til ei verd som ikkje er berekraftig. Men rørsla kan òg forståast som forsøk på å finna form til kjensler som uro, bekymring og sinne, som er relevant for livsmeistring, forklarar Kvamme.

Og dei er uttrykk for ein demokratisk mobilisering, med andre ord knytt til demokrati og medborgarskap.

Han held fram:

─ Dette handlar om å møte ei framtid der levevilkåra på kloden blir forverra på grunn av forhold som er menneskeskapte og dermed i utgangpunktet kan unngåast.Truslane mot livet gjeld òg folkehelse.

I dette perspektivet er livsmeistring òg eit politisk omgrep.

─ Men slik det er no, er samanhengar mellom dei tre tverrfaglege temaa ikkje synleggjort i det nye læreplanverket. I nokre tilfelle kan det vera heilt greitt å arbeida med temaa kvar for seg. Ofte vil det vera eit poeng å sjå dei i samanheng, avsluttar Kvamme.