Rettleiing av lærarar. A little less conversation, a little more action, please!
─ Dei forskingsbaserte verktøya kan gjere rettleiinga meir konkret og meir rett på sak, seier lærar med brei erfaring. Men er det her løysinga til rekrutteringskrisa finst?
Tove Seiness Hunskaar og Ingeborg Øvern deler av kunnskap og erfaringar om korleis ein kan forbetre rettleiinga. Hunskaar er stipendiat ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking. Øvern er lektor i norsk og historie ved Hartvig Nissens vidaregåande skule i Oslo.
─ Det er viktig å gi nyutdanna gode opplevingar tidleg, men kanskje også førebu dei på at ikkje alt kan lærast på lærarutdanninga, men må lærast i yrket. Og der kjem god rettleiing av nyutdanna lærarar inn, seier Hunskaar.
Kan betre rettleiing løyse rekrutteringskrisa til læraryrket?
Både Hunskaar og Øvern er samde om at det er viktig å ruste dei nye lærarane for ein krevjande kvardag.
For det er mange forventingar til nye lærarar, og desse må i større grad avklarast, seier dei to.
─ Det kan også vere hensiktsmessig at det vert gitt ein enklare start for dei nye lærarane ved skulane, seier Hunskaar. Kanskje dei «gamle ringrevane» kan ta dei mest utfordrande klassane?, spør ho.
─ Vi lærarar er sårbare og gjer feil heile tida, og det må vi vise dei nye lærarane. Og vi som jobbar på skulane må ta eit felles ansvar for dei nye lærarane som kjem til skulen, seier Øvern.
─ Vi lærarar er sårbare og gjer feil heile tida, og det må vi vise dei nye lærarane.
Kven er mentor for mentorane?
Hunskaar utdjupar kven som skal ta ansvar for å gjere nye lærarar førebudd på det som kjem.
─ Det er relevant å spørje seg om kven som er mentor for mentorane, altså kven er det som rettleier dei som sjølv skal rettleie dei nye lærarane?
Forskaren trekk fram universitets- og partnarskulesamarbeidet som særleg viktig, der ei rekke skular har forplikta seg til å jobbe med forskings- og utviklingsarbeid knytt til praksisopplæringa av lærarar.
Forskingsbaserte verktøy for rettleiing
For å gjere rettleiinga meir konkret kan samtaleverktøy vere til hjelp.
Hunskaar og forskarkollegaene har utvikla ei rekke slike verktøy i prosjektet «Verktøy for veiledning».
Til dømes avgjerdssimulatoren. Her kan nye lærarar få testa seg på ulike utfordrande situasjonar ein kan møte på i klasserommet.
Øvern har bidradd med sine erfaringar og fortel om korleis den kan nyttas på ein konkret måte i rettleiingssamtalar.
Råd til deg som skal rettleie
Kva vil dei to erfarne mentorane råde deg som skal rettleie anten ein ny kollega eller lærarstudent i praksis til?
− Det er viktig for mentorane å skilje mellom undervisning og rettleiing av lærarstudentar og nyutdanna lærarar, som jo er vaksne og meir som kollegaer å rekne, seier Hunskaar.
Øvern trekker fram at det er viktig å vere tydeleg på kva ein forventar av rettleiingssamtalen, og stiller spørsmålet om kva slags forventningar begge partar har til samtalen.
− Det kan også vere smart at dei som er mentorar på skulen kan samarbeide litt og utveksle erfaringar, seier Øvern.
Ho tilråder også boka Konstruktive hjelpesamtaler av Cato Bjørndal , som er relevant og tydeleg på dei ulike verktøya som ein kan nytte seg av.
Høyr episoden:
Gjester i episoden er Tove Hunskaar, stipendiat ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking og Ingeborg Øvern, som er lærar i historie og norsk ved Hartvig Nissens vidaregåande skule i Oslo.
Programleiar og research ved Magnus Heie. Teknisk produsent er Sunniva Raknes.