Det går ein diskusjon om ein bør endre spesialpedagogen si rolle og spesialpedagogisk praksis. Mange har tatt til orde for at ein i større grad enn det som har vore vanleg tidlegare, skal gje den spesialpedagogiske støtta i ordinær barnegruppe, på avdeling, for å ta i vare idealet om inkludering. I denne artikkelen vert det drøfta ulike perspektiv på korleis vi kan forstå og omsetje inkludering i praksis.