Studentar fekk forske på effekten av demokrativerkstaden på Utøya
Korleis reflekterer skuleelevane om demokrati etter tre dagar på Utøya sin demokrativerkstad? Det er eitt av spørsmåla tre masterstudentar i pedagogikk utforska i emnet «Forskingsforum».
Studentane har analysert dei såkalla «endringshistoriene» som ungdomsskuleelevar har skrive etter at dei har delteke på læringstilbodet på øya som var åstad for terroråtak 22. juli 2011.
– I tekstane fortel dei aller fleste elevane at demokrativerkstaden har endra korleis dei tenkjer om demokrati. Men elevane har endra seg på ulike vis – nokre meir i djupna enn andre, fortel masterstudent Hedda Sørensen.
Medan nokre av elevane først og fremst har auka kunnskapen sin om demokratiet, melder andre om at dei i tillegg handlar annleis enn tidlegare:
– Dei har byrja undersøkje medlemskap i politiske parti eller vorte tøffare til å seie ifrå når dei opplever urett, seier Sørensen.
Studentane skreiv rapport med innspel til dei ansvarlege
I prosjektet samarbeidde Sørensen med medstudentane Idil Siid og Sofie Lahn-Johannessen. Alle tre er masterstudentar i pedagogikk, på fordjupinga Utdanning, danning og oppvekst.
Prosjektet munna ut i munnleg eksamen i emnet «Forskingsforum» og i ein rapport der dei gjev konkrete innspel til korleis eigarane kan utvikle tilbodet vidare.
Rapporten vart levert til Det Europeiske Wergelandsenteret. Senteret driv demokrativerkstaden saman med 22. juli-senteret, Utøya og Raftostiftelsen.
– Det er kjekt å sjå at den kompetansen vi har fått i studiet, kan nyttast til noko heilt konkret av nokon utanfor akademia, seier masterstudent Idil Siid.
Rapportane frå studentane bidreg ifølgje Wergelandsenteret til at dei får større innsikt i kva elevane er opptekne av og kva dei sit igjen med etter opplegget.
– Dei små forskingsprosjekta til studentane hjelper oss å forbetre og vidareutvikle læringstilbodet, fortel seksjonsleiar Ingrid Aspelund ved senteret.
Høyr Ingrid Aspelund og fleire i podcasten Kan demokrati læres?
Kom tett på elevane gjennom datamaterialet
For masterstudentane var arbeidet med endringshistoriene eit spennande første møte med forskingsliknande arbeid.
– Då vi las og jobba med endringshistoriene til elevane, kjende vi at vi var med på noko viktig. Eg synest vi er heldige som fekk tilgang til dette materialet, seier masterstudent Sofie Lahn-Johannessen.
– Det var interessant å få sjå kva elevane tenkjer om så tunge tema som terrorisme, fortel Idil Siid.
Prosjektet har gjeve masterstudentane eit klårare bilete av korleis forskingsmetodane verkar inn på forskingsfunna.
– Endringshistoriene kjendest veldig ekte og tett på røynda, samanlikna med tal og statistikk. Samstundes merka vi at historiene reiste fleire spørsmål som vi ikkje kunne svare på. Kanskje kunne ein ha svara på dei om ein hadde intervjua elevane, seier Hedda Sørensen.
Tek med seg erfaringane over til masterarbeidet
Studentane tek med seg erfaringane frå prosjektet når dei no skal planlegge masteroppgåvene sine.
– Vi har fått øvd oss på å sette grenser for oppgåva, seier Lahn-Johannessen.
– Eg har nok blitt betre på å halde den raude tråden gjennom ei lengre oppgåve, slik at eg svarar på problemstillinga, legg Siid til.
I emnet «Forskingsforum» får alle masterstudentane i Utdanning, danning og oppvekst gjere eit lite forskingsprosjekt.
– Arbeidet i dette emnet har vore heilt annleis enn i dei andre emna på studiet. Når ein sit på lesesalen med pensumartiklar og teori, kan det vere vanskeleg å sjå føre seg nytta. I dette emnet har vi kopla teorien til samfunnet, seier Sørensen.
Prosjekta koplar studiar, forsking og samfunn saman
Resten av studentane på emnet har jobba med tre ulike prosjekt:
Nokre har bidrege med ein forstudie til PlatFams-prosjektet, der dei har undersøkt kva for digitale plattformer eldre nyttar når dei samhandlar med barnebarna.
Andre har vore knytt til POLNET-prosjektet, der dei har fått undersøkje korleis Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) verdset læreplanar frå ulike land.
Studentane i det tredje prosjektet har vore med på eit pågåande arbeid med de pedagogiske boksamlingane til Universitetsbiblioteket på Universitetet i Oslo.
Emneansvarleg Kirsten Sivesind fortel at studentprosjekta er direkte kopla til forskinga til tre forskingsgrupper ved Institutt for pedagogikk.
– Studentane gjer konkrete forskingsoppgåver i pågåande forskingsprosjekt eller prosjekt som er i startgropa. Det skapar tettare band mellom studentane, oss forskarane og samarbeidspartnarar i samfunnet kring oss, seier Sivesind.
Endrar på dei tradisjonelle rollene til student og førelesar
Sivesind fortel at studentane gjer forskinga rikare. Mellom anna gjev dei innspel om kva ein burde forske på i framtida.
– Som forskarar tenkjer vi ofte på studentar som ei viktig målgruppe, men i dette emnet endrar vi på rollene: Studentane vert samarbeidspartnarane våre og aktive deltakarar i forskingsprosjekta. Og så får dei sjølvsagt rettleiing.
I prosjekta legg ein opp til at studentane skal få erfare forskingsmetodar som dei kan mestre. Dei får trene på skriftleg rapportering og munnleg framføring av funna.
– Denne kompetansen er gull verdt, både når dei skal gå i gang med masteroppgåva og når dei skal ut i arbeidslivet, seier Sivesind.
Demokratiopplæring finn stad både i og utanfor skulen. Denne teksten er ein del av Det utdanningsvitskapelege fakultet sin temaserie om demokrati.